Wednesday, October 29, 2014

Fire byar, tre kyrkjer og ein shintoheilagdom på éin dag

Det er ikkje ofte eg har overnattingsbesøk, men når det først skjer, så blir det mange på ein gong. Første pulje var viktige personar i misjonen. Stedlig representant Gunnar Urstad (t.v. ved oppvaskbenken) hadde med seg den nye misjonssekretæren vår, Ole Morten Stavland, på ein introduksjonsrunde på feltet. Dei tok frivillig oppvasken etter kveldsmaten sist onsdag.
Avtroppande misjonssekretær Magne Gillebo var på sin siste runde i Japan, og leverte stafettpinnen til Ole Morten. Magne lova å ta oppvasken etter frukost neste morgon, noko han også gjorde. Det er veldig greitt å ha slike gjestar!

Torsdag var vi på farten frå morgon til seint om kvelden. Fire byar med tre kyrkjer og eit shintotempel fekk vi besøkt.
Her er vi på bønnemøte i Arashima på føremiddag, der eg tolka for gjestane. Gunnar kunne godt ha gjort det, men han insisterte på at eg skulle hjelpe til. (Foto: Aika Ishimaru)

Kyrkjepresident Matsumura kom og plukka oss opp i Arashima. Etter ein god lunsj var neste stopp Izumo kyrkje, der evangelist Seima hadde skrive velkomst på engelsk. Eitt mål var å vise oss kyrkja og arbeidaren der, men eit anna mål var å vise gjestane avgudsdyrkinga ved den kjende shinto-heilagdommen i byen, som er ei utfordring for kyrkjene i området her.

Dei to japanarane gjorde så godt dei kunne for å svare på alle rare spørsmål frå utlendingane. Og eg prøvde å tolke så godt eg kunne. Matsumura fortalde korleis han brukte å gå i shintoheilagdomen før han vart ein kristen.
Mange går i shinto-templet utan eigentleg å vite kva eller kven dei tilber, meiner pastor Matsumura.

Inne i dette bygget skal visst det "aller heilagste" vere, der berre shintopresten kan gå inn. Dei andre må stå utanfor og be vendt mot rommet der hovudguden er.
Her står det kva retning ein skal vende seg og korleis ein skal påkalle guden.

Dette treet er fullt av bønnelappar, eller spådomslappar som folk kjøper.

Her er ikkje porten trang og vegen smal. Shintoismen har plass til alle, og der er millionar av gudar. Men ingen frelsar...
Månaden oktober heiter på gammalt i området her "månaden med gud", men i andre delar av landet heiter det "månaden utan gud". Det heng saman med at i oktober samlast alle gudane frå heile landet i det store Izumo Taisha.

Utanfor shintoporten såg gutane noko interessant. Men kaffien tok vi då vi var tilbake i Izumo kyrkje.

Her har vi forlatt Izumo igjen, har køyrt gjennom Matsue og Yasugi (der Arashima ligg), og er no i den fjerde byen, Yonago. Her serverte folk i kyrkja litt av eit måltid, av alle mulige delikatesser. Eg forstår godt at Matsumura hadde det travelt med å komme tilbake, for å gi oss god tid til å nyte maten før møtet vi skulle vere med på om kvelden.
Grunnen til papp-veggen i bakgrunnen er ikkje at vindauga er knuste, men fordi naboar har klaga på bråk når borna er på søndagsskule her. Så det er rett og slett lydisolering!
Gjestane sette pris på den japanske maten. Men då japanarane fekk sjå bilete av "typisk norsk mat", vart dei litt meir skeptiske...
Gunnar viser presteparet korleis "smalahove" ser ut. Typisk norsk mat???


Det vart ein lang dag, med besøk i tre byar og overnatting i ein fjerde by. Dagen etter køyrde gjestane til Tottori, før vi møttest på Hiruzen Bible Camp om kvelden. I helga hadde vi ei fin misjonærsamling med fellesskap og samtale om strategi og framtidsvisjonar for arbeidet i Japan.

 
 Det er haust på Hiruzen, med flotte fargar. Her er nokre glimt.









Etter å ha rydda og vaska sengklede etter dei første gjestane, er det no klart for neste gruppe. Dei sit no på flyet til Japan. Det er to representantar frå russen på Vestborg vgs og to frå Lundeneset vgs. Dei skal vere med meg frå torsdag kveld til søndag for å samle informasjon og bli inspirerte til å motivere medelevar til ein innsats for russeprosjekta, som denne gong er barne-og ungdomsarbeid og media-arbeid i Japan.

Eg har fullt opplegg for dei her, så eg får håpe dei er sporty og kjem seg opp om morgonen ;) Etter å ha jobba som internatleiar på Vestborg, veit eg av erfaring at det er ikkje det enklaste for ein internatelev...

No comments:

Post a Comment