Monday, October 20, 2014

Den tørre døypefonten

- Er det nattverdelementer i det begeret? Det var kommentaren frå min tidlegare bibelskulelærar då eg la ut dette biletet på Facebook søndag ettermiddag.
Nei, det er verken nattverdskalk eller beger for nattverdelement, men rett og slett ei skål for dåpsvatn. Kan vi kalle det døypefont, sjølv om det ikkje liknar på døypefonten i ei norsk kyrkje?

Det var eigentleg dei fine blomstrane eg ville ta bilete av før gudstenesta i Matsue sist søndag. Vanlegvis sit eg ikkje så langt framme, men sidan eg skulle preike, sat eg på fremste benk denne morgonen. Kvar søndag er der nye blomster på bordet, men denne dagen synest eg dei var ekstra fine, lyst opp av sola som kom inn gjennom vindauget.

Kvar søndag blir også duken over døypefonten tatt av. Presten meiner det skal invitere til dåp, men eg trur folk flest eigentleg ikkje veit kva slags beger dette er. Iallfall ikkje dei som ikkje er døypte, og som aldri har sett døypefonten i bruk. 

Og det er faktisk ei god stund sidan det har vore vatn i døypefonten. Kan det vere påska for 2 1/2 år sidan, då? Vi hadde ein dåp i påska i fjor, men det skjedde i sjøen, og der var det iallfall nok vatn.

I påska 2012 vart ein ung mann døypt. Etter det har ikkje døypefonten blitt brukt. Barnedåp er enno meir sjeldan enn vaksendåp her. Det har fleire grunnar. I kyrkja er der få medlemmer i "produktiv alder", så då blir det heller ikkje så mange babyar. To som er blitt fødde etter at eg kom tilbake til Matsue i 2010, har kristen mor, men faren gir henne ikkje lov til å bere dei til dåpen. Og ein annan familie har baptist-bakgrunn og har enno ikkje fått eit luthersk dåpssyn. Og dei ikkje-kristne går i Shinto-templet for å få babyane sine velsigna. 

Sidan det ikkje er mange barnedøypte, blir det også sjeldan det er konfirmasjon. Og ofte er det ein eller to i gongen. I Aotani kyrkje i Kobe har dei nettopp hatt konfirmasjon med tre konfirmantar, og det kan vi vel rekne som eit stort kull...
 Her ser vi konfirmantane i Aotani kyrkje 12. oktober. To av jentene er 13 år, og den tredje er 12 1/2. Eg spela forresten brudemarsjen då foreldra til jenta i midten gifta seg. (Foto: Tomoko Matsuda)

Sjølv om det har vore "dåpstørke" i Matsue, skjer det heldigvis litt andre plassar.
Sist søndag var det barnedåp i Tottori, i den kyrkja eg arbeidde i første perioden. Eg har fått lov av mor til dåpsbarnet å legge ut dette biletet. Far til barna kjenner eg sidan han gjekk på ungdomsskulen.


Det finst heldigvis framleis unge, kristne familiar som vil bere barna sine til Jesus og oppdra dei i den kristne trua. Begge foreldra har også vakse opp i ein kristen heim.

 Dette biletet er frå Izumo kyrkje i mars i år. Det siste pastor Maekawa fekk gjere før han flytta over til Aotani kyrkje, var å døype denne kvinna, som hadde gått i kyrkja i mange år.

Skal tru når vi får fylle vatn i døypefonten i Matsue kyrkje, igjen? I Arashima er det også "tørke" for tida. Vi har nokre "på kroken", men ingen kan bli tvinga til dåp. Det må vere kvar enkelt som svarer på kallet ifrå Jesus. Men du som ber til Gud, veit du iallfall kva du kan be for.

Til slutt vil eg ta med nokre glimt av ting som eg observerte sist søndag.


Klokka 8.50 på søndags morgon var det kø utanfor biblioteket. Skuleungdom er tidleg oppe for å lese. Dei får meir arbeidsro på biblioteket enn heime. Men det var inga kø framfor kyrkja då eg kom dit nokre minutt seinare...



På veg heimover etter kyrkjetid var det fullt liv i gatene med den årlege trommefestivalen.


Til og med ein hund var kledd opp i festivaldrakt.


INTERNASJONAL KVELDSGUDSTENESTE
Om kvelden var det ny gudsteneste, og eg hadde samme preika som på morgongudstenesta, berre på engelsk denne gongen.
Også denne kvelden var fleire ikkje-kristne med. Vil du be om at vi snart kan få bruk for døypefonten igjen?

Det ser ut som om både stemninga og trivselen er bra. Dei fleste her er japanarar, men her er også folk ifrå Korea, USA, Salomo-øyane og Kenya.



No comments:

Post a Comment