Tuesday, May 27, 2014

Samla dykk ikkje skattar på jorda...


 "Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel."
Matt. 6,19


Misjonærar er som flyttfuglar som kjem og fer, og oftast kjem tilbake. Og misjonærar har mykje jordisk gods som det både er upraktisk og ulønsamt å ta med seg halve jorda rundt. Difor har vi eit lager for misjonærbagasje på Hiruzen Bible Camp. Der kan vi oppbevare møblar og andre ting som kan stå der og vente på oss til vi kjem tilbake.
Men det hender at det ikkje går slik ein har planlagt. Eitt år blir til to - fem eller kanskje ti. Årsakene kan vere mange. Sjukdom eller andre forhold i familien kan vere avgjerande, eller kanskje har Gud opna nye dører i heimlandet.
Kva skjer då med bagasjen på lageret? Etter avtale med eigarane hadde vi i går dugnad på lageret, der vi rydda og kasta. Og vi fann litt av kvart. Mykje var øydelagt etter mange fuktige somrar på lageret, men vi fann også brukande ting. Ei av medlemmene i Hiruzen kyrkje driv ein liten gjenbruksbutikk ved kyrkja, og ho tok gjerne imot alt ho kunne få. Til gjengjeld stilte ho med ein stor lastebil og hjelpte oss å køyre på søppelmottaket, der vi måtte hjelpe til med nøyaktig kjeldesortering. Det var visst ikkje ofte dei måtte ta imot så mykje på éin dag.
Her er nokre glimt ifrå dagen:

 Det er ikkje alltid lett å bestemme kva som er verd å ta vare på og kva som må kastast.
 (Foto: Johanna Tervonen)

Denne lille "pick-up"-bilen til leirstaden viste seg å vere altfor liten. I tillegg kravde dei på søppelmottaket at ting ikkje kunne vere meir enn 60 cm langt, så då måtte ein ta motorsaga til hjelp.

Eller kanskje ein hammar kan nytte, også.

Denne dama fann ei kasse med sitt eige namn på, godt låst med to hengelåsar. I mangel på nøklar fungerer saga bra. Og dama, som sikkert vil vere anonym, er veldig spent på kva ho har oppbevart på lageret i omtrent ti år:

Men der var det ganske tomt, rett og slett! Sjølv om det er ei anna årstid, går tankane  til songen med dette refrenget: "Men innhold er viktig, du tenker helt riktig: Det blir ingen jul uten Jesus!"

Vi har mange dyktige kvinner blant oss, men ho som pakka på lasteplanet i regnet, fortener premie. Heldigvis hadde ho med tørre klede å skifte til etterpå.

Då er vi klare for neste levering. Eg fylte også opp i min eigen bil så mykje som eg fekk plass til, og køyrde etter den blå bilen.

Då er vi framme ved mottaket, og bilen går på vekta med bagasjen. Etter avlessing blir vekta notert igjen, og så betaler ein pris pr kg søppel.

"Samla dykk ikkje skattar på jorda," seier Jesus. Det var dessverre mange jordiske skattar som gjekk på søpla i går. Men har vi ein skatt i himmelen, treng vi kanskje ikkje å sørgje så mykje over alt som gjekk tapt her.

Litt fekk eg også med meg heim: M.a. fire kassettar, nokre fine plastpermar, synåler som ikkje var rusta (i motsetning til mine eigne nåler som alle er rusta), ein heklarkrok (kjekt å ha?), ei japansk barnebok om Jesus (nyttig gjenstand for ein Japanmisjonær), ein Nagano-OL-kopp og eit CD-stativ. Dessutan ei ekstra kanne for parafin og ein elektrisk varmeomn. Kjekt å ha til vinteren.
Eg gløymde visst å fortelje at eg også arva eit elektrisk toalettsete av tidlegare misjonærar. Varmt dosete til vinteren er heller ikkje å forakte!

Så håper eg at andre slepp å rydde opp i mine ting ein vakker dag...

"Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt også vera."
Matt.6, 20-21


2 comments:

  1. Livet som misjonær vert visst aldri kjedeleg. Eg kom på denne songen frå skuletida:

    Ingerid Sletten av Sillejord

    Ingerid Sletten av Sillejord
    hadde hverken sølv eller gull,
    men en liten hue av farget ull
    som hun hadde fått utav mor.

    En liten hue av farget ull,
    hadde hverken stas eller for,
    men fattig minne om far og mor,
    der skinte langt mer enn gull.

    Hun gemte huen i tyve år,
    måtte ikke slite den ut!
    “Jeg bærer den vel engang som brud,
    når jeg for alteret går”.

    Hun gjemte huen i tredve år,
    måtte ikke skjemme den ut!
    “Så bærer jeg den så glad som brud
    når jeg for Vårherre står.”

    Hun gjemte huen i førti år,
    hugsede ennå på sin mor.
    “Vesle min hue, for visst jeg tror
    vi aldri for alteret står.”

    Hun ganger for kisten at tage den,
    hjertet var så stort derved;
    hun leter frem til dens gamle sted,
    da var der ikke tråden igjen.

    Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson. Melodi: Rikard Nordraak

    ReplyDelete
    Replies
    1. Ja, eg hugsar også denne songen frå musikkboka, men hugsa visst berre første verset.
      Eg har kanskje ikkje gitt opp håpet om "å stå for alteret" enno, men eg har ikkje noko hue...
      Kjedeleg misjonærliv? Å, jau, det finst slike dagar også...

      Delete