Saturday, February 8, 2014

Blomstrar i Guds hage

Eg er glad i blomster, og liker å ta bilete av blomster, men det er sjeldan eg kjem på å spandere noko på meg sjølv. Men sist måndag var eg lei av å sjå på dei tomme blomsterkassene der det berre grodde ugras. For ugras veks også om vinteren her. For ein liten penge fekk eg kjøpt desse søte blomstrane og planta dei ut.
Dagen etter snødde det igjen, men ikkje verre enn at blomstrane overlever. Dei stod truleg under snø utanfor butikken før eg kjøpte dei, også. No er snøen borte igjen, men andre plassar i Japan har det vore kaotisk i helga. På nyheitene les eg at 5 er omkomne og omlag 600 skadde, og mange tog og fly er innstilte.
Ei natt var det 3 minusgrader her, og morgonen etter måtte eg ha meg ein tur og gå i den knirkande snøen. Rett nedanfor leilegheita mi fann eg desse "isblomstrane".

Torsdag kveld har eg bønnegruppe for Bible Club ilag med desse medhjelparane mine. F.v. det amerikanske ekteparet Scott Menking og Carmella Lieske, og japanske Ikuko Takeda. Eit spesielt takke-og bønneemne denne kvelden var seks jenter Carmella hadde invitert til Bible Club på fredag. Ei av dei vart dessverre forhindra, men fem av dei kom.


Dei tre til høgre er studentar frå Shimane universitet. I slutten av februar reiser dei på ein månads språkstudie til Arkansas. Fleire som tidlegare har vore der, har kome tilbake til Bible Club seinare fordi dei ville lære meir om Bibelen. Ei anna gruppe reiser ilag med Carmella og Scott på eit kristent program i Florida omtrent samtidig.


Desse to går på ein toårig høgskule ein annan plass i byen. Carmella underviser også der.

Alle jentene ga uttrykk for at dei likte seg og at dei har lyst å komme igjen. For fleire var det første gong dei las i Bibelen. Dei fekk med seg kvar sitt "Manga Messiah"-hefte om Jesu liv, død og oppstode. Denne kvelden var teksten frå Joh 14, om Jesus som er vegen, sanninga og livet.

Komande fredag reiser eg på Snow Fun Camp (eg får dessverre ikkje med meg ein einaste student...), så vi har bestemt Bible Club på torsdag denne veka. Håper å sjå fleire av dei nye jentene igjen.  Og den einaste guten blant studentane skreiv i loggboka: "Vi treng fleire gutar!"

Samme kveld skreiv ei av dei nye jentene på Facebook:

"Idag har eg vore med på Bible Club for første gong!
Maten til Inger var så god!!
Og takk, Carmella, for at du køyrde oss. 
Eg hadde ei fin stund ilag med dei.
Eg vil vere der også neste torsdag!"
 

Blomstrar i Guds hage - ja, der er mange slags blomster. Be om at desse fine ungdommane vil opne seg og strekkje seg mot lyset, og slå djupe røter i Guds ord.

2 comments:

  1. Så fint skreve!
    Blomar i Guds hage :-)

    Tenkte på deg då eg las om all snøen i Japan.

    Klem

    ReplyDelete
  2. Takk for det, Sigrid!
    Vi skal ha Snow Fun Camp til helga, men trist å tenkje på dei som har opplevd at det snøen førte med seg, var langt ifrå "fun".
    To av jentene som kom sist fredag, skal lage mat på torsdags-Bible Club i morgon. Så kjekt at dei vil kome att!

    ReplyDelete