(Biletet ovanfor er tatt av David Thorsen)
Neste morgon hadde vi fått meir snø. Dette er utsikta frå inngangsdøra mi.
Nordmenn kosar seg med japansk mat. |
Etter besøket var reist, hadde eg meir gjestar. Nyttårsaftan ettermiddag var det ungdommane i kyrkja som hadde sitt årlege juleselskap hos meg. Til vanleg er det ei eller to som samlast på søndag morgon før gudstenesta, men no var også to av dei eldre ungdommane komne heim på ferie.
Frå klokka 22 samme dag hadde eg ope hus for fellesskap og bøn før det nye året. Ei kinesisk jente som har vore med i Bible Club tidlegare, hadde sett invitasjonen på Facebook og spurde om ho også kunne kome. Og etter denne kvelden bestemte ho seg for å komme fast på Bible Club igjen. Ei japansk jente som kom på den internasjonale gudstenesta i desember for første gong, har vore med på fleire samlingar i jula. Ho har lyst å lære meir om Gud, så ho vil også komme på Bible Club og i kyrkje så ofte ho kan. Desse to jentene kan de gjerne vere med og be for.
På nyttårsdag er det fleire som kler seg i kimono. |
Fru Kajinishi liker også å kle seg i kimono, men fordi ho arbeidde på kjøkkenet, måtte ho ha spesialsydd forkle. Her har ho tatt det av til ære for fotografen, og pastor Kajinishi fann ut at forkledet kunne passe godt som prestekjole...
Ein av familiane i kyrkja driv fiskebutikk med levering av mat. Før nyttår hadde dei det veldig travelt. Omtrent 100 slike øskjer med nyttårsmat hadde dei laga og levert på bestilling. Og tenk, så hadde dei ei til overs for meg, også! Men det var altfor mykje for meg å ete åleine, så heldigvis heldt maten seg til Bible Club to dagar seinare. Då kombinerte vi japansk nyttårsmat og pizza...
3. januar var framleis ferie for studentane, men fleire møtte likevel opp. Så på Bible Club har vi verken hatt juleferie eller nyttårsferie, men heller meir aktivitet enn elles.
Etter å ha hatt så mykje folk ut og inn heime og vore vertinne stort sett heile jula og nyttåret, var det godt å komme seg litt vekk. Frå måndag til tirsdag forrige veke tok eg ein tur til Kari Opperud i Nima.
Sandstranda i Nima er fin om sommaren, men solnedgangen i januar er også verdt eit bilete.
Tirsdagen var det fint vêr, så vi la ut på ein liten fjelltur. Det viste seg at det var godt å ha gode sko, og eg var iallfall glad for at det var tau å halde i på dei brattaste partia. Mot toppen var det ganske mykje snø, også, så det var ikkje alltid like lett å få skikkeleg fotfeste.
Sjølv om det tok berre vel ein time til toppen, smakte det godt med nistemat, te og sjokolade. |
"Vær forsiktig, lille fot, hvor du går." Ein roten kjepp er kanskje ei falsk trøyst, men det kjendest litt betryggande å ha noko i handa der det ikkje var tau å halde i...
Snøen her i Matsue kjem og fer, men før helga hadde vi bra snøfall igjen. Her var eg ute på fredag morgon og tok bilete av tunge sakuratre-greiner før den tunge snøen fall av. Igjen var det snø på ein fredag, som igjen førte til at to damer ikkje kom på bibelklassa mi den morgonen. Kvifor skal det "alltid" vere snø på ein fredag?!
Nokre av dei som kjem på Bible Club fredagskveldane, har iallfall lært å kle seg etter vêret.
Eit nytt år med nye moglegheiter. Til helga er det internasjonal gudsteneste igjen. Denne gongen har eg fått Gunnar Urstad til å preike i staden for meg. Han og Ruth og yngste dottera Hanna Emilie kjem oppover på komande laurdag. Det var Maria, eldste dotter til Ruth og Gunnar, som var drivkrafta bak å starte internasjonal ungdomsgudsteneste for nesten to år sidan. No kan eg drive litt PR og gjere folk nysgjerrige på å treffe foreldra og søstra hennar.
Forhåpentlegvis vil også fleire kyrkjemedlemmer møte opp, sidan Gunnar også er leiaren for NLM her ute. Det er mitt håp og mi bøn at dette arbeidet "mitt" kunne bli meir ein del av kyrkja sitt arbeid. Eg set pris på om du som ber, kan ta meg med i bøn i dagane og månadene framover.
Godt nytt år!
ReplyDeleteklem frå Sigrid