Monday, June 24, 2013

Utsikt over Oslo og resten av verda


Eg var der ikkje sjølv, men gjennom Facebook-oppdateringar ifrå fleire av deltakarane følgde eg med dei forrige veke. I TV-programmet som vart vist på nlm.no i går, var ikkje våre japanske og taiwanske venner med, så eg tenkte eg ville presentere dei her.
Eg har "lånt" nokre bilete ifrå WJELC-president Hideki Matsumura, og vil sende han ei takk etterpå. Eg har eit ganske avslappa forhold til pastoren i Yonago, så det går nok bra.
På biletet over er det pastor Matsumura til høgre, og ved sida av han sit Shinki Takahira, ein av ungdomsleiarane i Yonago kyrkje. Mellom dei står pastor Pan, eller Timothy, som han også blir kalla. Han vart eg kjend med under leiren på Taiwan i august i fjor. Og så har vi Jan Sandvik bak solbrillene.
Gjestane frå Asia var betatt av dei lyse sommarkveldane i Norge. Slikt har vi ikkje i Japan, nei!

Det er dekka til festmiddag på taket på Studentheimen på Fjellhaug.



Menyen var ganske norsk.

Her er det rigga opp til TV-opptak. Han som sit nærast heilt til venstre, med mobiltelefon/kamera, er Samuel ifrå Taiwan, ein av ungdommane som leia leiren i fjor.

Fekk du ikkje sett TV-programmet i går, er det framleis mogleg å sjå videoen. Klikk på lenkja nedanfor dersom du har ein ledig time framfor deg, eller logg deg på igjen når du har betre tid. Kanskje de kan sjå videoen ilag på ei misjonsforeining? Men no er det kanskje ferietid i foreiningane, også... Her får de iallfall utsikt over meir enn Oslo. Det er ein veldig bra film med inspirerande informasjon ifrå over ti land på tre kontinent. Ser du godt etter, kan du sjå meg i den syngande kyrkjelyden i Hiruzen kyrkje under skileiren i fjor. Det er forresten også eg som har omsett til norsk intervjuet med japanaren som hadde gått i Aobaen barnehage og kom tilbake til kyrkja 50 år etter.

Video: Enda lenger ut


Etter konferansen vart det også tid til litt sightseeing. Her er Shinki i fengslet der Hans Nielsen Hauge sat. Kyrkjepresidenten spøkte med å la Shinki vere igjen her og reise tilbake til Japan åleine, men heldigvis er dei begge trygt tilbake no.

Ein båttur på Oslofjorden med Dagfinn Solheim som guide vart det også tid til.

Det skal bli spennande å høyre meir ifrå konferansen når eg treff att president Matsumura og Shinki. Hovudtema som vart tatt opp, var storbyevangelisering og ungdomsarbeid, noko som er ganske aktuelt også her i Japan.

4 comments:

  1. Det var hyggelig både å høre og prate japansk her på Fjellhaug gjennom uka som gikk.

    ReplyDelete
  2. Takk for kommentar, Ingar. Ja, det vekkjer vel "heimlengsel" å høyre japansk. Bra du ikkje har gløymt språket!

    ReplyDelete
  3. Eg fekk også treffe desse sidan me var på Fjellhaug i samband med utreisekurs som starta fredag. Virka til å vere spanande folk!

    ReplyDelete
  4. Så bra du har fått ein forsmak på Japan, Johan! Fekk du praktisere nokre ord?

    ReplyDelete