Wednesday, June 5, 2013

Rolegare dagar



Mai er over, med alle besøk, med 17. mai, Mikko-konsert og internasjonal gudsteneste.
17. mai feira eg forresten ilag med Bible Club, med Skype-overføring til den norske feiringa i Kobe, der dei song nasjonalsongen for oss.


Her er gjengen som var samla til Bible Club på 17. mai. Det var fleire som var overraska over at vi har kors i flagget.

I Kobe var det litt meir tradisjonell feiring, og dei var til og med på nrk. Her kan du sjå det dersom du gjekk glipp av innslaget på TV, eller om du har lyst å sjå det i reprise:



Det er mest universitetsstudentar som kjem på Bible Club, men eg har også to ungdomsskulejenter som er med så ofte dei kan. No ifrå mai er det blitt endring i timeplanen for klubbaktivitetar, slik at dei ikkje rekk middagen klokka 18.30. No hentar mor til den eine dei på skulen kl 19, og køyrer dei hit, så dei rekk dei bibelstudiet klokka 19.30 og får seg middag kl 21 når vi er ferdige. Når dei kjem rett frå skulen, har dei sjølvsagt skuleuniform på seg, men den dagen eg tok dette biletet, var fridag, så dei kunne få gå i vanlege klede.
Jenta til venstre heiter Minami, og kjem frå ein kristen familie som høyrer til vår lutherske kyrkje i Matsue. Veninna hennar, Kaho, har aldri vore i ei kyrkje, men ho synest det er spennande å vere med på Bible Club og lese Bibelen ilag med ungdommar frå mange land. Når vi er mange, deler vi i grupper, og då har eg ungdomsskulejentene på mi japanske gruppe. Det er artig å sjå korleis desse to jentene stadig vekk oppdagar nye ting i samtalane.

Ein fredag i mai hadde vi brasiliansk middag på Bible Club. Det var Heitor, på første biletet med det norske flagget, som var kokk den dagen. Samme kveld melde Soyoung (t.v.) seg til å koke koreansk mat veka etterpå, og på neste bilete er ho i full gong, saman med den japanske veninna Reina:


Denne veka skal eg prøve meg på norsk laksemiddag. Idag har eg vore ute og kjøpt fleire posar med japanske poteter og 48 lakseskiver frå Chile, så kor norsk det blir, veit eg ikkje, men det skal iallfall likne. Laksen er frosen, så om eg ikkje treng alt denne gongen, held han seg i frysaren. Eg veit ikkje kor mange som kjem før 3 1/2 time før middag, men i det siste har vi vore rundt 14-15 personar.


Fram til den internasjonale gudstenesta 26. mai var det ganske hektisk, men eg kom i mål, og eg er glad fleire ikkje-kristne studentar vart med, også eit par for første gong. No er eg allereie i gong med planleggjinga av neste gudsteneste, som er 16. juni. Då skal eg tale også på føremiddag, på japansk, og så omsetje preika til engelsk og tale om kvelden. Det er godt å ha litt rolegare dagar no i juni enn det var i mai.

Det er ikkje berre ungdommar eg arbeider med. Desse to er med på bibelklassa eg har to fredagar i månaden, på føremiddag. Raeru med Blåveisbamsen min er blitt eitt år, og sat ikkje stille heile tida, akkurat. Eg håper mora fekk med seg litt av bibelstudiet, iallfall.

Når eg ikkje har oppdrag i andre kyrkjer på søndagen, er det Matsue lutherske kyrkje som er min plass. Eg har ikkje heilt funne meg ein fast benk i kyrkja, men det har dei fleste på dette biletet. Det er vel også slik i norske kyrkjer og bedehus at mange har sin favorittplass.
"Kirken den er et gammelt hus" - og det merkast også hos oss. No er det sett opp stillas for å tette taket før regntida kjem for fullt. Og det er ikkje berre i kyrkja det er lekkasje.


Regntida starta før mai var slutt. For ei veke sidan vakna eg ein morgon av at det regna. Men regnet høyrdest så veldig nært ut. Til mi store overrasking draup det frå taklampen, ja, ikkje berre dropar, men det rann! Eg fekk summa meg og henta ei bøtte, og eg samla opp bortimot ein halvliter vatn før det ga seg.
Seinare på morgonen ringde eg til utleigar, som kontakta arbeidsfolk som kom for å finne holet. Og det var ikkje så lett. Eg bur i 2. etasje, men har aldri tenkt over før at eg har eit "mørkeloft" over meg. Og at eg hadde ei hemmeleg luke opp dit inne i skapet. Ikkje mindre enn fire mannfolk kom og forsvann opp i den lille luka i skapet. Eg var freista til å ta bilete av føtene som hang inne i skapet, men det vart berre med tanken... Til slutt fann dei holet, som vart reparert frå utsida dagen etter. Og etter den tid har det nesten ikkje regna, men eg håper det er tett no.


Risen er planta, og risdyrkarane håper nok på meir regn. Her har nokre ender teke seg ein vadetur i sola.


Fine damer må ikkje få farge på huda, men SÅ japansk er ikkje eg blitt enno. Eg må få nyte sola så lenge ho er her, før regnet kjem tilbake, og før det blir altfor varmt til å vere ute. Framleis held det seg under 30 grader, så då er det ikkje så aller verst.
Men eg har altså ein jobb å gjere, og ferie blir det ikkje før 23. juli. Då tek eg ein tur til Norge, der eg blir frå 24.juli til 21. august. Kanskje vi snakkast då?

No comments:

Post a Comment