Monday, February 25, 2013

Gravferd

Eg var klar over at denne dagen ville kome før eller seinare, og eg grudde meg. Kva kan eg seie for å trøyste? Mor vart ikkje døypt, og om ho hadde fått ei tru på Jesus, veit eg heller ikkje. Torsdag 21. februar hadde mor til veninna mi sovna stille inn. Gravferda var på laurdag. Heldigvis var presten vår der, også, så eg følte meg ikkje heilt bortkommen. Men eg føler meg ikkje vel på ei buddhistisk gravferd. Ei monoton messing, lufta full av røykjelse, men kvar er håpet?
Kunne eg ha gjort meir i fjor for at dette kunne ha blitt ei kristen gravferd?

Den 8. januar skreiv eg følgjande på bloggen:

Ikkje alt blir skrive i ei årsmelding. Det eg føler eg har mislukkast med, er ikkje så mykje å skrive om. Her på bloggen skreiv eg veldig optimistisk etter at eg hadde hatt første time med dåpsopplæring for ei eldre dame og dottera. Sjå bloggen i oktober her:
Dåpsundervisning - hjelp, korleis gjer ein det?


Men det gjekk ikkje akkurat slik som eg hadde tenkt. På grunn av fleire ting vart det sjeldan eg fekk høve til å treffe mora, og nokre gonger eg var på besøk, var ho ikkje i form, så det vart berre eit par gonger etter denne første "vellukka" dagen. Rett før jul fekk eg fortelje mor julebodskapen, og så la eg til litt om at Jesus kom for å døy for syndene våre, at han stod oppatt og at han har gått i førevegen for å stelle til eit rom for oss, og også for henne.


Rett etter jul vart mor igjen innlagt på sjukehus. Hjernesvulsten har vakse att, og ho kan ikkje snakke lenger.

På nyttårsdag var eg og ei kristen veninne på besøk hos dottera og hadde ein god prat. Vi ringde til presten og spurde om han kunne kome og snakke med mor og dotter, og eventuelt døype mor på sjukehuset, dersom det la seg tilrette for det. Men neste dag fekk eg melding frå dottera. Søstra hadde sagt nei. Så då måtte vi avlyse sjukebesøket.

Sist søndag fekk eg høve til å besøkje mor på sjukehuset. Dagen før hadde ho sove heile dagen, og døtrene hadde ikkje fått kontakt. Men då eg kom, opna ho augene og smilte då ho såg meg. Eg fekk synge dei to første versa på "Jesus elsker meg, jeg vet", og ho såg på meg heile tida. Eg trur ho lytta og forstod. Det såg iallfall slik ut. Eg hadde håpa at ho kjende denne songen frå ho var ung og gjekk litt i kyrkja, men eg veit ikkje. Eg sa nokre få ord om at Jesus elskar også henne, og førebur eit rom i himlen for henne, også. Så sovna ho. Men før vi gjekk, fekk eg legge handa på hovudet hennar og be ein bøn og legge henne i Jesu hender.


Det var litt underleg å vere der. Over senga var det festa ei lita treplate med "god betring" frå eit buddhisttempel, og på den eine sengekarmen var det knytta ein liten raud amulett frå eit shintotempel. På andre sida av senga stod det på kortet som eg hadde på blomstrane: "Eg ber om at Jesu Kristi fred må vere med deg." Ein rosenkrans som dottera hadde fått i den katolske kyrkja, var hengt rundt halsen på ein bamse på eit anna bord....


Hadde eg vore ein flinkare misjonær, hadde eg kanskje fått leie denne eldre kvinna til Jesus og dåp medan ho var såpass frisk og klar i hovudet. Men no er det kanskje for seint...


Dottera kom i kyrkja på søndag og fekk snakke med presten, som også bad for henne og mora. Og ho sa at ho ønskjer å bli døypt. Sjølv om det ikkje vart noko av det i 2012, slik som vi hadde håpa, kan vi kanskje satse på at ho kan bli døypt til påske?


Så langt bloggen frå januar. Etter at eg hadde skrive dette, fekk eg oppmuntrande e-post frå ein av forkynnarane heime. Han hadde vore på eit møte der han hadde spurt om dei ville bytte meg ut med ein flinkare misjonær, men det var det ikkje stemning for, skreiv han.
"Og det ligg mange rundt om på japanske sjukehus som aldri har høyrt at Jesus elskar dei", la han til. 
Ja, så sant. Så altfor mange...

Det einaste eg kan gjere no er å ta meg av veninna mi på vegen vidare. Det treng eg både visdom, nåde og kjærleik til. Dåpsdagen hennar er bestemt til påskedag 31. mars. Be om at Jesus må få gjere si gjerning i og gjennom henne.

 

2 comments:

  1. Kjære gode Inger!
    Etter vurdering skriv eg dette på bloggen din Inger, og ikkje på melding. Kjenner at det er greit.
    Eg las denne historia og kjende at her har Gud vore sterkt tilstede, du har fått gå i ei ferdiglagd gjerning Inger! Kvifor ser du ikkje det sjølv?! Resten må du legge frå deg der det skal vere, hos Jesus, og stole på at Gud gjer det han skal, ved sitt ord - som du har uttalt.
    Denne dama fekk kristen omsorg frå deg, du fekk vere Jesu hender for henne, og Gud sendte deg til henne - det var ikkje noko du sjølv fann på Inger! Om det var det kunne du nok kjenne på at du ikkje strakk til. Men no skal du TAKKE GUD for at du både fekk fortelle henne om Jesus og frelsa, synge for henne og be for henne! Om du møter henne igjen i himmelen veit vi ikkje, det veit berre Gud, og han kallar på oss som han elskar heilt til det siste. Dåpen er ikkje Gud avhengig av, han ser til hjertet hos kvar enkelt av oss. Dette må også vere di trøyst til dattera til denne dama, som eg forstår er ein kristen! DER er di viktige oppgåve no, å hjelpe henne til å kvile i at Gud veit og tek seg av det vi ikkje ser inn i. For ein mektig Gud vi har!!!
    Håper du kan få kvile deg i dette Inger. Kjenn godt etter om DHA bekreftar det eg seier! Alt blir tungt og trist dersom vi ikkje kan greie å stole på at Gud gjer resten når vi har gjort det vi kan. Frelsa er uansett til slutt kun mellom mennesket og vår skapar.
    Må Gud fortsette med å velsigne deg der du er Inger, og sende deg ut i sine feridglagde gjerningar! Du er ofte i min tanke hos Gud, eg ber for deg om at du skal kjenne heile Guds fylde, hans store kjærleik og omsorg til deg, og at du kan vere i tenesta di og kjenne glede og fred over det!
    Stor klem, Benthe

    ReplyDelete
  2. Takk, Benthe, for oppmuntrande ord!
    Ja, får prøve å tru at eg fekk gjere det eg kunne, og at det var ferdiglagde gjerningar.
    Og takk for at du ber for meg! Har invitert dottera til lunsj i morgon. Be om at vi får ei god stund ilag.

    ReplyDelete