Det betyr at det er blitt kaldare, og det betyr førebuingar til jul. Her skjer det litt av kvart. I dag leverte eg bilen der eg kjøpte vinterdekk tidlegare i haust, for eg betalte allereie då for å skifte dekk. Og eg trudde eg var tidleg ute. Men der var det fullt køyr. Eg leverte bilen før kl 15, og fekk beskjed om å komme tilbake når dei ringjer til meg, kanskje i 22.30-tida i kveld... Dei står på for kundane!
Det er visst meldt snø til i morgon, men eg trur det ikkje før eg ser det. Men på søndag morgon skal eg køyre til Hiruzen kyrkje for å tale på gudsteneste der, og då må eg iallfall vere godt skodd.
Bible Adventure
Sist helg prøvde vi noko vi ikkje har gjort før her på nordfeltet. Mailis Janatuinen, som til vanleg underviser ved bibelskulen i Kobe, skulle oppover til Arashima kyrkje og undervise søndag, så vi bestemte å arrangere bibelkurs for studentane på Bible club fredagen før, og la også opp til to bibeltimar på laurdag. Tema for Bible Adventure var Josef i GT. Eg var spent på om studentane ville kome sjølv om det ikkje vart engelsk bibelklubb, men undervisning på japansk, men dei møtte opp, og fleire kom også igjen på laurdag. Også nokre frå kyrkja deltok.Mailis er flink å undervise, med god bruk av powerpoint, som ho viste på den einaste ledige veggen min.
Klasserommet var kjøkkenet mitt. Det er største rommet eg har i leilegheita... Her var det altifrå ungdomsskuleelev til lærar, dokter og husmor samla. Og som vanleg studentar frå fleire land.
Etter undervisninga gjekk samtalen vidare til langt på kveld.
Kazuaki var opptatt tidlegare på kvelden, men stakk innom for å seie hei til alle, så då fekk eg endeleg overrekke dåpsgratulasjonar frå Bible club. Her ser han bilete av seg sjølv første gong han var på Bible Club, i april i fjor.
Desse var samla på fredagskvelden.
Halvparten av dei som var samla fredag, hadde aldri høyrt historia om Josef før. Det var ei fin anledning til å skape interesse også for GT. Og mange kunne relatere til erfaringar i sitt eige liv. Eit viktig tema som vart tatt opp i samtalen etterpå var kor vanskeleg og kor viktig det er å tilgi. Mailis fekk også vist samanhengen mellom GT og NT, og Josef som eit førebilete på Jesus.
Ei kristen koreansk jente skreiv i loggboka etterpå: "Fram til no har eg tenkt at forteljinga om Josef handlar om Josef, og forteljinga om Jesus handlar om Jesus. Men no forstår eg at begge forteljingane heng saman." Ei viktig oppdaging!
Julekonsert
No er det berre tre dagar igjen til den store felleskonserten. Vi har øvd, og på siste øving søndag var det bra optimisme. Ver med og be både for meg og den andre dirigenten, og for korsongarane, at vi kan få formidle god musikk og ein bodskap som når inn til tilhøyrarane.Jul frå mange land
Dagen etter, på søndagen, skal eg først til Hiruzen og preike. Idag har eg endeleg fått konsentrert meg såpass at eg har det meste av førebuinga unnagjort. Resten av veka går med til andre ting.Og rett ifrå Hiruzen skal eg tilbake til Matsue og vere med og hjelpe til på eit arrangement for barn, på det internasjonale senteret. Dei har spurt fem utlendingar om å fortelje om jul i sitt eige land. Eg skal lære dei å flette julekorger. Barna blir delt opp i 5 grupper som skal ha 20 minutt på kvar stasjon, og så rotere, så dei kjem innom alle. Sansfica, ein kristen student frå Sri Lanka, får lov til å fortelje bibelforteljinga for 50-60 barn når alle er samla! Ho skal fortelje på engelsk og vise bilete, og så skal ho bli tolka til japansk. Takk for denne muligheita, og be for Sansfica, også, som har det veldig travelt med studiane, men som likevel prioriterer dette.
Sansfica frå Sri Lanka til høgre |
No ringde dei frå Autobacs at bilen er ferdig ein time før tida, så då må eg ta meg ein liten spasertur ut i kulda. Men skal vel ikkje klage på kulden når eg les om tosifra minusgrader heime i Norge...
No comments:
Post a Comment