Tuesday, November 6, 2012

Korleis skal dette ende?

Høgdepunktet kvar veke er utan tvil fredagskveldane med Bible Club. Det krev ein del energi for å lade opp til ein kveld med over 20 deltakarar, og det tek også litt krefter å rydde opp etterpå, sjølv om dei er flinke til å hjelpe til. Og Gud har sørga for kokehjelp også dei tre siste fredagane.

Det er ikkje eg som har gjort noko særleg for å få med nye studentar, men dei sjølve inviterer med seg venner. Dei to siste fredagane har vi vore 21 og 22 her, og då blir det ganske trangt. Lydnivået blir også ganske høgt etterkvart sjølv om eg prøver å hysje ned av og til. Heldigvis bur det ingen verken over eller under meg, og berre i den eine leiligheita vegg i vegg bur der nokon, men dei har restaurant og jobbar ofte seint. Og no skal dei flytte om eit par veker. Eg håper ikkje det er på grunn av meg at folk flyttar ut... Så er det nokon som treng hus, tek eg gjerne imot nye naboar!
To koreanske jenter tilbaud seg å lage koreansk mat sist fredag, og dei fekk hjelp av ei japansk veninne ( i midten). Det er kjekt når dei melder seg til teneste sjølve, og maten gjekk unna. Eg måtte koke to omgangar i riskokaren som tek 10 koppar, for det var ikkje nok. No har eg fått lov av sjølvaste stedlig representant til å kjøpe ein ekstra riskokar, for dette er vel misjonsarbeid. Eg trur ingen blir "riskristne" berre fordi dei får kjøpt seg billig middag her. Det ser ut som om det er andre grunnar til at dei kjem.

Etter at vi har fått rydda unna etter middagen, er det tid for dagens leksjon, og gjerne med litt repetisjon ifrå sist, for nokre gjekk glipp av førre leksjon. Etter ei fellessamling deler vi oss i mindre grupper, der fleire får sleppe til. Her er nokre av refleksjonane studentane skreiv i loggboka 2. september:
- Eg har lært mykje av Gud og av kvar enkelt her. Takk! (kinesisk jente)
- Dersom eg har tid, vil eg gjerne komme kvar veke. (kinesisk jente som kom for første gong)
- Eg lurer på kvifor Gud ga dei første menneska eit bod dei skulle følgje. Var det for å gi dei eit val? (japansk jente)
- Spørsmålet mitt er kvifor Gud skapte mannen først og ikkje kvinna... (japansk jente)
- Kvar gong eg er med på Bible Club, får det meg til å tenkje djupt over livet mitt. (japansk jente)

Det rører seg forskjellig inne i ungdommane, og eg håper Bible Club er ein plass dei kan få hjelp til å snakke ilag om viktige ting i livet. No har eg også oppretta ei gruppe på Facebook der ungdommane kan utveksle tankar og spørsmål dersom dei ønskjer det.
Men korleis skal dette ende dersom nye stadig vekk kjem, og huset blir sprengfullt? Ei kinesisk kristen jente sa det slik: "Du treng ikkje å bekymre deg, for då vil Gud også gi deg eit større hus!"
Plass har eg vel framleis, for studentane klarer seg med å sitje på golvet. Det eg treng mest no, er nokon til å lage mat og ordne med det praktiske. Skal eg våge å lufte behovet i kyrkja? Etter kvart håper eg at også dei kristne studentane kan ta ansvar som gruppeleiarar.

Internasjonal leir på Hiruzen

Denne laurdagen var det ikkje tid til å slappe av etter ein sein fredagskveld, for eg skulle vere med som leiar og talar på den årlege internasjonale weekenden på Hiruzen Bible Camp. Dessverre fekk eg ikkje med meg ein einaste student dette året, men ei som jobbar som sjukepleiar, hadde fått fri i helga og gledde seg til å vere med til Hiruzen, der ho ikkje hadde vore på leir på 16 år!


På veg oppover til Hiruzen var Daisen-fjellet med nysnø på toppen eit nydeleg syn.
 På laurdag ettermiddag tok Igi-brørne oss med på sykkeltur.


November er ei fin årstid her, berre det ikkje er for kaldt. Her er mykje fine fargar og god luft.

Om kvelden var det tid for leik, fellesskap og bibelundervisning, både på engelsk og japansk.

 Nokre hadde også Bibelen på norsk. Tema for leiren var "Ein for alle" med undertema "Ein gong for alle" og "Alle for ein". Liksom alle vart syndarar fordi Adam var ulydig, kan alle bli rettferdiggjorte fordi den eine (Kristus) var lydig. Frå Hebrearbrevet lærte vi om kva det betyr at Jesus er vår øvsteprest, som ber syndene våre på sine skuldrar og som ber namna våre på sitt hjarte. Og som avslutning på leiren vart utfordringa gitt til å leve for han som døydde og stod opp igjen for oss. Gud kallar arbeidarar til sin vingard også i dag.
Søndag føremiddag var vi med på gudsteneste i Hiruzen kyrkje, der seminarstudent Seima talte.

På leiren var det deltakarar både frå Norge, Sverige og Finland i tillegg til japanarane. Eli på biletet budde i Japan som lita, og er no tilbake som halvtåring i NMS.


Vi var ikkje så stor forsamling, men det var iallfall ein positiv gjeng. Bortsett frå oss tre i leiarteamet, var alle dei andre nye i forhold til dei som var med på leiren i fjor. Neste gong vi satsar på ungdommar, er på Snow Fun Camp 15.-17. februar. Så ver med og be om at eg kan fylle opp bilen av studentar til neste leir, og at også fleire ikkje-kristne blir med. I mellomtida har vi Bible Club kvar veke og internasjonal kveldsgudsteneste ein gong i månaden.
Korleis skal dette ende?
Be gjerne om krefter, pågangsmot og visjonar for arbeidet blant ungdommane.


2 comments:

  1. Takk for forbøn, Sigrid! Hels til resten av familien, og til foreininga!

    ReplyDelete