Friday, May 25, 2012

Mai i Norge



Det er lenge sidan det har vore noko nytt på denne sida, så lesarar som ikkje er på Facebook, har truleg ikkje fått med seg at eg er i Norge for tida. På grunn av konfirmasjon i familien har eg fått tidleg sommarferie i år. Sidan 10. mai har eg fått med meg mykje, og til helga er det regionmøte med mykje misjonsfolk.

Heime på garden til bror min har eg fått helse på sauene. Igår hadde dei det godt då ingen var heime og passa på dei, og dei hadde opna grinda og kome seg ut av gjerdet, til grønare og saftigare gras. Men dei oppførte seg ganske fint så eg fekk dei inn i fjøset til natta.


Onsdag var eg i Ålesund og fekk vise japanske venner byen på sitt beste. Venner gjennom 19 år har endeleg fått sett litt av Norge, og dei var ganske fornøgde med det dei såg!



Mai er ein fin månad, og når endeleg varmen kom, er eg fornøgd.

I skrivande stund er ungdommar samla i leilegheita mi til Bible Club. Min japanske PC viser at klokka er 19.01, så det skulle vere midt under middagen, det. Assistenten min Maria er der og ordnar opp, ilag med Carmella og Scott. I kveld er det Carmella som skal leie bibelstudiet.
Og når det blir kveld i Norge, skal eg ta ein tur til Vestheim og helse på Krasp, som har arbeidet mitt som prosjekt dette året.

Vil du ha meir Japanstoff, kan du gå inn på www.nlm.no. Hald deg oppdatert!

www.nlm.no


Så håper eg å treffe mange misjonsvenner på regionmøtet på Skodje i pinsehelga.
God pinse til alle!

No comments:

Post a Comment