Thursday, March 29, 2012

Mars = Leir, årsmøte, konferanse og leir



Eg har budd i koffert mykje av denne månaden. Innimellom har eg vore heimom og skifta litt innhald i kofferten og vaska klede, som har tørka medan eg var borte. Eg skulle ha skrive blogg for kvar gong eg var heimom, men slikt har det rett og slett ikkje blitt tid til. Så dette blir meir ei oppsummering.

KGK-leir
Frå 12.-15.mars var eg og Maria på studentleir. Dei tre jentene ovanfor er dei som kom på seminaret eg hadde om verdsmisjon. Der var også mange andre gode tilbod, så det var berre desse som prioriterte å høyre om misjon, men dei var veldig gode deltakarar.
Eg tok utgangspunkt i Coca-Cola sitt motto: "Ei boks med Cola i handa til kvart einaste menneske på kloden". Kor mykje meir JESUS? Vi har iallfall ein mykje viktigare bodskap, med eit mykje viktigare innhald enn Coca Cola kan rose seg av.


Det er bruk for arbeidarar også i Japan. Shiro Yajima (t.h.) har vore den einaste tilsette i Laget for eit stort område. Ifrå april får han hjelp av ein "eittåring" (GA=Graduate Assistant), Yuya Kawano. Vi håper han også finn tid til å besøkje oss her i Matsue!


Ein ganske intens leir er slutt. Lange, gode bibeltimar og møte, gruppemøte både tidleg og seint, seminar og mykje meir.

Årsmøte i WJELC

Hideki Matsumura (t.h.) vart vald som ny president i West Japan Evangelical Lutheran Church, og Ryuichi Maekawa vart visepresident. Begge er prestar på Nordfeltet (Yonago og Izumo).


Det er lenge sidan sist WJELC sende ut ein ny misjonær. Maki Ikegami er klar til å reise til Hong Kong i juni.

Misjonærkonferanse

Etter ei natt heime var neste stopp Hiruzen Bible Camp.
Kirsti Strand avsluttar i desse dagar tenesta i Japan, ganske nøyaktig 40 år etter at ho kom ut første gong. Eg har 21 år igjen om eg skal bli like lenge, men det rekk eg ikkje før eg blir pensjonist...
Her blir ho takka av Liv Bakke, som er vald til ny styreleiar etter Kirsti.


Vi var ein stor flokk i år, både vaksne og born. Jan Sandvik representerte NLM-leiinga i Norge.


Her er vi som skal styre arbeidet på feltet i året som kjem:
Framme f.v.: Liv Bakke, styreleiar, og Dagfinn Solheim, SR (stedlig representant)
Bak f.v.: Leifur Sigurdsson (SIK, Island) er nyvald, eg vart vald inn igjen for 2 nye år, og Johanna Tervonen er FLOM sin representant.

Ungdomsleir

Idag kom eg att frå leir på Hiruzen.18 deltakarar og 10 av arbeidarane på Sanin (Nordfeltet) og Sanyo-kyrkjene har vore samla. I går var det vaffelservering midt i dugnadsarbeidet. Deltakarane får opphaldet for 1/3 av den eigentlege prisen mot at dei jobbar nokre timar med å bone golv og hjelper med oppvasken etter måltida.


Desse to gutane skal byrje på ungdomsskulen i april og fekk vere med på ungdomsleir for første gong. Og det likte dei godt! Begge gutane har ein far som er prest.


Med 14 grader og sol, varer nok ikkje denne snøen så lenge, men desse to ungdommane frå Matsue (eigentleg Norge og Korea) utnytta snøen til siste slutt.
(Skulle berre hatt video med lyd!)


Takk for denne gongen! Mange av oss kjem nok tilbake på neste leir i august.Då blir det felles leir for heile WJELC.

Påske
Då vil eg berre seie god påske! Det er vel til helga leirsesongen startar i Norge. Her til lands er det ingenting som heiter påskeferie. Mars er vårferie, og nytt skuleår startar rundt 6. april, som altså er langfredag. Men sjølv om det er ein vanleg fredag her, har vi både gudsteneste i kyrkja om kvelden og Bible Club med fokus på kva Jesus måtte lide for oss. Også på føremiddag den dagen har eg bibelklasse. Og på påskedag har eg også fleire spennande oppdrag, som eg får kome tilbake til.

7 comments:

  1. Takk for kjekk oppdatering på alt som skjer, Inger. Er så kjekt å følge med på. Gud velsigne deg og styrke deg! Takk for at du er vår arm i Japan!

    ReplyDelete
  2. Takk, Elisabeth!
    Eg lurte nettopp på, -skal tru om nokon les bloggen min, om det er noko vits i at eg bruker tid på dette?
    Då er det godt med tilbakemelding!

    ReplyDelete
  3. Takk for oppdatering, Inger! Kjekt å lese og flott å vite at flere får høre om Jesus og hjelp til å leve sammen med Ham, i Japan. Takk for at DU lever med Jesus i Japan! Takk for det DU betyr i Japan! Ønsker deg Guds rike velsignelse.

    ReplyDelete
  4. Takk, Mari Ann, for at du følgjer med!
    God påske!

    ReplyDelete
  5. Ja visst les vi bloggen din Inger!
    Gratulere SÅ mykje med overstått dag også!
    Er berre litt sløv..

    God Påske frå alle oss i heimen her :-)

    ReplyDelete
  6. Hadde visst gratulert deg ein gong før ;-)
    Betre med to eller ingen :-)

    ReplyDelete
  7. Takk for gratulasjonar, Sigrid!
    No har eg førebudd Bible Club. Det blir Jesus-film, musikk (The Hammer av Ray Bolzt), og gode ord frå Jes. 53,5-6 og 2. Kor. 5, 15.

    God påske!

    ReplyDelete