Tuesday, November 1, 2011

November


Kalendaren og fargen på trea viser at det er haust, sjølv om det er godt over 20 grader på dagtid. Reformasjonsgudstenesta og preika er vel overstått. I tillegg til den japanske versjonen, fekk eg ei utfordring ekstra denne gongen. For eg inviterte nokre studentar som ikkje forstår japansk, og kva gjer eg då? Jau, eg måtte sjølvsagt gi dei preika på engelsk. Nokre timar ekstra jobbing vart det på laurdag, men eg fekk lønn for strevet då den kristne studenten frå Sri Lanka strålte etter gudstenesta: Endeleg hadde eg ei muligheit til å oppleve ei verkeleg gudsteneste!

Den buddhistiske kameraten ga også uttrykk for at han hadde fått med seg noko, iallfall hadde han lært litt om korleis ein oppfører seg i ei kyrkje. Dei sat litt langt framme, så det var ikkje like lett heile tida å følgje med når ein skulle reise seg og når ein skulle sitje. Det var første gong i sitt liv han var i ei kyrkje, men Bibel har han. Den hadde han fått frå ein kristen venn på Sri Lanka.
Han var godt førebudd, kanskje betre enn dei fleste faste kyrkjegjengarar, i og med at han hadde lese bibeltekstane på førehand. Eg ga han "lekse" på laurdag.

På Bible Club fredag hadde han med seg Bibelen sin og las på eit språk eg aldri har hørt før.

Språket heiter sinhala.


Her står det om Lasarus, som Jesus vekte opp frå dei døde. For 5 av oss 15 som var på Bible Club, var denne forteljinga heilt ukjent.


Samtale i smågrupper engasjerte. Ei av gruppene heldt fram også etter teatime. Men først måtte vi få høyre Junya framføre det engelske foredraget som ga han 1. plass dagen før: Temaet er "Betydninga av å lære eit framandspråk". Junya går 3. klasse på vidaregåande, og er ein av dei to gutane eg traff på toget tidleg i sommar.


Imponerande, ikkje sant?
Over hovudet hans heng motivet frå Joh.4,35: "Lyft augo dykkar og sjå markene, dei kvitnar alt mot hausten!"
Ja, det kjennest nesten ut som om noko er i emning. Mine vaksne medhjelparar, Carmella, Scott, Nadine og Minako, har starta bønnemøte, der vi ber konkret for studentane. Og fleire er blitt med til kyrkje, anten ilag med Carmella og Scott, eller med meg.


Dette biletet viser Luther som preikar. Med venstre handa i Bibelen peikar han på Jesus på korset med høgre handa. Slik ønskjer eg også å peike på Jesus for desse ungdommane og dei andre som høyrer meg.

Preikeoppdrag i kyrkja har eg ikkje på ei stund framover, men idag byrja førebuinga til den internasjonale ungdomsleiren på Hiruzen Bible Camp 12.-13. november. Fire ifrå Bible Club har meldt seg på, og det betyr at eg får full bil! Hadde vi hatt ein sjåfør til, kunne vi kanskje fått med fleire, også. To kinesarar, ein japanar og ein ifrå Nigeria. Berre sistnemnde er kristen, men iallfall to av dei andre verkar søkjande og opne. Be for Johanna Tervonen og meg, som er leiarar og talarar, at vi må få det vi treng under førebuingane. Mine to tema er: "Gud sende Sonen sin til verda" og "Gud sender oss til verda". Tema for heile leiren er "For så elska Gud verda". Ifrå Okayama har Johanna fått med seg tre japanske ungdommar, og vår norske ettåring Olga frå Kobe blir også med. Så det blir ganske internasjonalt.

Du kan sjekke programmet her. Det er skrive både på engelsk og japansk.
Autumn International Fellowship

Då vil eg berre oppmode til forbøn, og avslutte med siste solnedgangen i oktober:

2 comments:

  1. Så godt å sjå at det spirar!

    Takk for at du står på!

    klem

    ReplyDelete
  2. Takk for tilbakemelding, Sigrid! Godt å sjå at iallfall nokon er innom bloggen. Takk for at du er med i forbøn!

    ReplyDelete