Sunday, November 13, 2011

Internasjonal leir


I går ettermiddag kom vi trygt tilbake frå Hiruzen. Det var ein kort leir, frå laurdag lunsj til søndag ettermiddag, men veldig innhaldsrik. Vi utnytta tida godt.


To av mine Bible-club-studentar var med på leir for første gong. Her er vi på veg oppover til Hiruzen. Deito andre som ombestemte seg i siste liten, kan berre angre på at dei ikkje vart med!


Det er haust i Japan, men dette likna då veldig på Norge? Eg smakte ikkje på bæra, men det minte veldig om rognebær. Skal tru om også denne vinteren blir snørik?


Johanna og eg delte på å ha bibeltimane, som var tospråklege. Tema for leiren var "For så høgt elska Gud verda", med undertema "Gud skapte verda", "Gud sende Sonen sin til verda", og "Gud sender oss til verda".

(Foto: Johanna Tervonen)
Laurdag ettermiddag etter første bibeltime, var det fjelltur. Etter årstida var det uvanleg mildt og fint denne dagen. Dessverre kunne eg ikkje vere med fordi eg hadde ei klasse i Hiruzen kyrkje den ettermiddagen.


Mykje tid vart også brukt til samtale og bibelstudie i grupper.


Deltakarane vart utfordra: Kvar står du? Kva er ditt svar på det Jesus har gjort? Den to timars lange Jesus-filmen på laurdag kveld gav oss også mykje.


(Foto: Katsuhiro Igi)
Søndag var vi med på gudsteneste i Hiruzen kyrkje, der vi deltok med tekstlesing, song og vitnemål. Men først hadde vi ein times tid med bibelstudie utifrå dagens tekst om dei fem kloke og dei fem dårlege brurmøyane i Matt. 25, med ei gruppe på engelsk og den andre gruppa på japansk.


(Foto: Katsuhiro Igi)
Her er heile flokken tilbake til leirplassen. Deltakarane er frå Kobe, Nishi Akashi, Yashiro, Okayama og Matsue, og frå fire nasjonar: Japan, Kina, Finland og Norge.


Jenta til høgre er frå Kina og studerer i Matsue dette året.

Trivselen såg ut til å vere bra, og ved å bruke både engelsk og japansk i bibeltimar og bibelstudie, verka det som om ungdommane følgde betre med, også. Fleire av japanarane gav uttrykk for at det var forfriskande å lytte til engelsk, og at dei kanskje ikkje hadde kome til leiren dersom det var ein "vanleg" japansk leir. Så kanskje det ikkje var så dum den ideen som datt ned i hovudet på Johanna og meg då vi byrja å planlegge denne leiren?

Etter at eg kom heim i går, tona framleis ein av dei engelske songane som vi brukte på leiren. Du kan sjølv lytte til den på YouTube-videoen nedanfor. Det er ein song med store kontrastar.
Jesus, som er over alle, og som var her før verda vart til, han vart trakka på som ei rose, vart avvist, krossfest og lagt i ei grav.
"You took the fall, and thought of me above all".
Det fallet som Johanna skildra så levande i den første bibeltimen, det var det Jesus kom for å gjenopprette.

Above All


Sjå fleire bilete frå leiren her: FACEBOOK ALBUM International Youth Fellowship

No comments:

Post a Comment