Monday, May 16, 2011

- Kvar er japanarane?

Utanlandsstudentar og engelsklærarar møter opp på Bible Club, men i det siste har det vore vanskeleg å få med japanske studentar. Kvar er japanarane?

Det var ikkje så mange av dei koreanske og kinesiske studentane heller denne fredagen. Men nettopp fordi vi var så få, fekk vi ein heilt spesiell kveld med gode samtalar.
- I kveld kan vi til og med sjå ansikta til kvarandre når vi snakkar, var det ein av dei som sa.


Den koreanske studenten spela rolla til den rike bonden veldig bra:

- Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!

Men Gud sa til han: "Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?"
Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

Luk. 12, 17-21


Begge dei to ikkje-kristne studentane tok opp samme spørsmål, som eg aldri har tenkt over før. Det gir stadig nye aha-opplevingar å lese Bibelen med nye auge!
Etter likninga om den rike bonden, held Jesus fram med å undervise om Guds omsorg.

"Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har korkje matbu eller løe, men Gud føder dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!"
LUK 12,24

Det var den siste setninga som fekk ungdommane til å spørje. Kvifor er menneske meir verd enn fuglar eller blomster? Sjølv om vi andre prøvde å forklare, verka det som om det ikkje gjekk heilt inn. Skulle ønskje dei fekk sjå kor stor verdi dei har!

Ny engelsk-og bibelgruppe


Desse jentene traff eg i Oda kyrkje på laurdag ettermiddag. Presten har snakka lenge om at han gjerne vil ha hjelp til å nå ungdommar, og det var eigentleg elevar i vidaregåande han hadde sett som målgruppe. Men ikkje ein einaste svarte på innbydingane som han delte ut framfor skulen. Så då prøver vi heller ungdomsskuletrinnet, for der har dei allereie fleire som kjem i kyrkja, og så kan dei invitere med seg venner. Og her er dei som kom på første bibel- og engelskgruppa. Alle tre jentene byrja på ungdomsskulen i april, og engelsk er nytt fag for dei. Jenta til venstre vart døypt i påska. Ho har gått på kyrkja sin SFO, Lovely House, som vart starta etter at barnehagen vart nedlagt, og gjennom den kontakten har ho kome i kyrkja. Dei andre to går også på søndagsskulen.


Presten sjølv var også aktivt med i gruppa. Her presenterer han seg på engelsk:
- My name is Fukao Yoshiteru. I am a pastor, not pasta!


Oda er kjent for dei gamle sølvgruvene i Iwami.

Eg avsluttar med eit par bilete ifrå Izumo, der eg var i går. Izumo ligg midt mellom Matsue og Oda.

Izumo lutherske kyrkje lyser opp i landskapet. Rundt kyrkja er det stort sett berre rismarkar, som no er nyplanta og fulle av vatn.


Ein flott solnedgang fekk eg også med meg rett utanfor kyrkja. Under kveldsgudstenesta byrja froskane å syngje sitt eige kor utanfor kyrkjeveggane!

No comments:

Post a Comment