Etter at eg kom tilbake til Matsue for snart tre år sidan,
har eg vore åleine NLM-misjonær på denne sida av fjella, men no blir det snart
forsterkningar. Seinare på sommaren kjem eit ungt par flyttande frå Kobe og
skal busetje seg i Yonago. Det meste av tida skal dei bruke blant unge i Yonago
kyrkje og i utadretta arbeid med base i huset der dei skal bu, men dei blir
også engasjerte i studentarbeidet her i Matsue. Mellom Matsue og Yonago tek det
bortimot ein time å køyre.
Denne helga har eg hatt besøk av det unge ekteparet Thorsen.
Caroline frå Australia og David frå Norge møttest i Kobe i Japan, og i vår gifta
dei seg. David avsluttar toårig språkstudie i starten av juli og skal byrje i
arbeid frå 1. september. Caroline skal halde fram med japanskstudiar ei stund
også etter at dei har flytta hit.
Om lag ein time etter at dei var komne på fredagskvelden,
var dei med på Zoom Bible Club, men det var ikkje første gong. Heilt ifrå
slutten av april har dei vore med kvar fredag ifrå Kobe, så dei har allereie blitt
kjende med mange her sjølv om dei ikkje har møttest direkte.
Bible Club på Zoom |
Laurdag ettermiddag var vi i Yonago og fekk visning på nokre
hus dei hadde funne på internett. Dei bestemte seg ganske fort for eit hus der
dei kan invitere mange gjester, med god plass til parkering, og der var til og
med eit frukttre i hagen! Omtrent all frukta hadde falle ned og låg og rotna,
men dei gler seg allereie til frukta som kjem neste sommar. Den skal ikkje gå
tapt. No er prosessen i gong med å skrive leigekontrakt og praktiske ting som
må ordnast før dei kan flytte.
Laurdagskvelden hadde dei ordna seg overnatting sjølve, så
eg køyrde heimatt og gjorde meg klar til å preike i Arashima kyrkje på søndag.
Det meste av førebuinga hadde eg heldigvis gjort på fredag, for eg hadde også
samme preika på laurdagsgudstenesta. Sidan kyrkja er lita, er det ikkje plass
til alle dersom vi skal ha nok avstand mellom folk. Difor har vi to
gudstenester med plass til om lag 12 personar på kvar.
Søndagens talar bak smittevernsskjerm |
Sidan det ikkje har
vore meldt koronasmitte-tilfelle i fylket sidan 2. mai, er det bestemt å byrje
med felles gudsteneste att ifrå starten av juli.
Caroline og David var med i Yonago kyrkje søndag og fekk bli
litt kjende med folka der, før dei kom tilbake hit til meg, der vi hadde
kveldsgudsteneste ilag.
I Matsue kyrkje er også gudstenestene i gong igjen. Likevel
valde vi å ha den internasjonale gudstenesta online også i juni. Den viktigaste
grunnen er at studentar og tilsette ved universitetet har ganske strenge
reglar, og dei blir sterkt oppmoda om ikkje å delta på samlingar og arrangement
på grunn av korona. Difor kan eg ikkje invitere dei til å møtast fysisk, verken
i kyrkja eller på Bible Club. Då er det godt at vi har internett! I april og
mai sende eg direkte på Facebook heimanfrå, men denne gongen prøvde eg Zoom,
for å sjå kven som deltek, og for at deltakarane også kunne møte kvarandre. Og
det vart eit spennande møte!
Caroline var med som tekstlesar, David var talar, Karoline
og Marius Bergersen i Kobe delte lovsongar med oss, og ei jente i Norge hadde
vitnemål. Vi fekk også nydeleg fløytespel av ei jente som studerer ved
universitetet her.
David talar på direkten ifrå sofakroken min |
Til saman var vi 25 personar «samla», - dei fleste frå
forskjellige plassar rundt om i Japan, men også frå andre kantar på kloden.
Ifrå Australia var mor til Caroline med, og foreldra til David og fire andre
var med ifrå Norge.
Her er dei fleste av dei som var med på Zoom-gudstenesta |
Berre ni av oss som var med denne kvelden, bur i Matsue
eller nærliggjande byar, så det hadde nok blitt ei lita forsamling om vi hadde
samlast fysisk i kyrkja.
Neste internasjonale gudsteneste blir 19. juli, og det
blir nok også digitalt. Om det blir Zoom eller Facebook, har eg ikkje bestemt
endå, men uansett er du velkomen til å delta!
Det var veldig kjekt å ha Caroline og David her denne helga.
Dei nytta tida godt, også. Det siste dei gjorde før dei køyrde tilbake til
Kobe, var å treffe ein student dei er blitt kjende med gjennom Bible Club. Eg
trur dette er rette personar på rett plass!
Eg ser fram til eit vidare samarbeid med dei utover hausten.
Det er godt å vite at arbeidet blant ungdommane kan bli ivaretatt sjølv om eg
reiser. Og så gler eg meg til å besøkje dei når dei har kome seg i orden i huset!
Caroline vil ta over skia mine. Når ho er gift med ein nordmann, må ho lære seg å gå på ski! |
Ver med og be for ekteparet Thorsen, om at alt det praktiske med hus og
flytting legg seg til rette, at dei får vere frimodige til å bruke det
vanskelege språket, at dei får venner, om god inngang i nabolag og kyrkje i Yonago,
og for det vidare arbeidet i Matsue!