Sunday, January 5, 2020

Riskrem, krumkaker og finsk nyttår

Godt nyttår!
Eg sit her ein stille søndagskveld og ser tilbake på bilete frå jula og nyttårshelga. Det er lenge sidan eg har hatt ein søndag ettermiddag og kveld åleine heime, og det kjennest godt. Når eg ser tilbake, har eg visst hatt mykje folk innom dei siste vekene.

Også før sjølve jula hadde eg som vanleg bibelklasse og Bible Club. Så lurte eg på kva eg skulle finne på for julaftan. Det gjer meg ingenting å vere åleine, men eg veit der er også andre som er åleine, så kanskje vi skulle slå oss saman. Først gjorde eg avtale med ei japansk veninne. Kanskje eg skulle invitere nokre utlendingar, også, tenkte eg. Og det "balla" på seg, så vi vart til slutt seks personar rundt bordet. Ganske passeleg. Litt artig at biletet som eg sende til Sunnmørsposten, vart lagt ut på nettsida.

Det ser ut som om vi alle er vegetarianarar, men det er berre det at vi har ikkje fått kjøtet på tallerknane endå. Ei av gjestane ville heller ha geitost på potetene!

Slik ville vi nok ikkje ha gjort det i Norge...

Eg hadde lagt opp til at vi skulle gå i kyrkja på lysmesse etter desserten, men den måtte vente til seinare.

Det internasjonale juleselskapet mitt utgjorde over halvparten av forsamlinga, så julekvelden er visst ikkje den beste dagen å samle folk i kyrkja.

Sidan desserten venta, køyrde vi heimatt og fortsette selskapet etter gudstenesta. Og flokken hadde auke med ein person ekstra.
 Shoko hadde bestilt riskrem til dessert, og det likte alle. Men rabarbra-sausen fekk eg nyte sjølv i fleire dagar etterpå.

 Første juledag var ei vanleg onsdag, med jobb og skule for folk flest. Ein vanleg onsdag, bortsett frå at det ikkje var badmintontrening den føremiddagen, slik som det vanlegvis er. Så då inviterte eg damene på føremiddagsselskap. Fleire av dei jobbar, men har fri på onsdagar for å gå på badminton.

Fire av damene kom, og dei hadde også med seg brød og sushi, så vi avslutta med ein lett lunsj etter  julete og krumkaker. Dette er muntre damer som det er lette å bli kjent med.

Utpå ettermiddagen køyrde eg til Nima for å spele på julefesten der. Faktisk har eg ingen bilete derifrå. Engelsk-elevane møtte opp og song, slik dei gjer kvart år. Fleire av dei som har vore med tidlegare, kom også. Kari Opperud og gjestar frå Norge utgjorde ein del av forsamlinga, men likevel var det minst tre gonger så mange som på ei vanleg gudsteneste.


I romjula vart det plass til Bible Club, for dei som ikkje hadde reist på nyttårsferie.

Så var det min tur å reise vekk og bli oppvarta. Familien Perendi i Okayama har to aktive smågutar som eg leika med. Treåringen har blitt flink i japansk, så no har vi eit fellesspråk å kommunisere på.

Det var ikkje lett å få alle tre til å sitje stille samtidig!


På nyttårsdag var det ikkje gudsteneste i den kyrkja dei finske misjonærane høyrer til, men ved hjelp av internett fann vi ei anna kyrkje. Der fekk vi plass heilt bakerst i ei forsamling med over 250 store og små, unge og eldre. Det var flott å sjå at så mange samlast til bøn og Guds ord på første dag i det nye året, når eg veit at dei aller fleste japanarar søkjer til shintoheilagdomane i nyttårshelga, og gjerne tek turen til fleire tempel i løpet av dei første dagane i januar. Eg traff også fleire studentar eg har møtt tidlegare på KGK-leir. Nokre av dei har allereie stifta familie.


Eg har fått lov av foreldra til å bruke dette som profilbilete på Facebook. Kva vil skje i 2020? Det veit vi lite eller ingenting om. Vi kan legge planar, men vi har eigentleg ikkje kontroll over framtida. Det einaste vi kan gjere, er å legge planane og dagane i Guds hender.
Sjølv om eg ikkje veit så mykje om kva som skal skje, har eg iallfall nokre tankar om kva eg vil prøve å gjere. Eit viktig mål for året som ligg framanfor, er å prøve å gjere meg sjølv overflødig i nokre av dei oppgåvene eg har. Eg ønskjer også å sjå at fleire opnar seg for bodskapen dei høyrer og les frå Bibelen, og at vi får med nye i grupper og på gudstenester.

Medan eg skriv dette, høyrer eg på gudsteneste frå Oslo Misjonskirke Betlehem og ein song av Trygve Skaug, som passar godt som ei bøn for dagane som ligg framanfor:

           Hvor jeg skal gå
Det er du som kjenner veien jeg har foran meg
Det er du som kjenner alle mine steg før de blir til
Det er du som skaper håpet jeg har inni meg
Der er du som vet om alt det som jeg innerst inne vil
For du vet akkurat hvordan jeg er
For du ser akkurat hva jeg trenger nå
For du vet akkurat hvorfor jeg er her
Jeg ber om å få se hvor jeg skal gå
Hjelp meg å se, hvor jeg skal gå
Det er du som sender trøsten når jeg engster meg
Det er du som ser på hjertet mitt og fyller det med ro
Det er du som holder løftet om å redde meg
Det er du som kjenner tvilen min og fyller meg med tro
For du vet akkurat hvordan jeg er
For du ser akkurat hva jeg trenger nå
For du vet akkurat hvorfor jeg er her
Jeg ber om å få se hvor jeg skal gå
Hjelp meg å se, hvor jeg skal gå
For du har drukna meg i kjærlighet
Og når det stormer i livet, er det noen ting jeg vet
For du vet akkurat hvordan jeg er
Og du ser akkurat hva jeg trenger nå
Du vet akkurat hvorfor jeg er her
Ber om å få se hvor jeg skal gå
Hjelp meg å se, hvor jeg skal gå

Lytt til songen her, frå UL 2009: Hvor jeg skal gå 

Og gjekk du glipp av ei god preike idag, anbefaler eg radiogudstenesta med tale av Erik Andreassen:
Radiogudsteneste frå Misjonskirken

Takk til deg som har vore med i bøn gjennom 2019, og som vil vere med også i 2020!







No comments:

Post a Comment