Sunday, October 6, 2019

Julekorøving og andre haustaktivitetar

Allereie for ei veke sidan, siste søndag i september, starta vi oppatt øving med "julekoret". Eller kall det "Halleluja-koret". Her kan du sjå dei fleste som var med på første øvinga. Det er folk frå ulike kyrkjesamanhengar i byen. Nokre elevar frå ein katolsk skule er også med. Dei gøymer seg bak ryggen til fløytespelaren.

På øvinga i dag var det litt tynnare i rekkjene. Nokre kunne ikkje kome på grunn av eit dødsfall, og skuleelevane skal visst ha engelskprøve i morgon og måtte øve til det. Eg køyrde rett ifrå menighetsrådsmøte i Arashima og til pinsekyrkja Matsue, der vi har øvingane. Fleire frå Arashima ønskjer å vere med i koret, men det passa ikkje idag (heller). Forhåpentlegvis kan dei kome på neste øving, som ikkje er før 27. oktober. Julekonserten er 7. desember.

Mot slutten av øvinga idag tok vi fram att Halleluja-koret av Händel. Eg tenkte vi berre skulle øve på dei to-tre første sidene, men vi enda opp med å synge gjennom heile til slutt, og det gjekk faktisk ikkje så verst, sjølv om det var nesten eitt år sidan sist. Songglede har dei iallfall!

Det er kjekt at også ungdommar er med i år for første gong. Ho med fløyta er student ved universitetet og kjem også på Bible Club. Ho har også stilt opp med fløyta si på internasjonal gudsteneste dei to siste gongene, og sist fekk ho også med seg ei veninne i kyrkja. Dei kom begge på Bible Club sist fredag. Det var interessant å lese Bibelen ilag med dei. Ho som var der for første gong, hadde aldri før høyrt kva korset betyr.
Foto: Scott Menking
På biletet ovanfor vart vi visst alle litt ekstra smale, men det viser iallfall korleis vi har det på fredagskveldane på det internasjonale senteret. Her er to av gruppene under bibelstudiet.

Her er den tredje gruppa. Ei jente som var student for omlag fem år sidan, var heime i Matsue i samband med eit bryllup og ville gjerne innom Bible Club igjen på fredagskvelden. Det er kjekt når dei finn vegen tilbake.

 Denne studenten hadde vore heime ein tur i Kenya og fått seg ny sveis. Ho hadde også med noko til meg som du kan sjå på biletet heilt nederst.


 Det er blitt haust, og innimellom tyfonane er vêret ganske bra. Temperaturen var oppe i 31 grader ein dag med varm vind frå sør, men utpå ettermiddagen kom regnet, og då vart det plutseleg ganske kjølig. Dei siste nettene har temperaturen vore under 20 grader, men eg skvatt nesten i stad då dei sa på vêrmeldinga at minimumstemperaturen vil bli berre 14 grader i natt!

Oktober betyr basar i Arashima, og det blir planlagt i detalj. Vi skal også i år ha noko spesielt for barna, og fredag føremiddag samlast vi for å planlegge. Eg øvde på å lage på rekekjeks med blekksprutbolle inni, og alle prøvesmakte både ein og fleire gonger.



Eg tenkte på alt anna eg heller ville ha brukt denne føremiddagen til, og syntest dei andre var veldig opptekne av detaljar og syntest å ha kjempegod tid. Sidan eg har ein halvtime køyretid kvar veg, gjekk det også med ein time til det. Så det vart ikkje til at eg fekk starta førebuing til preika denne dagen. Og ikkje laurdag, heller. Og idag er det søndag, og eg kom ikkje heim før kl 18. Og då er det kjekkare å skrive blogg på norsk enn å tenkje på japansk preike. Eg kom forresten akkurat tidsnok heim til å høyre radiogudstenesta frå Ishavskatedralen på direkten.

I morgon har eg eigentleg fridag. Onsdag morgon reiser eg til Kobe for å ha mine siste musikktimar på bibelskulen og kjem att torsdag kveld. Fredag er det bibelklasse på føremiddag og Bible Club om kvelden. Det betyr at eg har tirsdag til å jobbe intensivt, og så laurdag til å gjere resten ferdig.
Det er altså neste søndag eg skal preike. Er du av dei som ber for arbeidet her, må du gjerne hugse på meg, også, at eg får det forsamlinga treng å høyre, og at eg finn dei rette orda på japansk. Tema for talen blir "Kvar er så dei ni?" ifrå Luk. 17, 11-19.
Eg har ikkje så mange idéar endå, men eg trur eg skal få med eit poeng frå Karsten Warholm.

Så kan de gjette kva dette har med bibelteksten å gjere... :)



 Måndag 14. oktober er offentleg fridag og dagen for den store basaren (som skal vere unnagjort på to timar). Tyfon nummer 19 er visst allereie på veg, og kan ta vegen hitover, men vi håper på bra vêr.

Eg avsluttar med ein selfie frå kyrkja idag. Eg syntest blomstrane var så fine, og så ville eg også vise det fine smykket frå Kenya. "Så du ikkje gløymer fargane i det kenyanske flagget", sa ho.


Med ønskje om ein god haust!
Takk for forbøn.



2 comments:

  1. Hei! Du har hektiske, men rike dagar ser eg. Vart noko bekymra for deg pga tyfonen i Japan. Du bur forhåpentligvis ikkje så nær at du må evakuere. Trist for dei som vert ramma. Alt godt frå Sigrid

    ReplyDelete
  2. Hei, Sigrid!
    Takk for kommentar. Det var dramatisk med den tyfonen, men her hos meg var det berre litt ekstra vind og regn.

    ReplyDelete