Monday, June 18, 2018

Kraftig jordskjelv i Osaka

Rett før kl 8.00 i dag kjende eg eit lite rykk, og tenkte det var eit nytt etterskjelv i Oda, men denne gongen var det eit stort skjelv i Osaka. Det er ganske langt unna, men det merkast også her, med styrke 2 på den japanske skalaen frå 1 til 7. I Osaka var det svak 6, og på Richters skala M 6.1.

Eg har vore i kontakt med venner i Osaka, og ingen av dei var blitt skada. Men skummelt er det likevel. Ikkje minst no når det er blitt kveld og mørkt. Du som ber for Japan, må gjerne hugse på alle som er redde i kveld og i dagane framover. Det blir sagt at det er 10-20 % sjanse for eit like stort skjelv i løpet av den komande veka.

Kari Opperud har skrive meir utførleg på NLM si heimeside. Der finn du informasjon om misjonærar, japanske medarbeidarar og kyrkjelydar.

Klikk på lenkja nedanfor!

http://www.nlm.no/nlm/internasjonalt/japan/nyheter/kraftig-jordskjelv-i-osaka

No comments:

Post a Comment