På biletet over er det folk frå kyrkjelyden ilag med engelskelevar. Lærarar frå organisasjonen Japan Mission har i mange år kome og undervist i engelsk, medan folk frå kyrkja har hatt andakt på japansk. Framleis er det ei slik klasse på laurdagane. Dei åra eg var i Kita-Osaka, frå 1998 til 2004, var eg med og hadde andakter, og på søndagsmorgon før gudstenesta hadde eg engelsk bibelstudium med fleire av dei. Det var kjekt å treffe dei att. Fleire hadde eg ikkje sett på 14 år!
Her er nokre av dei som gjekk i engelskklasse for vaksne. Jenta til høgre i biletet var med i ei av barneklassene eg hadde. No går ho siste året ved universitetet. Mora kom og var med også på gudstenesta, medan dottera hadde jobb fram til lunsj, og kom og var med oss vidare.
Mor og dotter framfor kyrkja. Kita-Osaka kyrkje har ikkje eige kyrkjebygg, men har kyrkjelokale i første etasje i ei blokk. Sjølv budde eg i 10. etasje i samme blokka dei seks åra eg var her.
For å få litt dimensjon på det, så tek eg med eit oversiktsbilete. Blokka er den kvite, smale blokka med grønt tak under pila. Her finn du altså Kita-Osaka Lutherske Kyrkje.
Programmet for dagen. Tema for talen min var "Gud snakkar vårt språk!" med tekst frå Apg. 2. Etter lunsj hadde vi mimrestund, der eg viste bilete og fortalde minne frå tida mi i Osaka.
Her fortel eg om den japanske studenten som kom tilbake frå sommarferie i Norge og vart med det kristne studentlaget ved universitetet og byrja på dåpskurs. Han vart døypt i påska året etter.
Eg fortalde også om Yoko, som gjennom engelskundervisning kom i kontakt med kyrkja og vart ein kristen i den tida eg var der. Då det etterpå vart gitt "ordet fritt", tok ho utfordringa og delte fleire minne, også ting som eg hadde gløymt.
Ei yngre søster hadde gått i engelskklasse hos Kari Opperud omtrent tjue år før Yoko kom og spurde om vi framleis underviste i engelsk. No har søstra byrja å kome på kveldsgudsteneste, og skal snart starte med katekismeundervisning.
Ilag med engelskelevar
Etter programmet var slutt på ettermiddag, gjekk nokre og hadde kaffi med Yoko, medan eg gjekk ein luftetur for meg sjølv i parken ved elva, der eg ofte gjekk tur for å kople av på ein travel søndag.
Etter middag hos Yoko var eg tilbake i kyrkja og talte for andre gong.
Tidlegare Indonesia-misjonær og no pensjonert pastor Hirano vart så inspirert at han spurde om å få kome med eit vitnemål etter gudstenesta. Her fortel han om kyrkjevekst i Indonesia.
Det var kjekt å treffe igjen både tidlegare medarbeidar, kyrkjemedlemmer og engelskelevar som enno ikkje er blitt kristne. Guds rike er framleis i vekst. Ein dag skal vi få sjå fruktene, slik Johannes fekk sjå det:
"Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål." Joh.op.7, 9a. Men for at dei skal bli med i lovsongskoret i himlen, må dei først få oppleve at Gud snakkar deira språk. Det er vår utfordring!
Som avslutning i dag tek eg med nokre glimt frå dagen derpå, - ein nydeleg 2. pinsedag, som er ein heilt vanleg måndag her i landet. Ei veninne tok meg med på ein svipptur til ein rosepark i Kyoto. Vi rakk akkurat toget tilbake til Osaka, så eg rakk å ta ut bagasjen frå oppbevaringsboksen og gå til bussterminalen.