|
Foto: Scott Menking |
Tyfon nr. 24, som eg skreiv om for 6 dagar sidan, gjekk forbi her i løpet av natt til måndag. Sjølv om det hadde regna kraftig, var det allereie tørt ute, blå himmel og sol då eg tok meg ein tur ut måndag morgon.
Elva var ganske stor og brun, men elles var det lite som vitna om at det hadde vore hardt vêr dagen før.
Vanlegvis tek ikkje tyfonane så hardt på denne sida av landet, men idag har vi merka godt etterdønningane etter tyfon nr. 25. Tidlegare i veka var det meldt at tyfonen ville ta ruta nordaustover på Japanhav-sida, der Matsue ligg, men i går ombestemte han seg visst og tok vegen ut i havet. Likevel blæs det ganske bra, og det var meldt om 6 meter høge bølgjer. Varm vind frå sør-vest har ført med seg sommarvarme på over 30 grader idag, så det var kanskje ikkje rette dagen å bake brød på, men eg hadde lyst på ferskt brød, og då så. God klestørke var det iallfall!
Men det var ikkje vêret eg skulle skrive om. Når de i Norge tek haustferie, har universitetet her såvidt kome i gong med haustsemesteret. Også forrige veke var mange studentar komne tilbake, men på Bible Club i går var det fleire eg ikkje hadde sett sidan juni.
På tirsdag kjøpte eg 20 frosne laksebitar på tilbod og satsa på at det ville bli eitt stykke til kvar. Vi enda opp med 16 til middag, men dei åt gjerne det som var til overs.
Eg spedde på med litt ferdigmat, suppe, steikte poteter og mykje ris, så eg trur dei vart mette.
Det er snart eitt år sidan vi fekk klage frå naboane i første etasje. Eg har eit godt forhold til dei. I går då eg kom att frå handleturen, traff eg kona ute. Eg sa at vi kom til å bli 16 til middag, så det ville nok bli litt lyd ein times tid.
Ei lita stund etter eg var komen inn, ringde det på døra. Der stod ho ilag med yngste dottera si med ein pose i handa. Ho lurte på om eg bruker ris. Ja, det går mykje ris, sa eg, som allereie hadde sett på 13 koppar til koking. Ho ville gi meg ris som slektningar hadde dyrka. Idag vog eg posen: 4,8 kilo. Det er ikkje lite! I mi eiga hushaldning held det lenge, men på Bible Club går det fort unna. Kanskje det var meint som ei lita takk fordi vi prøver å ta omsyn til dei?
I går gløymde eg å ta med mobilen bort på det andre lokalet, så eg har ingen bilete derifrå. Men Scott tok eit samla bilete ute i hallen før vi gjekk derifrå. Då var vi blitt tjue personar. På det første biletet kan du sjå oss alle. Då eg talde, ser eg at fleirtalet er ikkje-kristne, japanske studentar.
Eg var ikkje så særleg motivert i går. Det er ofte eit tiltak å tenkje ut og lage mat, og samtidig vere inspirert til å leie bibelstudiet etterpå. Og andre ting som eg skulle/burde ha gjort tidlegare på dagen, vart berre til ingenting. Slikt blir eg frustrert av.
Etter at eg kom heim om kvelden, gjorde eg som eg bruker, - strekte føtene i sofaen og las refleksjonane som ungdommane hadde skrive i møteboka. Teksten i går var om Jesus som vintreet, frå Joh. 15, 1-13.
Det er ikkje alle handskrifter som er så lett å tyde, og engelsken er heller ikkje perfekt. Likevel får vi eit inntrykk av at noko har gått inn hos dei. Her er nokre døme:
- Takk for Jesu kjærleik. Eg forstod det fordi vennene mine fortalde meg om forholdet mellom Jesus og oss.
- Dersom vi blir knytta til Jesus, kan vi få mange gode ting.
- Det var fint å snakke med dykk og lære om Jesus.
- Eg lærte at det er viktig å bli knytta til Jesus. Takk for at de fortalde meg det.
- Eg lærte at reinsing (pruning) er viktig for at vi skal utvikle oss.
- Eit godt studie. Eg forstod heilt klart kor viktig forholdet mellom treet og greinene er.
- Eg lærte at vi treng Jesus.
- Eg lærte at Jesus elskar oss, så vi må også elske andre slik som Han.
Slik skriv åtte ikkje-kristne ungdommar. Og eg trur dei er ærlege.
Idag har eg tatt dagen som han kom. Oppvasken frå i går tok si tid, men eg tenkte at dette er også ein del av misjonsarbeidet. Eg kunne be for dei som hadde brukt tallerknane og suppeskålene. Eg starta bra, men gløymde det visst fort...
Det er godt å ha ein laurdag utan noko spesielt å førebu til søndag. Preikefri, spelefri og søndagsskulefri. At det ikkje er søndagsskule, er ikkje positivt eigentleg, då...
Men etter gudstenesta blir eg nok sett i arbeid. Måndag er nemleg basardagen i Arashima kyrkje, og det som kan gjerast klart, blir gjort etter kyrkjetid.
Eg jobbar ikkje heile tida, sjølv om folk kanskje trur det. Ein føremiddag var eg på kafé med ei veninne, og ein annan føremiddag var eg på badmintontrening.
Eg tek meg også nokre kombinerte foto- og trimturar langs elva og leitar etter fine motiv.
I skrivande stund har visst vinden stilna, - det vil seie bevega seg lenger nordover. I ettermiddag og kveld har eg hatt litt spesiell "musikk" i postkassa mi. Her kan du høyre. Når det syng slik om natta, rømmer eg frå soverommet.
Så kan eg samtidig drive litt PR for musikalen som barna i Yonago kyrkje skal ha 15. desember (den store plakaten), julekonserten vi skal ha 8. desember (raud plakat), og den internasjonale gudstenesta som vart avlyst sist søndag og er utsett til 21. oktober.
Gangdøra mi er altså oppslagstavle. Kjøleskapdøra er allereie full.
Ser du godt etter på trollet, kan du kanskje sjå at det er 28 grader på kjøkkenet. Og det er ikkje på grunn av brødsteikjinga.
God helg!