Wednesday, June 8, 2016

To veker igjen

Onsdag om to veker er eg på denne tida allereie komen til Osaka, der eg skal overnatte før eg står opp tidleg og reiser til flyplassen torsdag 23. juni.
Avskjedssamlingane kjem på rekkje og rad. Forrige tirsdag hadde eg siste bibelklassene i Nima. Biletet ovanfor viser damene i kveldsklassa, som skålar for misjonæren. I glasa har dei kald te eller vatn, så eg reknar med dette går gjennom sensuren.

Tidlegare på dagen hadde eg lunsj og siste bibelklasse med desse to damene. Dei snakkar godt engelsk, men under lunsjen gjekk alt på japansk.
Kveldsklassa møtte opp fulltallige denne dagen. Vi starta ein time tidlegare enn vanleg for å få nok tid til bibelstudie før maten.
Og her var det mykje godt!



Dette er ein flott gjeng! Eg har undervist dei i 1 1/2 år. Sjølv om eg reiser no, så vil dei halde fram og samlast i kyrkja to gonger pr. mnd. Først hadde vi snakka om at evangelist Chigane skulle ha japansk bibelklasse, men no har dei kome fram til ei ordning som truleg vil føre til at alle vil halde fram med å kome. Bibelklasse på japansk ville nok blitt berre for spesielt interesserte. Dei har fått kontakt med ein ung mann frå Australia som er gift med ei japansk dame. Han er villig til å kome annankvar tirsdag og undervise i engelsk kommunikasjon i ein time, og så vil Chigane ha andakt på japansk etterpå. Og dei startar allereie 14. juni!



Det er ganske fullt både på parkeringsplassen nærast kyrkja og på marka bortanfor når det er engelskklasse. Eg er glad for at allereie neste tirsdag fyllest både parkeringsplassen og kyrkja med folk som får lære både engelsk og Guds ord.

 Både på veg til Nima og på veg heim neste føremiddag måtte eg stoppe fleire gonger og ta bilete. Det står også "stopp!" på skiltet... Nedanfor er ein liten videosnutt med stemning frå Japanhavet. Dette er også noko eg truleg kjem til å sakne.



I Matsue har det også vore avskjed for meg. Søndag 5. juni var det siste internasjonale gudsteneste før eg reiser.


 Fleire av desse studentane var i kyrkja for første gong. (Foto: Scott Menking)

Eg fekk tale til omtrent 17 kristne og like mange ikkje-kristne! Tema: "Eg er berre doggdropen, liten og veik..." (Foto: SM)

Eg har vore med og sendt ut mange frå fellesskapet vårt. Då bruker vi alltid Sølvi Helen Hopland sin song "God be with you, my friend, God bless you, my friend." Og Jennifer har alltid vore solist der. Men denne gongen var det Jennifer og eg som skulle bli tatt avskjed med, så vi tok ein ny vri: Eg song første verset til henne, og ho song andre verset til meg. Alle var med på refrenget. (Foto: SM)

Eg hadde sagt det meste eg hadde på hjartet under preika, men fekk seie nokre ord i tillegg. "Eg er ikkje ferdig som misjonær om eg reiser herifrå. I Norge er det mange som støttar meg og ber for oss. Så når eg reiser tilbake til Norge, vil eg fortelje om denne gudstenesta, og oppfordre folk til å gi meir pengar så vi kan sende enno fleire misjonærar til Japan!" Noko liknande var det eg ordla meg. Også dette biletet er tatt av Scott.
Og så var Scott framme for å be Guds velsigning over Jennifer og meg på vegen vidare.
Jennifer reiser tilbake til USA etter å ha avslutta jobben ho har hatt, og eg reiser tilbake til Norge. Så får Gud styre ferda vidare.
Av desse var omtrent 10 personar i kyrkja vår for første gong, og nokre også truleg første gong i livet.
Det er kanskje ikkje så dumt at misjonærar reiser av og til, for det kan gi andre påskot til å kome til kyrkje nettopp fordi det er "siste gong".
Mange gode helsingar fekk eg også! Fleire ikkje-kristne studentar takkar for at eg har undervist dei i Bibelen.
Framleis har dei to fredagar til å kome på Bible Club før eg reiser. Men dei fleste veit enno ikkje at dei kan komme på Bible Club også vidare heretter.
Her er nokre av dei som tek ansvar for Bible Club og internasjonale gudstenester vidare:
Trufaste lesarar av bloggen min dreg kanskje kjensel på desse tre? Vi møttest til kaffi og donuts på universitetet søndag ettermiddag før gudstenesta. I morgon har eg pizza-møte ilag med nokre av desse, for å planleggje Bible Club og for å be for arbeidet vidare. Takk Gud for gode medarbeidarar! Og dersom det er Han som har starta dette arbeidet, står og fell det ikkje med misjonæren. "Misjonen er min sak", seier Han.

Også idag var eg oppom på universitetet. Tre kristne studentar møttest på eit klasserom i lunsjpausen til bibelstudium og bøn. Ofte er det eg som har tatt initiativ, men denne gongen kom det frå studentane sjølve.
Sjølv om dei er få, er det ein god start. Eg la igjen ein pose med studiehefte dei kan bruke medan eg er borte. Og om eg ikkje skulle kome tilbake, går Guds rike framleis vidare.

Fleire avskjedssamlingar ventar: Laurdag kveld med fredag føremiddags-bibelklassa, søndag 12. i Arashima kyrkje, og søndag 19. i Matsue kyrkje. Innimellom skal eg prøve å tømme fryseboksen og anna mat eg framleis har på lager...Idag har eg ete ein halv boks av surkål frå jul!

Ein av dei siste avskjedmiddagane ser også ut til å bli ganske norsk, berre sjå invitasjonen nedanfor:
 Der er berre éin feil: Eg slepp å reise til Tokyo, men berre 40 minutt til nabobyen Yonago. Det blir truleg min siste tur med min kjære Toyota Rav4, også... :(





2 comments:

  1. Gripende og interessant å lese om avskjedssamlingene og forberedelsene til hjemreisa di. Jeg har fulgt deg med interesse disse årene, ikke hver dag, men jevnt og trutt. Velkommen til norge. Det trengs misjonærer her ogsåGud velsigne hjemreisa di. Karin

    ReplyDelete
  2. Hei, Karin!
    Takk for helsing, og for at du følgjer med. Dumt du ikkje er i Stordal no, så vi kunne treffast. Ja, det trengst vel misjonærar overalt. Men tittelen "misjonær" kommuniserer nok ikkje så godt med folk flest i Norge. Kan kanskje seie eg er lærar, for det er no det eg er, eigentleg. Lærar i Japan, det høyrest vel bra ut?

    ReplyDelete