Monday, September 17, 2012

Sommar eller haust?

Risen og fikena er mogne, så det er fleire ting som tyder på at hausten er her, men framleis er det rundt 30 grader, og dei fleste studentane er framleis på sommarferie. Universitetet startar ikkje opp med vanleg undervisning før i byrjinga av oktober. Men nokre studentar er her likevel, for å ta spesielle kurs, eller for å forske på froskar. Kazuaki avlar froskar i laboratoriet, og han må vere der og mate dei kvar dag. Men frå i dag til onsdags morgon stikk han ein liten tur heim til Osaka og tek sjansen på at rumpetrolla overlever...

På Bible Club for to veker sidan var vi berre tre, men vi fekk ei heilt spesiell stund, med to som begge tenkjer på å bli kristne. Det er eit stort steg å ta, men eg trur det var godt for dei begge å snakke med nokon som tenkjer litt likt.
Sist fredag var gruppa blitt mangedobla, som de kan sjå ovanfor. Dei tre til høgre var her for første gong. Ei kristen dame som er medlem av kyrkja vår i Izumo, hadde fått med seg ei ikkje-kristen veninne og dotter hennar, som er på studentane sin alder. Mor og dotter hadde aldri vore på eit kristent møte før, og det var første gong dei las i Bibelen. For å gi dei ei kort innføring i kva Bibelen handlar om, utfordra eg dei tre japanske studentane om dei kunne fortelje noko dei hadde lært eller som hadde gjort inntrykk. Ingen av desse er kristne enno, men dei gjenga forteljinga om Jesus på ein imponerande måte. Berre høyr:
"Jesus vart fødd av Maria, som vart gravid utan å ha vore ilag med Josef. Det var ein engel som kom og fortalde at ho skulle bli mor til Guds son, "fortel den første, før ei anna jente tek over: "Jesus gjorde mange under. Han kan gjere kva som helst!" Det som hadde gjort mest inntrykk på den tredje, var då Maria Magdalena møter att Jesus utanfor grava. Og engelen som sa: "Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?"
Noko er blitt sådd, og såkornet ligg der. Og det ser ut som om noko held på å spire...

I går var det 5. gong vi hadde internasjonal gudsteneste, og det kjem stadig nye folk. Ei dame hadde funne informasjon på Facebook og på kyrkja si heimeside. Denne gongen fekk eg med meg fleire i lovsongsteamet. Pastor Kajinishi heldt andakt på japansk, som eg tolka til engelsk. Det var godt å sleppe å ha ansvar for alt denne gongen. Og eg takkar Gud for gode medarbeidarar. Kazuaki gjer ein god jobb ved projektoren. Han hadde laga ein flott powerpoint, der han hadde studert teksten i songane og funne bakgrunnsbilete som passa til kvar song. Veldig bra!

Denne gongen hadde Sansfica fått med seg ei kristen veninne, også frå Sri Lanka. Mannen til M (t.h.) studerer ved universitetet her. Han er buddhist, og familien hans er imot at M skal gå i kyrkja, men denne gongen hadde ho fått lov. På Sri Lanka er det tradisjon at når ei kvinne blir gravid, blir det halde ein forbønsseremoni for mor og barn. Og M ønska kristen forbøn. Medan eg var i Norge i sommar, hadde ho vore i kyrkja vår for å få forbøn av pastoren. Og etter gudstenesta i går vart ho plassert på ein stol, og fem av oss stod rundt og bad i tur og orden for henne, for det ufødte barnet og for heile familien. Det viste seg at vi som stod og bad, var frå fem ulike nasjonar: Japan, Sri Lanka, Nigeria, USA og Norge. Men vi trur på den samme Gud!


Til slutt i dag vil eg berre gi nokre glimt av korleis Gud minte meg om si storheit i kveld. Omlag kl 18.20 såg eg tilfeldigvis utav vindauget og la merke til eit rosa lys. Eg treiv kameraet og gjekk ut på verandaen. Etter å ha knipsa litt derifrå, gjekk eg ut og tok bilete frå fleire vinklar. Her er litt av det eg såg:




No comments:

Post a Comment