(Screenshot frå Japan Times)
I går føremiddag hadde eg endeleg fått sett meg ned for å starte førebuing av preika til søndag, då jordskjelvet kom. Slikt er vi ikkje vant til på denne kanten av landet. Eg søkte dekning under bordet til første skjelvet hadde roa seg.
På kartet viser det at skjelvet kunne kjennast over heile vest-Japan. På den japanske skalaen frå 1 til 7 var det her på det oransje med 5+. På karakterskalaen er det ganske bra, men ikkje på jordskjelvskalaen. På Richters skala målte det M 6.2.
På nyheitene advarer dei om etterskjelv som kan kome fram til omtrent ei veke etter det første skjelvet. Vi har kjent nokre svakare etterskjelv, og på nettet kan vi følgje med på tidspunkt og styrke, også små skjelv som ein kanskje ikkje kan kjenne.
Resten av dagen i går gjekk med til å kontakte folk i kyrkja og å vere vertskap for to veninner som bur åleine og som kjende seg utrygge.
Kjekt å ha nokon å lage og ete middag ilag med i slike tider.
Her er ei oversikt over alle registrerte skjelv mellom kl 10.18 (nederst) og kl 13.05.
島根県東部 markert med oransje er Shimane fylke aust. Episenteret var i Yasugi by, som ligg heilt på grensa til Tottori fylke. Arashima kyrkje, der eg arbeider, ligg i Yasugi.
Tala i høgre rubrikk er styrken på den japanske skalaen. 5強 er sterk 5 (5+) og5弱 er svak 5 (5-).
Her er framhald, mellom 13.24 og fram mot midnatt. Berre eit par av desse var såpass at det kunne merkast her, men det er likevel ikkje kjekt å gå og legge seg og vite at det kan bli ei uroleg natt.
Det var godt å kunne be ilag med dei to kristne veninnene mine som overnatta her.
I dag har vi vore ute og hatt nokre timar ilag med ei jente som kjenner seg veldig utrygg og som bur på ein plass der dei kjenner etterskjelva betre. I løpet av dei timane vi var i lag, merka vi ingenting.
Vi ber om at mange må få bruk for den tryggheit som Jesus gir midt opp i alt dette. Minne frå 17. januar 1995 dukkar opp. Då var det mange i Norge som bad for Japan og også for meg. Det skriv eg om i "Når lysene tennes 2025". Eit ord som vart til hjelp den gongen, har eg prøvd å ta fram både for meg sjølv og andre rundt meg også denne gongen:
For om fjella vik og haugane vaklar,
skal min godleik aldri vika frå deg,
mi fredspakt skal ikkje vakla,
seier Herren, som viser deg miskunn.
Jes. 54,10
Du som ber, må gjerne hugse på det japanske folket og oss utlendingar som bur her, også.
Be også om at eg får førebudd preika til søndag og andre forefallande oppgåver denne veka. Heldigvis hadde eg ikkje planlagt engelskklasse i Nima denne tirsdagen.
Og be om at vi må sleppe større etterskjelv.
Du kan forresten snart høyre meg på Radio Sunnmøre. Helge Åkernes var snar til å ta kontakt. Eg vart overraska over å høyre at jordskjelvet også var registrert av NRK. Hittil har eg ikkje høyrt om nokon personskade.
