Tuesday, February 17, 2026

Vinter og vår på éi veke

 

For vel ei veke sidan var det full vinter her i Matsue. Natt til søndag 8. februar lava det ned medan eg sov. Sjølv om det var meldt mykje snø, trudde eg det eigentleg ikkje før eg såg ut vindauga søndags morgon. Denne gongen hadde ikkje vêrmeldinga slått feil. Og det heldt fram med å snø heile dagen. Det var ganske uframkomeleg på vegane, for brøytemannskap er ikkje i beredskap her. Så det vart å ta fram spaden. Det vart også ei anledning til å treffe fleire av dei som bur i blokka, som prøvde å spa ut bilane sine. Gudsteneste og årsmøte i Arashima kyrkje vart avlyst, og utsett til 15. februar. Så då hadde eg tid til ein liten skitur innimellom snømokinga.


Då eg endeleg hadde fått ut bilen, tok eg med skia og køyrde bort til elva nær der eg budde før, og laga meg ei løype. Heldigvis var parkeringsplassen ved butikken rydda, så eg fekk parkere.



Men vinteren varte ikkje så lenge. No er det vår og mildvêr, sjølv om det er ned mot null grader om natta.

I dag sykla eg bortom i "skiløypa" og tok nokre bilete av eit sikkert vårteikn.




Årsmøte

Denne søndagen fekk vi gjennomført årsmøtet i Arashima. Det gjekk ganske greitt unna. Det var inga overrasking at desse tre vart valde inn i menighetsrådet igjen. Det er lite utskifting her. Godt å ha gode, trufaste medarbeidarar. Til slutt i årsmøtet var det forbønshandling ved pastor Mori.



                                   Eldste Matsumoto vart også vald på nytt.

Internasjonal gudsteneste


Samme kveld hadde vi internasjonal gudsteneste i Matsue. To ifrå Arashima var med og hjelpte til denne kvelden. Vi var berre fire utlendingar denne gongen. Japanarane fekk med seg japansk omsetjing av preika mi, som eg hadde på engelsk.

Babysong

Måndags føremiddag var det babysong igjen. Tre mødre og fire barn såg ut til å kose seg.




Dei har lært bordverset, der vi takkar Gud for maten i Jesu namn. Storesøster på 3 år hugsa alle orda og melodien, sjølv om det er ein månad sidan sist dei var her. Skulle nesten tru dei har øvd heime. 



Denne gongen fekk eg også ta fleire av borna på fanget. Storesøster skal byrje i barnehagen i april, så neste gong i mars blir siste gong ho kan vere med på babysong. Men lillebror og mor vil framleis komme. Kanskje ein dag kan eg få invitere dei til noko i kyrkja, også. Denne gongen høyrde vi om Sakkeus.

Bible Club og English Café

Forrige veke prøvde vi å invitere til Bible Club på laurdag sidan det var Valentinsdagen, men det viste seg at ingen student kunne komme. Men då hadde vi "stabsmøte" i staden. Carmella og Scott var nettopp komne igjen frå California med ei studentgruppe. Det var fint å få dele eit måltid og høyre nytt, og avslutte med å be ilag for studentane og for kvarandre.

Denne helga får eg besøk av ei norsk dame som er utsendt for Pinsemisjonen. Ho har tilbudt seg å lage middag til Bible Club og bake til English Café. Det er allereie påmeldt to studentar til Bible Club, og ei av dei har ikkje vore her før. Ho er frå gruppa som var med til California.

Eg er også spent på kven som kjem på English Café i kyrkja komande laurdag. Du som ber, kan gjerne hugse på det, også. 














Thursday, January 29, 2026

Når livet går på det jamne

 


Vanlegvis synest eg ikkje eg har så mykje å skrive heim om. Gudsteneste og bibelgrupper går sin gang, men det er ikkje dei store forandringane frå gong til gong. Men her er iallfall nokre glimt frå dei siste dagane.

Eg har heldigvis ikkje merka fleire etterskjelv dei siste vekene, og ting ser ut til å ha roa seg. Det som har vore meir på nyheitene i det siste, er all snøen som har kome i store delar av landet. Her i Matsue har det ikkje vore så mange centimeter, og no er alt borte igjen. Det er meldt meir til natta, men det får eg eventuelt sjå i morgon når eg står opp.


Innimellom snøbygene har plommetrea byrja å blomstre. Eit teikn på at det kan bli vår i år, også.

I februar månad skal Japan vere månedens misjonsland. Eg har i oppgåve å redigere og publisere misjonsbloggar på nlm.no, der fire av misjonærkollegaene mine skriv om arbeidet og livet her. Den første skal ligge klar til å bli publisert kl 00.00 den 1. februar, men eg er ikkje sikker på om det er japansk eller norsk tid. Iallfall tidsnok til at de får det til søndagsfrukosten. Eller kanskje allereie laurdag kveld?


Internasjonal gudsteneste


Ein søndagskveld i månaden har vi internasjonal gudsteneste i Matsue kyrkje. Denne gongen var vi ikkje så mange, men vi hadde til og med tre forsongarar som leia kvar sine songar, og ei ung dame frå India hadde vitnemål i tillegg til at eg hadde andakta. Og presten stiller opp og les bibelteksten på japansk.


Bible Club


Bible Club på fredagskveldane går litt opp og ned med frammøte, men der er to-tre kristne utanlandsstudentar som er ganske trufaste, og innimellom nokre japanske studentar. Carmella og Scott er også med så ofte dei kan. 31. januar reiser dei til California med ei gruppe studentar. Denne veka er også siste veke med undervisning og eksamen før vårferien. Nokre studentar blir nok likevel verande i byen sjølv om nytt studieår ikkje startar før i april.

På slutten av bibelstudiet deler vi ofte inn i mindre grupper for at fleire kan bli med i samtalen og få anledning til å stille spørsmål. Gutegruppa får oftast sitje under kotatsuen (varmebord).



Babysong


På babysong denne veka kom det fire mødre og fem barn, så det var ganske trangt på rommet der vi song og leika. På "Bibelapp for barn" høyrde og såg vi forteljinga om sonen som reiste heimanfrå og måtte passe grisar, men som fekk komme heimatt til faren, som laga stor fest for han.
Ei storesøster på 3 år synest det er artig å trykke på skjermen på nettbrettet mitt og få personar og dyr til å hoppe og sprette.
 
Det var akkurat 2-årsdagen til ei jente. Det var ho og mora som eg starta med i november 2024. Så har dei fått med seg venner. Og naboen vegg i vegg med meg har ei jente som vart 1 år tidlegare i januar, så då vart det dobbel gjebursdagsfeiring. 1-åringen var litt for liten til å blåse ut lyset, så det fekk mora gjere.
1-åringen trengde ikkje å ta på seg sko for å besøkje meg, når det er berre nokre få meter frå dør til dør.

Denne dagen måtte vi ha to bord for å få plass til alle. Eg skulle gjerne hatt eit koseleg rom i ei kyrkje i nærleiken å samle dei i, men eg trur eg må vente til Matsue lutherske har bygd ny kyrkje. Dei har planlagt i årevis og samla pengar. Kanskje det kan skje noko i løpet av dette året? Eg har høyrt at dei iallfall har planar.

Bible Class

To torsdagar i månaden har eg ei gruppe på 3-5 vaksne som kjem for å lese Bibelen på engelsk. For nokre veker sidan var det ein som spurde om forskjellen på GT og NT, så i dag hadde eg lagt opp til eit studium om Bibelen, der vi mellom anna såg ein video frå Bible Project. Dessverre var han som hadde spurt om Bibelen, forhindra frå å komme i dag, men dei andre ga uttrykk for at dei hadde lært mykje nytt. 

Eg hadde funne fram alle Biblane eg har i huset. Vi las og samanlikna vers frå tre ulike japanske omsetjingar i tillegg til engelsk. Til slutt las eg litt frå ein barnebibel til dei, om såkornet. Dei sa dei likte barnebibelen best!

Elles har eg vore i Nima på engelsk bibelklasse der. Damene der dramatiserte forteljinga om den blindfødde som Jesus opna augene på, naboane som ikkje kunne forstå at det var samme mannen, og farisearane som vart sinte og kasta han ut. Til slutt leita Jesus han opp, og mannen fekk bekjenne trua på Guds son.

Jehovas vitne på døra

I kveld i 18.30-tida ringde det på døra. Det var ein mann og ei kvinne. Først tenkte eg det var nokre som hadde flytta inn i blokka som ville presentere seg, så eg gjekk ut og opna døra. Då forstod eg fort at dei var Jehovas vitne. Dei var godt kledde, men eg var ikkje innstilt på å stå lenge i døropninga og snakke med dei. Eg fekk iallfall sagt at vi har forskjellig bibelomsetjing, og at eg trur og underviser at Jesus er Gud. Så gjekk eg inn for å varme meg. Men angra litt på at eg ikkje har sett meg meir inn i kvifor vår bibelomsetjing er meir truverdig og kvifor deira er feil, og argument for at Jesus er Gud, han som blir kalla Alfa og Omega, og som sit på Guds trune i himmelen.
Etter at dei var gått, tenkte eg - no går dei til naboane mine og folk i blokka som eg enno ikkje har helst på eller ikkje eingong sett. Det var eg som skulle ha fortalt dei om Jesus og Bibelen!

Eg har tenkt tanken på om eg ein gong skulle våge å invitere til husmøte eller noko slikt. Men hittil har det ikkje blitt. I første omgong får eg bruke dei muligheitene eg har når eg møter naboen på babysong og studenten som bur over meg, som kjem for å prate engelsk.

Snart 103-årsdag

Og så må eg nemne mi japanske "mor", som fyller 103 år den 20. februar. Ho er framleis oppegåande og har godt humør, men eg merkar ho blir meir og meir gløymsk. Eg skulle så gjerne fått oppleve at ho vil ta imot Jesus før ho blir for gammal... Kvar er det blitt av alt ho har høyrt og lese i Bibelen?

Fokus på Japan i februar

Følg med på nlm.no i løpet av februar, så får du meir nyheiter omtrent ein gong i veka. Skribentane er David Thorsen, Tone Tråsdahl, Øyvind Barlaup og Kristin Nævdal.





Wednesday, January 7, 2026

No er alt roleg, iallfall foreløpig

 

(Screenshot frå Japan Times)

I går føremiddag hadde eg endeleg fått sett meg ned for å starte førebuing av preika til søndag, då jordskjelvet kom. Slikt er vi ikkje vant til på denne kanten av landet. Eg søkte dekning under bordet til første skjelvet hadde roa seg.

På kartet viser det at skjelvet kunne kjennast over heile vest-Japan. På den japanske skalaen frå 1 til 7 var det her på det oransje med 5+. På karakterskalaen er det ganske bra, men ikkje på jordskjelvskalaen. På Richters skala målte det M 6.2.

På nyheitene advarer dei om etterskjelv som kan kome fram til omtrent ei veke etter det første skjelvet. Vi har kjent nokre svakare etterskjelv, og på nettet kan vi følgje med på tidspunkt og styrke, også små skjelv som ein kanskje ikkje kan kjenne.

Resten av dagen i går gjekk med til å kontakte folk i kyrkja og å vere vertskap for to veninner som bur åleine og som kjende seg utrygge.


Kjekt å ha nokon å lage og ete middag ilag med i slike tider.



Her er ei oversikt over alle registrerte skjelv mellom kl 10.18 (nederst) og kl 13.05. 

島根県東部 markert med oransje er Shimane fylke aust. Episenteret var i Yasugi by, som ligg heilt på grensa til Tottori fylke. Arashima kyrkje, der eg arbeider, ligg i Yasugi.

Tala i høgre rubrikk er styrken på den japanske skalaen. 5強 er sterk 5 (5+) og5弱 er svak 5 (5-).


Her er framhald, mellom 13.24 og fram mot midnatt. Berre eit par av desse var såpass at det kunne merkast her, men det er likevel ikkje kjekt å gå og legge seg og vite at det kan bli ei uroleg natt. 
Det var godt å kunne be ilag med dei to kristne veninnene mine som overnatta her.

Måndag kveld hadde eg pakka vekk julepynten, men julekorta hadde eg framleis hengande. Dei fleste korta er frå LMF-grupper (Lærernes Misjonsforbund). Gjestane mine prøvde seg på å lese norsk.
Etter ein god del øving vart resultatet ganske bra, ikkje sant?



I dag har vi vore ute og hatt nokre timar ilag med ei jente som kjenner seg veldig utrygg og som bur på ein plass der dei kjenner etterskjelva betre. I løpet av dei timane vi var i lag, merka vi ingenting. 

Vi ber om at mange må få bruk for den tryggheit som Jesus gir midt opp i alt dette. Minne frå 17. januar 1995 dukkar opp. Då var det mange i Norge som bad for Japan og også for meg. Det skriv eg om i "Når lysene tennes 2025". Eit ord som vart til hjelp den gongen, har eg prøvd å ta fram både for meg sjølv og andre rundt meg også denne gongen:

For om fjella vik og haugane vaklar,

skal min godleik aldri vika frå deg,

mi fredspakt skal ikkje vakla,

seier Herren, som viser deg miskunn.

Jes. 54,10


Du som ber, må gjerne hugse på det japanske folket og oss utlendingar som bur her, også.

Be også om at eg får førebudd preika til søndag og andre forefallande oppgåver denne veka. Heldigvis hadde eg ikkje planlagt engelskklasse i Nima denne tirsdagen. 

Og be om at vi må sleppe større etterskjelv. 

Du kan forresten snart høyre meg på Radio Sunnmøre. Helge Åkernes var snar til å ta kontakt. Eg vart overraska over å høyre at jordskjelvet også var registrert av NRK. Hittil har eg ikkje høyrt om nokon personskade.