Tuesday, December 30, 2025

Romjulshelsing


Først vil eg takke for alle julehelsingar, både i postkassa, på Messenger og på e-post. I går fekk eg endeleg setje meg ned og opne alle digitale julehelsingar og sende nokre svar. Og i dag har eg årets siste feriedag, som eg måtte føre opp for at systemet skulle bli fornøgd.

No prøver eg å nå dykk som ikkje har fått julehelsing frå meg.

Det er mykje som har skjedd sidan eg skreiv om at mykje skulle skje i desember. På oppmoding laga eg ein powerpoint til julefesten på bedehuset i heimbygda. Den vart så bra, synest eg sjølv (!), at eg deler nokre skjermbilete derifrå. Bileta ovanfor er frå lillejulaftan. Men la oss ta det i kronologisk rekkefølgje.


I starten av desember starta vi julefeiringa med ein felleskonsert. Vi hadde øvd med felleskoret sidan september. Ei dame eg har møtt på badmintontrening, sit på nest fremste benk.

I Japan er både julaftan og juledag vanlege arbeidsdagar, så vi har julegudsteneste fjerde søndag i advent. Etter gudstenesta hadde vi mat og minikonsert.

Same kveld var det internasjonal gudsteneste og julefest. Det var travelt å førebu to preiker til same dag pluss gjere klar songtekstar, notar og organisere dramatiseringa, men det gjekk greitt med mange medhjelparar. Vi hadde ikkje fått øvd i lag på julespelet, men med litt leiing frå misjonæren vart det ganske bra.


Eg treng ikkje å bake så mykje berre til meg sjølv, men det er kjekt å ha litt å servere til gjestar og til å ta med på julefestane. I år fekk eg hjelp både til krumkaker og julemenn.

Lillejulaftan rakk eg å ha nokre veninner på besøk (første biletet, øverst til venstre). Prøvesmaking av tre slags brunost var populært. Om kvelden var det julefest i Nima, der engelskelevane framførte drama om Josef og brørne hans i Egypt.


Her har eg samla litt forskjellig mat eg har fått eller servert. Krumkake med moltekrem er vel det mest norske her.

Julaftan – ein roleg føremiddag heime hos meg sjølv. På lysmessa i Matsue kyrkje var eg einaste tilhøyrar. Men preika fekk presten halde også neste kveld i Arashima. Der var det fleire samla. Julekvelden feira eg med sjokolademarsipan og telefon heimanfrå. Med så mykje program både før og etter julaftan, hadde eg ikkje behov for å vere sosial.


Første juledag fekk eg spele julesalmar på alders-og sjukeheimen der fru Wakabayashi bur, ho som eg kallar mi japanske mor. Det var fleire som også var med og song, og eg fekk seie litt om kva jul eigentleg er. Ei av dei eldre sa ho hugsa ho hadde lært «Stille natt» då ho var ung. 


Same kvelden var det lysmesse og julefest i Arashima. Her spelar eg på ei miniharpe. Instrumentet heiter Taisho-goto, som er i slekt med den store harpa som no ligg under ei seng på Valbøen.

Fredag vakna eg til eit tynt lag med snø, men det er visst forbigåande. Ei japansk veninne hadde laga Sri Lanka-curry til julefesten for Bible Club. Dei indiske jentene lærte meg korleis vi skulle ete med høgre handa. Eg klarte meg utan skei eller pinnar, men det gjekk eit par dagar før gulfargen under neglene var borte.

Ei av jentene er hindu. Det var første gong ho var hos meg. Det vart ikkje bibelstudie denne kvelden, men videoen frå julespelet vi hadde på søndagskvelden, fortalde juleevangeliet godt nok. Eg er glad for at fleire har fått høyre det denne jula, også, kanskje for første gong.


Då eg skulle ta ein selfie, trykte eg på ein knapp eg ikkje har prøvd før. Og plutseleg hadde eg fått meg katt! Så då vil eg og katten ønskje dykk alle ei framleis god jul og eit godt nyttår!




Monday, December 1, 2025

Mykje som skal skje i desember



 I går hadde vi siste øving med felleskoret før den store julefestivalen som skal vere komande laurdag. Det er litt vågalt å satse på å synge Händels hallelujakor med eit såpass lite kor. Særleg er det få på herrestemmene. Den stødigaste tenoren låg heime med feber i går. Den andre tenoren gjer så godt han kan, og får litt støtte av ei altstemme på dei høgaste tonane. Organisten i den katolske kyrkja gjer så godt ho kan som akkompagnatør. Eg vil sjølvsagt at alt skal vere perfekt, men om det går litt feil, kan det kanskje likevel gi Gud ære. For det er no ikkje dirigenten som skal ærast...

Kona til han som har hovudansvaret for teknikken og innleiinga av programmet, har fått influensa, så han er redd for sjølv å bli smitta. No ber han om forbøn om at han kan halde seg frisk. Ver gjerne med og be, for han, og for den sjuke tenoren, som vi absolutt treng. Og at folk vil komme, at nokon kan få høyre julebodskapen for første gong.

Neste veke er det fleire konsertar. Dei fleste kyrkjesamfunn i Matsue og nabobyen Yasugi er også i lag om noko vi kallar "Christmas Week". Det er oppfølgjing av ei vellukka juleveke i fjor. Då hadde vi besøk av ein svensk cellist og den japanske kona hans, som spelar piano. 


Biletet er frå ein av konsertane i fjor, i ei kyrkje i nabolaget mitt.

Berndt Bohman har budd i Japan i mange år og vore cellolærar ved eit universitet og spela i Tokyo symfoniorkester. No bruker han pensjonistlivet til å reise rundt og halde konsertar. Det blir ikkje berre musikk. Både han og kona er ivrige til å formidle evangeliet innimellom musikkinnslaga. 


Arashima kyrkja har gått ilag med Yasugi kyrkje om ein felleskonsert 9. desember. Eg har fått det ærefulle oppdraget å hente ekteparet Bohman og celloen og køyre dei frå den katolske barnehagen, der dei har eit oppdrag først, og så vel 2 mil til Yasugi kyrkje, og køyre dei tilbake til hotellet om kvelden.



Elles før jul er det mange andre arrangement. 20. desember er det English Cafe, 21. desember julegudsteneste, der eg skal preike, med mat og litt program etterpå, og om kvelden internasjonal julegudsteneste/fest i Matsue kyrkje, som eg også har hovudansvar for. No jobbar eg for å få nokon til å hjelpe til. 
22. des. er det babysong, 23. des. julefest i Nima kyrkja med kyrkjemedlemmer ilag med engelskklassa, overnattar til 24. Ingen planar for den dagen enno, men 1. juledag skal eg først ha bibelklasse på føremiddagen, så skal eg få komme inn på aldersheimen der mi 102-år-gamle "japanske mor" bur og spele julemusikk for dei. Dottera og eg våga oss til å spørje styraren sist vi var på besøk, og fekk grønt lys! Eg spurde om det var greitt å spele salmar, og det var ikkje noko problem. Ho vil til og med kopiere opp songtekstar. For ei anledning! Og så er det lysmesse/julefest i Arashima samme kveld.


Jau, då, eg skal slappe av i romjula og nyttårshelga. Har til og med ein feriedag til gode som eg skal ta ut 30. desember! :)

Ønskjer dykk alle ei god adventstid. Ikkje tjuvstart på jula, då!