Monday, October 20, 2025

Det vart måneskin likevel!

Måneskinskonsert

No reknar eg med at ivrige blogglesarar er spente på korleis det gjekk med måneskinskonserten. Her skal du få nokre glimt.


Sjølvsagt måtte vi ha med Måneskinssonata av Beethoven. Til saman var vi 22 personar. Dei fleste hadde vore på gudstenesta tidlegare på dag, men det kom også nokre fleire som var inviterte. To veninner av meg, som eg les Bibelen ilag med, kom frå Matsue, og så kom to menn ifrå Arashima. Den eine kom med taxi. Det var den eldre mannen som eg hadde truffe nokre veker tidlegare då eg var ute og delte ut invitasjon. Han som var blitt døypt som 25-åring. No var det visst 40 år sidan sist han var i kyrkja. Han sette seg heilt bakerst. Etter at Ioana hadde spela to nummer, nesten ropte han frå bakerste stolen: "No har halve nervøsiteten forsvunne!" Han var også med og kommenterte og stilte spørsmål undervegs, også på engelsk.

Den andre mannen som kom, trengde ikkje taxi. Det var næraste nabo. Så nær at enkelte trur at plassen framfor kyrkja er parkeringsplass til kyrkja, men det er hans parkering. Der står også ein flott motorsykkel. Han tok oppfordringa om å setje seg langt fram, og der sat han og lytta til musikken.


"Träumerei" av Schumann. Undervegs høyrer vi toget som går forbi.


Inn i mellom pianostykka prøvde eg å flette inn litt bibelord om Gud som har skapt både månen og stjernene og alt det vakre rundt oss, og som bryr seg så mykje om oss små menneska at han ga sin eigen Son for oss.



Det var også tid til å drikke te og prate i pausen. Dei to som sit bak meg, går på engelsk bibelstudie heime hos meg i Matsue.


 Clair de Lune (måneskin) av Debussy.

Tusen takk for besøket og for musikken, Ioana!

Det var mykje "måneskin" inne i kyrkja, men ingen hadde vel forventa å sjå noko av månen ute, etter som det var meldt både overskya og regn. Så det var litt av ei overrasking då vi kom ut etter å ha rydda opp inne!


Kvelden før det var fullmåne, lyste månen ganske godt opp! Men korset står over månen. Eit talande bilete.

Dette biletet er tatt måndag kveld, 6. oktober, då månen var skikkeleg rund og full.


Takk til alle som har bedt for konserten! Kanskje har dette senka terskelen til kyrkja nokre centimeter.


English Café

Sist laurdag hadde eg første engelske kafé. Vi hadde delt ut invitasjon ilag med flygeblad om pianokonserten. Vi hadde både sendt i posten, brukt sosiale media, og eg hadde gått rundt i nabolaget og putta i postkassene. Men eg hadde ikkje rukke over alt, så sist fredag etter bønnemøtet tok eg med 20 ekstra flygeblad. Eg hadde valet mellom å gå i tre forskjellige retningar frå kyrkja. Eg bestemte meg for å gå austover langs jernbanen til husa bort mot stasjonen, der eg ikkje hadde gått før. 
Det var iallfall eitt av desse 20 flygeblada som hamna i riktig postkasse. Eg var litt i tvil om eg skulle putte i postkassa framfor ein butikk, men eg hadde heldigvis gjort det. 

Det regna på laurdag ettermiddag, så det var ikkje beste dagen. Dei to damene frå kyrkja som ville hjelpe til og eg venta på om nokon i det heile tatt ville våge seg inn i kyrkja. Klokka vart 15, og nokre minutt over tre kom det ei dame! Ho hadde aldri vore i kyrkja før, så ho hadde leita etter inngangen. Det var mannen hennar som hadde funne lappen i postkassa samme dagen og oppmoda henne om å gå. Han sjølv hadde gått i kyrkja som barn, og hadde gode minne derifrå. Han måtte vere heime og passe butikken, men kanskje ein dag dukkar han opp, også?
Vi var fire damer. Kaka mi var god, sjølv om ho var litt mislukka. Og praten gjekk. Ho som kom for første gong, noterte seg datoane i november og desember, så ho vil nok komme igjen.


English Café starta i det små, men det er håp om at fleire kjem neste gong, som er 15. november. I kveld fekk eg ei oppmuntrande melding frå ei ung jente som har vakse opp i kyrkja, men som ikkje kjem så ofte:
"Eg trur eg kan vere med neste gong. Eg kan godt lage plakaten, og viss du vil, kan eg også lage kake!"
Gjett om å få svar før eg ber!

Internasjonal gudsteneste

I går hadde vi internasjonal gudsteneste. Kjekt å sjå at det kjem både kristne og ikkje-kristne, både japanarar og utlendingar. Og nokre nye ansikt.


Her er nesten heile flokken denne gongen. Folk frå Japan, USA, Malaysia, Indonesia, Jamaica, Australia og Norge.
(Foto: David Thorsen)

Det har vore ei travel helg, med English Café, førebuing av to preiker, program for kveldsgudstenesta og korøving på ettermiddagen imellom gudstenestene. Så i dag trengde eg ein fridag. Det var godt å komme seg litt ut på føremiddagen. Kjekt å ha følgje med ei som har gått i Bible Class hos meg i mange år.



Friday, October 3, 2025

Å sjå på månen


 Eg har fått ein ekstra frikveld. Sidan det var berre éin student som hadde meldt seg på Bible Club i dag, avlyste eg samlinga. Håper studenten vil komme igjen neste veke ilag med fleire. Universitetet har nettopp starta igjen etter ein lang sommarferie.

Det er mykje som skal skje i oktober. Eg får fleire besøk frå Norge. Eg kan melde at første gjesten min har kome trygt fram til Osaka. I morgon ettermiddag kjem Ioana hit til meg. Søndag ettermiddag skal ho ha pianokonsert i Arashima kyrkje. Men først litt om bakgrunnen for at ho kjem. Det er ikkje først og fremst for å halde konsert.

Ved orgelet i Ørskog kyrkje

Første gong eg traff Ioana, var ho vikar for dirigenten i Skodje kyrkjekor. Seinare møtte eg henne også i Ørskog kyrkje. Ein dag i fjor sommar, då eg sat og øvde til ei gudsteneste, opplevde eg at ein basstone hengde seg opp. Eg måtte gi beskjed til vikaren som skulle spele i gravferda, og det viste seg å vere Ioana. Ho klarte å løyse problemet midlertidig.
Etter gravferda var eg tilbake i kyrkja for å øve, og oppdaga at Ioana hadde gløymt igjen notane sine på orgelet. Heldigvis var ho framleis i nærleiken, så ho kom tilbake for å hente notane. Det førte også til ein prat om Japan. Då ho høyrde at eg skulle tilbake til Japan, spurde ho med iver i stemma: - Kan eg få besøkje deg i oktober neste år? 
Ho har alltid hatt ein draum om å oppleve landet, og no hadde ho plutseleg nokon ho kunne besøkje!
Etter å ha sett Team Bachstad på tur i Japan, vart ho enno meir gira på Japantur. Og no er draumen gått i oppfylling.

Måneskinskonsert



Sidan eg får besøk av ein profesjonell musikar, har eg prøvd å legge til rette for at ho kan få spele litt når ho først er her. Søndag får ho ha minikonsert etter morgonmessa i den katolske kyrkja, den einaste kyrkja i Matsue som har pipeorgel. Etter lunsj blir ho med på ettermiddagsgudsteneste i Arashima, der vi skal dele på å spele kyrkjeorgellyd på el-pianoet. Og kl. 17 slår ho over på piano-lyd og vil spele på måneskinskonsert. Sjølvsagt blir Måneskinssonata av Beethoven med, og Clair de Lune av Debussy. I tillegg får også høyre pianomusikk av både kjende og meir ukjende komponistar.

I Japan går folk på "o-hana-mi" (お花見 sjå på blomster) når kirsebærtrea blomstrar om våren og "o-tsuki-mi" (お月見 sjå på månen) i september/oktober når månen lyser på sitt beste. Sidan det er fullmåne komande måndag, vart det foreslått å kalle konserten "o-tsuki-mi" chapel concert. Ein amatørfotograf frå Volda har gitt løyve til å bruke bileta han la ut på Facebook av måneformørkinga i starten av september. Så dette er altså den norske sida av månen.

I dag har vi laminert plakatar som vi skal setje opp utanfor kyrkja på søndag. Det er dessverre meldt regn, så måneskinet får vi nok ikkje sjå, men musikk blir det likevel. 

Brev i posten

Vi har sendt ut invitasjon i posten til folk som framleis står i medlemslista, men som ikkje har vore i kyrkja på årevis. Eg har også gått rundt i nabolaget og putta invitasjon i postkassene. Ein dag eg var ute, stod ein eldre mann på andre sida av vegen. Eg tenkte, - skal eg gå over og gi han ein invitasjon? Men før eg rakk å seie noko, var det han som snakka til meg. - Er du utlending? Er det du som spelar el-piano i Arashima lutherske kyrkje?
Det viste seg at han var av dei som hadde fått brev i posten, og han verka glad for å ha fått brev. - Eg vart døypt der, sa han, til og med to gonger. I følgje medlemslista ser eg at han vart døypt i 1976, då han var 25 år. Kor lenge han har vore borte, veit eg ikkje, men eg har iallfall ikkje møtt han før, sjølv om eg har vore i denne kyrkja meir eller mindre dei siste 19 åra. Det høyrdest ut som han ville komme på konserten. Kanskje dette kan bli eit lite steg tilbake til trua på Jesus?

Ein annan mann som hadde fått brev, hadde ringt til ei kvinne i kyrkja og sagt han vil komme.
Men vi har også fått brev i retur. Eitt på grunn av ukjent adresse, og eitt brev som mottakar hadde nekta å ta imot. På lappen som var klistra på konvolutten, stod det "Ikkje send fleire slike brev". Dei som kjenner til mannen, seier at familien nekta han å gå i kyrkja. 

Som de forstår, kan det vere mange grunnar til at folk har slutta å komme. Men det er oppmuntrande at folk i kyrkja er med og ber om at desse og andre må komme tilbake. Ver gjerne med og be for desse to eldre mennene som har gitt respons, og alle andre som har fått invitasjon i postkassa eller direkte frå kristne familiemedlemmer eller naboar.

Månefest med te-seremoni

Eg er blitt med i ei te-seremoniklasse på det lokale samfunnshuset. Dei har sin eigen vri på månefesten. I staden for å gå ut og sjå på månen, tenner dei stearinlys og lagar stemning innadørs. Vi var alle med på å lage maten, men det var ei av dei som serverte, og vi andre var gjestar. 



Først var det middag, der ein viktig ingrediens var "dango", - små runde bollar i suppa. Og så fekk vi alkoholfri sake på eit lite fat. Elles var det ingenting å drikke før vi fekk servert tradisjonell macha-te etterpå.


Dette var desserten, ei søt kake før den litt bitre grøne teen. Japanarane meiner dei "ser" ein hare når dei ser på fullmånen. Difor pyntar dei ofte med hare.


Nokre av bollane skulle ikkje etast, men vart sette fram som "offer" til månen. Eg var litt skeptisk då eg vart sett til å lage desse bollane, men eg veit ikkje kor mykje religiøst dei legg i dette. Det er nok mest tradisjon. Men likevel skulle eg ønskje eg fekk ein sjanse til å seie noko om at vi kristne ikkje tilber skaparverket, men vi tilber Han som har skapt både månen og sola og heile universet.

Til slutt delte dei bollane mellom oss. Så eg steikte mine til lunsj dagen etter. 

"Når eg ser din himmel..."

I kyrkja skal vi ikkje setje fram offer til månen. I staden skal publikum få med seg nokre ord frå Salme 8 i powerpointen eg har laga til musikken.


Herre, vår herre,

kor herleg ditt namn er over heile jorda,

du som har breidd ut din glans på himmelen!

Salme 8,2



Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,

månen og stjernene som du har sett der,

kva er då eit menneske – at du hugsar på det,

eit menneskebarn – at du tek deg av det?

Salme 8, 4-5

Så mitt ønske er at dei som kjem på konserten, sit igjen med spørsmålet: Kva er då eit menneske, at du hugsar på det, eit menneskebarn - at du tek deg av det? Og at dei får lyst til å bli kjende med Skaparen sin. Og ser dei på begge sider av skjermen, heng der to andre bibelvers som viser korleis vi kan bli kjende med Gud.



Til venstre ser vi Joh. 14,6: "Eg er vegen, sanninga og livet"

og til høgre er Joh. 3,16: "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."


Vil du vite korleis det gjekk på konserten og elles kva Ioana får vere med på medan ho er her, må du gjerne følgje med på Facebook. 
7. oktober skal ho vere med på engelsk bibelklasse i Nima. Og du skal sjå ho får liv i trøorgelet i kyrkja der, sjølv om det ikkje er det ho spelar på til vanleg.