23. juli kom eg tilbake til Matsue, eller heimatt, kan eg vel seie. Takk for sist til alle eg rakk å treffe i løpet av dei vekene eg var i Norge!
Etter ein varmeperiode på Sunnmøre var det ikkje så altfor stor overgang til varmen her, men det merkast godt når det er rundt 35 grader og høg fuktigheit. Så eg held meg for det meste under kjøling inne hos meg sjølv, i kyrkja eller i bilen. Men ein tur til stranda måtte eg. I år fekk eg også bada i Norge, men temperaturen i sjøen her er noko heilt anna.
Noko av det første eg var med på etter at eg kom tilbake, var frukost kl 06 i ein park. Før ferien var eg innom på ei gruppe som lærer te-seremoni i nabolaget, og dei inviterte meg med på frukost, som dei har ein gong i året.
Det var idyllisk ved vatnet inne i skogen. Og maten var ikkje så verst, den, heller.Etter frukost var det også te-seremoni.
I frå september blir eg med som elev i gruppa, som samlast to gonger i månaden på laurdag føremiddag.
Eg er spent på om eg har tolmod nok til å lære og følgje alle detaljerte rørsler og reglar, men det er iallfall ein måte å bli kjent med japansk kultur på, og ikkje minst å bli kjent med "vanlege" folk.
Ei av damene sa at ho kjende ei som kunne brodere hardangersaum. Det viste seg at ho kjende kona til den forrige presten i Matsue kyrkje. Prestekona hadde lært hardangersaum av ein norsk misjonær, som etter det eg hugsar, truleg var Herborg Jåtun. Eg måtte berre innrømme at eg kan ikkje brodere...
Det er blitt sommarferie for skulane no, også for universitetet, men nokre av studentane er framleis i byen. Og Carmella og Scott får også med seg nye studentar til Bible Club.
I går kveld hadde eg besøk av ei jente som ikkje kunne komme på fredag. Ho har byrja å lese i Bibelen på eiga hand. Ho hjelpte meg også med å ete vannmelon.
Og i dag på babysong var det også mange som likte melon. Å blåse bobler er også kjekt.
I dag var det to nye mødre og tre barn som kom for første gong. Mor og barn til høgre på biletet er næraste naboane mine, vegg i vegg. Vi har møttest ute fleire gonger, men det er første gong dei er innom. Før den unge mora skulle gå, spurde ho om ho kunne få bla i den japanske salmeboka mi. Ho hugsar frå studietida at ho lærte "Hvilken venn vi har i Jesus". Ho hugsa til og med nummeret i den gamle salmeboka!
Dette blir ei roleg veke, men eg har mange prosjekt å jobbe med. Ei utfordring er å vite kva ende eg skal starte i. Preika til kommande søndag må eg vel bruke mest tid på, men også planlegging framover.
21. september skal eg til Tottori kyrkje - den første plassen eg var i arbeid for 30 år sidan. Der skal eg tale både på gudstenesta og på kvinnemøte på ettermiddag, og dei vil ha tekst og salmeønske allereie midt i august.
Så vil vi prøve å få til ei internasjonal gudsteneste igjen i starten av september, og vi startar korøving med felleskoret.
Sommarfestivalen for barn som var planlagt no i august, må vi visst utsetje til hausten når det er blitt litt kjølegare. I oktober håper eg å få starte English Café i Arashima kyrkje, der eg vil invitere vaksne barn av kyrkjemedlemmer. Du som ber, må gjerne be ekstra for det. I det heile tatt at vi kan få nå ut til fleire av dei som har foreldre og besteforeldre som er kristne, og også gjennom dei nå ut til andre i området.
Elles bruker eg ein god del tid på å følgje opp enkeltpersonar. Der føler eg også at eg kjem til kort.
Så her er nok av oppgåver. Preike, ha bibelstudie og dirigere kor er store oppgåver, men også det å vere eit medmenneske. Lytte, gi råd. Vise omsorg. Ha tid. Og kunne tole å bli både fornærma og såra, men likevel prøve å vise kjærleik.
I ein av søndagstekstane for i går ber Paulus for dei kristne i Filippi:
"Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig..." (Fil. 1,9-10a)
Dette kjenner eg at eg treng, også. Vil du vere med og be? Be om at kjærleiken min må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så eg kan skjøne og avgjere kva som er viktig. Både som enkeltperson, men også i samarbeid med kyrkjelyden.
For det er ikkje alt som er like viktig av det vi driv på med.
Det er også viktig å ta det med ro. Som for eksempel å setje seg ned og sjå på fuglane som tek livet heilt med ro.