Friday, April 11, 2025

Påske i Japan?


 Det nærmar seg påske, har eg forstått. Den japanske kalendaren viser ingen ekstra helgedagar, og påskeferie veit ikkje folk kva er. Skular og universitet har nettopp starta nytt skuleår og er opptatt med det. Eg tenkte at studentane ville kome tilbake på Bible Club når nytt studieår hadde starta, men dei er visst opptatt med andre ting, så då vart det enno ein fredagskveld for meg sjølv. Det har vore mange fredagar utan studentar. Neste fredag har vi bestemt å ha ei enkel langfredagsgudsteneste i kyrkja, så då prøver eg ikkje å samle studentar til Bible Club. Fredagen etter påske, derimot, får eg besøk av to ungdomsskuleelevar frå Norge og læraren deira, og det er allereie to japanske jenter som har sagt at dei kjem. Så då satsar eg på at det blir ein flokk. Spennande å kombinere norske 8. klassingar med japanske universitetsstudentar. Det har eg aldri gjort før!


Skisesongen er over, og det er snart kirsebærblomstringa, også. Men fint så lenge det varer. 



I mars hadde vi konferanse på Hiruzen. Det er lenge sidan eg har vore på ein konferanse med så mange unge barnefamiliar!

Foto: David Thorsen

På konferansen hadde vi besøk frå Norge. Eivind Jåtun er kjend her og har vore regionleiar i fleire år, medan hovudstyrerepresentant Lars Stensland var i Japan for første gong.

Han ville gjerne sjå ei kyrkje og vere med på ei gudsteneste, og han enda opp med sjølv å preike i Arashima kyrkje, med meg som tolk. 

Og velsigninga tok han på strak arm! På norsk, vel å merke.

Før vi køyrde tilbake til Hiruzen, tok vi ein tur ut på øya Daikonshima, der Tamaki tok oss med rundt under kirsebærtrea.


Og så er eg heime i Matsue igjen.
Siste måndag i mars hadde eg babysong. Og der fekk eg ei overrasking!
Eg hadde lagt ut invitasjon på Facebook, og der hadde Kaori sett det. Kaori hadde eg ikkje møtt sidan ho besøkte meg i Norge i 2010, og det er altså 15 år sidan! Ho var den som hjelpte meg å starte Bible Club i 2006, då ho var student. Kvar fredag kom ho og hjelpte meg å lage middag.
No bur ho og familien i Kobe, men dei var i området her på vårferie akkurat då, så då passa det å komme innom. Mann og fire barn har det blitt sidan sist vi møttest! Her er bloggen eg skreiv etter at Kaori besøkte meg på Sjøholt og på Vestborg i 2010: https://ingervalbo.blogspot.com/2010/03/one-more-japanese.html



Å blåse bobler er alltid kjekt! Og det vart fullt rundt bordet etterpå.


Så er det påskeferie snart i Norge. Palmesøndag er det min tur å preike igjen.
Tirsdag 15. april skal kvinnegruppa ha møte. Dei har ikkje samlast sidan før jul. Då fekk eg med Tamaki og hadde minikonsert for dei, og det skal vi også ha på tirsdag i påskeveka. Eg har vald ut pasjonsmusikk m.a. av Händel og Bach, som eg skal knytte til ord frå Bibelen.
Eg spurde Tamaki om ho kan tenkje seg å spele ilag med meg også på påskedagsgudstenesta, og det vil ho!



Då vil eg berre ønskje dykk alle god påske. "Sjå, kongen din kjem til deg!" er tema for preika eg skal ha på palmesøndag. Korleis tek du imot han? Ein dag skal alle menneske måtte bøye kne for Jesus og bekjenne at han er Herre.