Thursday, March 6, 2025

Det fleirreligiøse nabolaget mitt

 


I ettermiddag tok eg meg ein runde i nabolaget og kom inn på ein smal veg eg ikkje har gått før.



Her håper eg dei ikkje har små barn som leikar. Kattane får vel passe seg sjølve. Her borti gata bur det sikkert ein taxisjåfør.


Framfor eit buddhisttempel med gravplass var der stor parkeringsplass.



I hjørnet av gravplassen var det ein shintoport med eit lite shintoaltar innanfor. Her lever religionane side ved side.



På veg tilbake tok eg ein runde på andre sida av gata, der eg ofte går forbi.
Den næraste kristne kyrkja er ikkje luthersk, men tilhøyrer eit kyrkjesamfunn som oppstod under krigen, då fleire kristne kyrkjer måtte slå seg saman. På engelsk heiter kyrkja "United Church of Christ in Japan".  

Eit søk på internett fortel at Matsue Kitahori kyrkje vart starta i 1932. Så her har altså vore misjon før NLM kom til Japan! 
 Tidlegare denne veka var eg med på eit møte med pastorar frå ulike kyrkjer her i byen. Då var det avskjed for pastoren i denne kyrkja, som gir seg når han no er blitt 75 år... 

Næraste nabo til kyrkja er også kalla "kyrkje", men det er ikkje ei kristen kyrkje.
Ordet for kyrkje (kyokai) betyr direkte omsett lære/undervisningssamling. Difor bruker eg å seie at eg arbeider i ei kristen kyrkje når folk spør kva eg driv med.



Religionen heiter Konkokyo (den engelske heimesida skriv derimot Kinkokyo). Det er ein av dei nyare religionane, men ikkje så veldig ny lenger.


Her er eit skjermbilete frå den engelske heimesida deira. Dei søkjer Gud, men kva slags Gud er det? Jesus er ikkje Frelsar i denne religionen.

Eg går vidare på runden min. Den mest ruvande religiøse bygninga tilhøyrer religionen Sokagakkai, som er ei buddhistisk sekt. 

Sokagakkai har ein kulturhall med stor parkeringsplass. Og dei er nesten næraste nabo til blokka eg bur i.
Frå verandaen min kan eg sjå bort til dei.

Og her bur eg. Til kyrkja i Arashima bruker eg ca 35 minutt å køyre. Til Nima tek det bortimot 2 timar. Men eg ønskjer også at heimen er mi kyrkje. Ein plass der eg kan invitere til bibelstudium eller ein kopp te og samtale. "Eit hus for ditt namn" heitte jubileumsverket vi framførte i Ørskog kyrkje på jubileumskonserten i 2023. 

Eg har plakaten framleis hengande i gangen og blir mint om at leiligheita mi skal vere eit hus for Guds namn.
I morgon kjem det minst to studentar på Bible Club. Då slepp eg iallfall å avlyse denne gongen.