Monday, February 24, 2025

Snø til glede og besvær



Det har vore meir snø her enn på Sunnmøre siste vekene. Dette biletet er frå i går. Her var det nok snø til å ta eit par rundar på ski.

I går tok eg ein annan veg til kyrkje enn der eg bruker å køyre til vanleg, for å vere sikker på å komme fram i god tid. I lavlandet går det greitt å køyre. Meir utfordrande var det å køyre til Hiruzen i det verste snøvêret eg har opplevd i Japan, og kanskje ikkje eingong i Norge. Eg brukte 4 timar på vegen som vanlegvis tek 2 timar.

Men når snøkaven ga seg, såg det ganske fint ut.

Andre helga i februar var det Snow Fun Camp på Hiruzen. På grunn av mykje snø var det to familiar frå Kobe som hadde meldt avbod, men likevel var vi bortimot 40. Eg var med frå laurdag til søndag. Sidan vi skulle ha gudsteneste med årsmøte på ettermiddagen i Arashima, satsa eg på å rekke det i god tid.
Før eg køyrde frå Hiruzen, fekk eg melding om at dei vurderte å avlyse gudstenesta og utsetje årsmøtet fordi fleire kunne ha problem med å komme seg til kyrkje. Men då eg kom fram til kyrkja, var parkeringsplassen rydda, og kyrkja var open. Så då vart det både gudsteneste og årsmøte likevel.

Val av nytt menighetsråd var enkelt. Det vart gjenval på alle tre. Pastor Mori til høgre.



Ein måndagsføremiddag i månaden har eg babysong heime hos meg sjølv. 
Denne gongen var det også ein pappa med. Denne lille familien var med for første gong.

Eg serverte vafler med brunost, og det var populært. Denne guten er storebror til ein baby og får vere med sjølv om han er litt for gammal. Eg hadde funne fram koppar til dei vaksne, men før eg kom så langt at teen var klar, hadde han sett seg til rette ved bordet og tømt drikke frå flaska si opp i koppen. Mora sa at eg godt kan skjenne på han, men det har eg ikkje hjerte til...

Dette er faktisk det einaste barnearbeidet eg er med på for tida. Eg saknar å ha søndagsskule eller andre aktivitetar for barn i kyrkja, men hittil har det ikkje blitt noko. Vi har ingen barn som i utgangspunktet har relasjon til nokon i kyrkja. 
I dag har eg sett litt på nokre dokument til konferansen vi skal ha om ein månad. Her er ei nynorsk omsetjing frå den engelske handlingsplanen for Japanfeltet 2023-2026, som er blitt vedtatt medan eg var i Norge:

"Mange menneske i Japan som blir kristne i vaksen alder, høyrde evangeliet for første gong som barn. Barn er kyrkja si framtid, og vi ønskjer å gi barn ein sjanse til å høyre evangeliet og tru på Jesus.

Vi ønskjer å oppmuntre kristne familiar til å dele si tru med barna sine. Vi oppfordrar familiar til å ta med barna sine til søndagsskulen, og vi ønskjer å fremje nytt materiale (katekisme for barn, bibelapp, bibelprosjekt) som dei kan bruke heime. Barn får moglegheiter til å tene på søndagsskulen og andre arrangement, og dei blir oppfordra til å invitere vennene sine til kyrkja.
Vi når ut til barn i nabolaget vårt og hjelper kyrkjer med å nå ut til barn. Vi er oppmerksame på barn som er åleine heime eller har droppa ut av skulen, og når det er mogleg, er vi villige til å gi dei ein stad å henge. Den eldre generasjonen blir oppfordra til å vere involvert i søndagsskulen."

Det er fint med gode målsetjingar, men ikkje alltid like lett å gjennomføre. Det er noko å be for.

Eg har iallfall nokre å starte med. Kontakten med foreldra er minst like viktig. 




Leik og fritid er også viktig. På nasjonaldagen 11. februar tok Shoko meg med til ein plass vi kunne gå på ski og ake. Om kvelden var vi på engelsk bibelklasse i Nima. 

Sist veke fekk eg feire mi japanske "mor" sin 102-årsdag på rommet hennar på aldersheimen.

Vanlegvis bruker eg å gå på besøk ilag med dottera, men familien hadde hatt selskap ein dag tidlegare i veka, så eg var der åleine denne føremiddagen. Eg er glad eg fekk dele Guds ord med henne, om den gode hyrdingen som leitar etter den eine.

Samme kveld var eg med på studentlagsmøte (KGK) i pinsekyrkja.

Dei to japanske jentene er begge medlemmer i ei av våre lutherske kyrkjer. Og begge er prestedøtre. Ho til venstre er ikkje lenger student, men er med og organiserer studentsamlingar. Ho til høgre studerer ved universitet her i Matsue. 

Den unge mannen midt på biletet er nyutdanna evangelist i pinsekyrkja.



Dette biletet treng kanskje ikkje forklaring.


Eg har også fått nokre nye venner. Dei hadde eigentleg invitert seg sjølve. Det vart ein fin søndagskveld.

Eg serverte først norsk makrell med poteter og råkostsalat, og så hadde vi te og kaker. Det vart ein fin samtale om livet, om ulike kulturar og om forskjellig tru. Den eine jenta er frå Bangladesh og den andre frå Colombia. Begge går på masterstudiet ved universitetet og studerer geologi, og dei er blitt gode veninner. Eit interessant bekjentskap, som eg håper å kunne ha kontakt med vidare.

Så er vi i gong med ei ny veke. I morgon (tirsdag) er det engelskklasse i Nima, som vart utsett frå forrige veke pga snø. Og torsdag er det engelsk bibelklasse hos meg. Fredag bønnemøte i kyrkja på føremiddag og Bible Club om kvelden. Sist fredag kom det to studentar, ein av dei for første gong. Og dei hadde veldig gode spørsmål! Ting som eg aldri har tenkt på, f.eks. kvifor må det vere vatn i dåpen? For meg er det sjølvsagt at vatn og dåp høyrer saman, men for dei var det ikkje sjølvsagt.
Der og då fann eg ikkje kvar det står, men eg sende ei melding etter at eg hadde funne det.

"Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn. 21 Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode." 1. Pet. 3, 20-21

- Wow, dette var akkurat svaret på spørsmålet mitt! svarte ho som hadde stilt spørsmålet. 
Det er faktisk lærerikt å vere lærar!

Du som ber, har sikkert funne mange ting å takke Gud for og be vidare for. Takk for at du hugsar på oss her!







Friday, February 7, 2025

Vårferie og snø

Det har vore fleire dagar med snø i lufta, men lite som har lagt seg på bakken, fram til i dag. Eg vakna til blå himmel, men på veg til bønnemøte i kyrkja i føremiddag var det skikkeleg vintervêr med snøkave og lastebilar som stod fast på veg opp på brua og laga lang kø. Biletet over er frå ein japansk hage som eg ofte er innom, men det er første gong eg har vore der i snø.

Offisielt er visst 3. februar allereie vårdagen, men samtidig bruker februar å vere den kaldaste månaden. No er det er kraftig kuldebølge over Japan, og det er meldt over 3 meter snø lenger nord.

Universitetet har tatt ferie, så fleire studentar har reist heim. Ei gruppe er med Carmella og Scott til California, og etter at dei kjem att i slutten av februar, reiser dei med ei ny gruppe til Florida. Forhåpentlegvis vil nokre av desse studentane komme på Bible Club når nytt studieår startar i april.

Forrige fredag kom det to studentar på Bible Club, og dei var ivrige. Men i dag kunne dei ikkje kome. Eg hadde sagt at dersom det kjem minst to, vil eg gjennomføre Bible Club. Men i dag innan svarfristen var det berre éi jente som var påmeldt, så eg la ut melding om at det vart avlyst. Etterpå kom eg på at eg kunne spørje henne om ho hadde lyst å ete middag ilag med meg, men då hadde ho allereie kjøpt seg mat som ho skulle ete.

Engelskklassa i Nima, der eg skulle ha vore tirsdag, vart avlyst fordi dei frykta for mykje snø. Det vil seie, ikkje avlyst, men vi tek det igjen neste tirsdag. Heldigvis fekk eg gjennomført den engelske bibelklassa for vaksne som eg har annankvar torsdag føremiddag heime hos meg. Den vart avlyst/utsett forrige veke fordi dei fleste var sjuke.
Både i Nima og i denne gruppa les vi om Josef i 1. Mosebok. Her har dei fått i oppgåve å setje saman forteljinga om Josef og kona til Potifar.


Eg fekk ekstra god tid heime hos meg sjølv denne veka sidan turen til Nima gjekk ut. Så då har eg hatt god tid til å starte på preikeførebuing til 16. februar, men det er lett å finne andre ting å gjere på enn å setje meg ned og konsentrere meg om preiketeksten. Men teksten ligg i bakhovudet, og det kan vel skje at eg får nokre tankar på bilturen opp til Hiruzen eller i skiløypa i morgon. Det er nemleg Snow Fun Camp på Hiruzen, så eg tek med meg skia som eg hadde på utlån medan eg var i Norge. Søndag rekk eg tilbake til gudsteneste og årsmøte i Arashima.

Og på måndag får eg besøk av denne lille jenta, som nettopp har fyllt 1 år. Det kjem også nokre nye på babysong neste gong. Det skal bli kjekt!



Til slutt nokre vinterbilete frå favoritthagen min, som eg var innom på veg heim frå kyrkja i dag.









God helg!