Monday, December 1, 2025

Mykje som skal skje i desember



 I går hadde vi siste øving med felleskoret før den store julefestivalen som skal vere komande laurdag. Det er litt vågalt å satse på å synge Händels hallelujakor med eit såpass lite kor. Særleg er det få på herrestemmene. Den stødigaste tenoren låg heime med feber i går. Den andre tenoren gjer så godt han kan, og får litt støtte av ei altstemme på dei høgaste tonane. Organisten i den katolske kyrkja gjer så godt ho kan som akkompagnatør. Eg vil sjølvsagt at alt skal vere perfekt, men om det går litt feil, kan det kanskje likevel gi Gud ære. For det er no ikkje dirigenten som skal ærast...

Kona til han som har hovudansvaret for teknikken og innleiinga av programmet, har fått influensa, så han er redd for sjølv å bli smitta. No ber han om forbøn om at han kan halde seg frisk. Ver gjerne med og be, for han, og for den sjuke tenoren, som vi absolutt treng. Og at folk vil komme, at nokon kan få høyre julebodskapen for første gong.

Neste veke er det fleire konsertar. Dei fleste kyrkjesamfunn i Matsue og nabobyen Yasugi er også i lag om noko vi kallar "Christmas Week". Det er oppfølgjing av ei vellukka juleveke i fjor. Då hadde vi besøk av ein svensk cellist og den japanske kona hans, som spelar piano. 


Biletet er frå ein av konsertane i fjor, i ei kyrkje i nabolaget mitt.

Berndt Bohman har budd i Japan i mange år og vore cellolærar ved eit universitet og spela i Tokyo symfoniorkester. No bruker han pensjonistlivet til å reise rundt og halde konsertar. Det blir ikkje berre musikk. Både han og kona er ivrige til å formidle evangeliet innimellom musikkinnslaga. 


Arashima kyrkja har gått ilag med Yasugi kyrkje om ein felleskonsert 9. desember. Eg har fått det ærefulle oppdraget å hente ekteparet Bohman og celloen og køyre dei frå den katolske barnehagen, der dei har eit oppdrag først, og så vel 2 mil til Yasugi kyrkje, og køyre dei tilbake til hotellet om kvelden.



Elles før jul er det mange andre arrangement. 20. desember er det English Cafe, 21. desember julegudsteneste, der eg skal preike, med mat og litt program etterpå, og om kvelden internasjonal julegudsteneste/fest i Matsue kyrkje, som eg også har hovudansvar for. No jobbar eg for å få nokon til å hjelpe til. 
22. des. er det babysong, 23. des. julefest i Nima kyrkja med kyrkjemedlemmer ilag med engelskklassa, overnattar til 24. Ingen planar for den dagen enno, men 1. juledag skal eg først ha bibelklasse på føremiddagen, så skal eg få komme inn på aldersheimen der mi 102-år-gamle "japanske mor" bur og spele julemusikk for dei. Dottera og eg våga oss til å spørje styraren sist vi var på besøk, og fekk grønt lys! Eg spurde om det var greitt å spele salmar, og det var ikkje noko problem. Ho vil til og med kopiere opp songtekstar. For ei anledning! Og så er det lysmesse/julefest i Arashima samme kveld.


Jau, då, eg skal slappe av i romjula og nyttårshelga. Har til og med ein feriedag til gode som eg skal ta ut 30. desember! :)

Ønskjer dykk alle ei god adventstid. Ikkje tjuvstart på jula, då!

Friday, November 14, 2025

Ein spesiell haustferie


 Sidan eg ikkje fekk brukt opp alle feriedagane i sommar, hadde eg ei veke til gode. Verken eg eller Ingebjørg hadde vore på Okinawa, så då vart det tur til sydlegare strøk. Sommarkleda vart leita fram igjen, så eg trengde ikkje nokon stor koffert.


Vi landa på flyplassen i Naha. Etter ein tur i Shuri Castle, tok vi buss til Motobu, der vi hadde base eit par dagar. 
Målet var å ein tur til øya Yoron, som vi hadde høyrt ein del om frå ein familie frå Frikyrkja. Dei hadde sett oss i kontakt med ein kristen mann som driv ein camping. Planen var å reise dit dagen etter vi kom til Naha. Men Okinawa er ofte utsett for hardt vêr, og natta før låg eg og høyrde på vinden og såg føre meg store bølgjer på den 2 1/2 timers lange ferjeturen.

Då vi kom på kaia, fekk vi vite at kanskje ferja ikkje kunne legge til på Yoron på grunn av vêret. Og etter ei stund kom det ny beskjed. Ferja ville heller ikkje legge til i Motobu, der vi var, så då vart turen kansellert og billettane refunderte. Eg ringde til mannen som venta oss på campingen og sa at vi ikkje kunne kome, men han ga seg ikkje så lett. Prøv igjen i morgon! Det gjorde vi, og det angrar vi ikkje på.

Og dagen med regn og vind kunne vi utnytte med leigebil, tur til det store akvariet og litt sightseeing.



På nettet fann vi eit ledig pensjonat som hadde ei lita leiligheit som venta på oss. Det heiter Nami (bølgje), men låg ganske langt oppe frå sjøen (ca 36 moh), så her var det iallfall trygt for eventuelle tsunamibølgjer. 


Dagen etter var det strålande vêr, og bølgene hadde gitt seg.



På ferja kan du vere ute på dekk eller finne ein soveplass.


På Beachland Logde på Yoron fekk vi ei lita hytte, og styraren sjølv laga både middag og frukost til oss. Han var glad for å få prate med kristne, for det er det få av på øya. Han veit om berre ein annan kristen på øya med omlag 5000 innbyggarar. Der er heller inga kristen kyrkje. (dvs der er ei kyrkje som blir rekna som vranglære). På søndagane sit han med Bibelen sin og følgjer med på ei gudsteneste på nettet. Det var fint å kunne be ilag med denne mannen før vi reiste tilbake dagen etter.


Vi fekk leige el-syklar og sykla rundt på øya i fleire timar. Vi var innom berre nokre av dei mange sandstrendene. Badesesongen var nok over.


Undervegs måtte vi stoppe for ein traktor. Det er mykje jordbruk på øya. Ikkje så ulikt der vi kjem ifrå.


Vi var også innom på ein gard som viste korleis folk levde før i tida. Okinawa har mange tyfonar, så husa vart bygde kvadratiske, og fleire bygningar i staden for eitt stort hus, for å verne seg mot hardt vêr.


Tilbake frå Yoron tok vi ferja heilt til Naha, ein tur på omtrent 4 1/2 time. Etter å ha funne hotellet, gjekk vi ut for å finne noko god mat. Dette var nok det beste fiskemåltidet eg hadde på turen.


Dette biletet tok eg i Naha første dagen. På hovudøya Okinawa såg vi mange kyrkjer. Men turen til Yoron gjorde inntrykk. Der er det veldig få kristne, og dei har enno inga kristen kyrkje der. 
Ver gjerne med og be for den norske familien som i desse dagar er tilbake på øya. 


Monday, October 20, 2025

Det vart måneskin likevel!

Måneskinskonsert

No reknar eg med at ivrige blogglesarar er spente på korleis det gjekk med måneskinskonserten. Her skal du få nokre glimt.


Sjølvsagt måtte vi ha med Måneskinssonata av Beethoven. Til saman var vi 22 personar. Dei fleste hadde vore på gudstenesta tidlegare på dag, men det kom også nokre fleire som var inviterte. To veninner av meg, som eg les Bibelen ilag med, kom frå Matsue, og så kom to menn ifrå Arashima. Den eine kom med taxi. Det var den eldre mannen som eg hadde truffe nokre veker tidlegare då eg var ute og delte ut invitasjon. Han som var blitt døypt som 25-åring. No var det visst 40 år sidan sist han var i kyrkja. Han sette seg heilt bakerst. Etter at Ioana hadde spela to nummer, nesten ropte han frå bakerste stolen: "No har halve nervøsiteten forsvunne!" Han var også med og kommenterte og stilte spørsmål undervegs, også på engelsk.

Den andre mannen som kom, trengde ikkje taxi. Det var næraste nabo. Så nær at enkelte trur at plassen framfor kyrkja er parkeringsplass til kyrkja, men det er hans parkering. Der står også ein flott motorsykkel. Han tok oppfordringa om å setje seg langt fram, og der sat han og lytta til musikken.


"Träumerei" av Schumann. Undervegs høyrer vi toget som går forbi.


Inn i mellom pianostykka prøvde eg å flette inn litt bibelord om Gud som har skapt både månen og stjernene og alt det vakre rundt oss, og som bryr seg så mykje om oss små menneska at han ga sin eigen Son for oss.



Det var også tid til å drikke te og prate i pausen. Dei to som sit bak meg, går på engelsk bibelstudie heime hos meg i Matsue.


 Clair de Lune (måneskin) av Debussy.

Tusen takk for besøket og for musikken, Ioana!

Det var mykje "måneskin" inne i kyrkja, men ingen hadde vel forventa å sjå noko av månen ute, etter som det var meldt både overskya og regn. Så det var litt av ei overrasking då vi kom ut etter å ha rydda opp inne!


Kvelden før det var fullmåne, lyste månen ganske godt opp! Men korset står over månen. Eit talande bilete.

Dette biletet er tatt måndag kveld, 6. oktober, då månen var skikkeleg rund og full.


Takk til alle som har bedt for konserten! Kanskje har dette senka terskelen til kyrkja nokre centimeter.


English Café

Sist laurdag hadde eg første engelske kafé. Vi hadde delt ut invitasjon ilag med flygeblad om pianokonserten. Vi hadde både sendt i posten, brukt sosiale media, og eg hadde gått rundt i nabolaget og putta i postkassene. Men eg hadde ikkje rukke over alt, så sist fredag etter bønnemøtet tok eg med 20 ekstra flygeblad. Eg hadde valet mellom å gå i tre forskjellige retningar frå kyrkja. Eg bestemte meg for å gå austover langs jernbanen til husa bort mot stasjonen, der eg ikkje hadde gått før. 
Det var iallfall eitt av desse 20 flygeblada som hamna i riktig postkasse. Eg var litt i tvil om eg skulle putte i postkassa framfor ein butikk, men eg hadde heldigvis gjort det. 

Det regna på laurdag ettermiddag, så det var ikkje beste dagen. Dei to damene frå kyrkja som ville hjelpe til og eg venta på om nokon i det heile tatt ville våge seg inn i kyrkja. Klokka vart 15, og nokre minutt over tre kom det ei dame! Ho hadde aldri vore i kyrkja før, så ho hadde leita etter inngangen. Det var mannen hennar som hadde funne lappen i postkassa samme dagen og oppmoda henne om å gå. Han sjølv hadde gått i kyrkja som barn, og hadde gode minne derifrå. Han måtte vere heime og passe butikken, men kanskje ein dag dukkar han opp, også?
Vi var fire damer. Kaka mi var god, sjølv om ho var litt mislukka. Og praten gjekk. Ho som kom for første gong, noterte seg datoane i november og desember, så ho vil nok komme igjen.


English Café starta i det små, men det er håp om at fleire kjem neste gong, som er 15. november. I kveld fekk eg ei oppmuntrande melding frå ei ung jente som har vakse opp i kyrkja, men som ikkje kjem så ofte:
"Eg trur eg kan vere med neste gong. Eg kan godt lage plakaten, og viss du vil, kan eg også lage kake!"
Gjett om å få svar før eg ber!

Internasjonal gudsteneste

I går hadde vi internasjonal gudsteneste. Kjekt å sjå at det kjem både kristne og ikkje-kristne, både japanarar og utlendingar. Og nokre nye ansikt.


Her er nesten heile flokken denne gongen. Folk frå Japan, USA, Malaysia, Indonesia, Jamaica, Australia og Norge.
(Foto: David Thorsen)

Det har vore ei travel helg, med English Café, førebuing av to preiker, program for kveldsgudstenesta og korøving på ettermiddagen imellom gudstenestene. Så i dag trengde eg ein fridag. Det var godt å komme seg litt ut på føremiddagen. Kjekt å ha følgje med ei som har gått i Bible Class hos meg i mange år.



Friday, October 3, 2025

Å sjå på månen


 Eg har fått ein ekstra frikveld. Sidan det var berre éin student som hadde meldt seg på Bible Club i dag, avlyste eg samlinga. Håper studenten vil komme igjen neste veke ilag med fleire. Universitetet har nettopp starta igjen etter ein lang sommarferie.

Det er mykje som skal skje i oktober. Eg får fleire besøk frå Norge. Eg kan melde at første gjesten min har kome trygt fram til Osaka. I morgon ettermiddag kjem Ioana hit til meg. Søndag ettermiddag skal ho ha pianokonsert i Arashima kyrkje. Men først litt om bakgrunnen for at ho kjem. Det er ikkje først og fremst for å halde konsert.

Ved orgelet i Ørskog kyrkje

Første gong eg traff Ioana, var ho vikar for dirigenten i Skodje kyrkjekor. Seinare møtte eg henne også i Ørskog kyrkje. Ein dag i fjor sommar, då eg sat og øvde til ei gudsteneste, opplevde eg at ein basstone hengde seg opp. Eg måtte gi beskjed til vikaren som skulle spele i gravferda, og det viste seg å vere Ioana. Ho klarte å løyse problemet midlertidig.
Etter gravferda var eg tilbake i kyrkja for å øve, og oppdaga at Ioana hadde gløymt igjen notane sine på orgelet. Heldigvis var ho framleis i nærleiken, så ho kom tilbake for å hente notane. Det førte også til ein prat om Japan. Då ho høyrde at eg skulle tilbake til Japan, spurde ho med iver i stemma: - Kan eg få besøkje deg i oktober neste år? 
Ho har alltid hatt ein draum om å oppleve landet, og no hadde ho plutseleg nokon ho kunne besøkje!
Etter å ha sett Team Bachstad på tur i Japan, vart ho enno meir gira på Japantur. Og no er draumen gått i oppfylling.

Måneskinskonsert



Sidan eg får besøk av ein profesjonell musikar, har eg prøvd å legge til rette for at ho kan få spele litt når ho først er her. Søndag får ho ha minikonsert etter morgonmessa i den katolske kyrkja, den einaste kyrkja i Matsue som har pipeorgel. Etter lunsj blir ho med på ettermiddagsgudsteneste i Arashima, der vi skal dele på å spele kyrkjeorgellyd på el-pianoet. Og kl. 17 slår ho over på piano-lyd og vil spele på måneskinskonsert. Sjølvsagt blir Måneskinssonata av Beethoven med, og Clair de Lune av Debussy. I tillegg får også høyre pianomusikk av både kjende og meir ukjende komponistar.

I Japan går folk på "o-hana-mi" (お花見 sjå på blomster) når kirsebærtrea blomstrar om våren og "o-tsuki-mi" (お月見 sjå på månen) i september/oktober når månen lyser på sitt beste. Sidan det er fullmåne komande måndag, vart det foreslått å kalle konserten "o-tsuki-mi" chapel concert. Ein amatørfotograf frå Volda har gitt løyve til å bruke bileta han la ut på Facebook av måneformørkinga i starten av september. Så dette er altså den norske sida av månen.

I dag har vi laminert plakatar som vi skal setje opp utanfor kyrkja på søndag. Det er dessverre meldt regn, så måneskinet får vi nok ikkje sjå, men musikk blir det likevel. 

Brev i posten

Vi har sendt ut invitasjon i posten til folk som framleis står i medlemslista, men som ikkje har vore i kyrkja på årevis. Eg har også gått rundt i nabolaget og putta invitasjon i postkassene. Ein dag eg var ute, stod ein eldre mann på andre sida av vegen. Eg tenkte, - skal eg gå over og gi han ein invitasjon? Men før eg rakk å seie noko, var det han som snakka til meg. - Er du utlending? Er det du som spelar el-piano i Arashima lutherske kyrkje?
Det viste seg at han var av dei som hadde fått brev i posten, og han verka glad for å ha fått brev. - Eg vart døypt der, sa han, til og med to gonger. I følgje medlemslista ser eg at han vart døypt i 1976, då han var 25 år. Kor lenge han har vore borte, veit eg ikkje, men eg har iallfall ikkje møtt han før, sjølv om eg har vore i denne kyrkja meir eller mindre dei siste 19 åra. Det høyrdest ut som han ville komme på konserten. Kanskje dette kan bli eit lite steg tilbake til trua på Jesus?

Ein annan mann som hadde fått brev, hadde ringt til ei kvinne i kyrkja og sagt han vil komme.
Men vi har også fått brev i retur. Eitt på grunn av ukjent adresse, og eitt brev som mottakar hadde nekta å ta imot. På lappen som var klistra på konvolutten, stod det "Ikkje send fleire slike brev". Dei som kjenner til mannen, seier at familien nekta han å gå i kyrkja. 

Som de forstår, kan det vere mange grunnar til at folk har slutta å komme. Men det er oppmuntrande at folk i kyrkja er med og ber om at desse og andre må komme tilbake. Ver gjerne med og be for desse to eldre mennene som har gitt respons, og alle andre som har fått invitasjon i postkassa eller direkte frå kristne familiemedlemmer eller naboar.

Månefest med te-seremoni

Eg er blitt med i ei te-seremoniklasse på det lokale samfunnshuset. Dei har sin eigen vri på månefesten. I staden for å gå ut og sjå på månen, tenner dei stearinlys og lagar stemning innadørs. Vi var alle med på å lage maten, men det var ei av dei som serverte, og vi andre var gjestar. 



Først var det middag, der ein viktig ingrediens var "dango", - små runde bollar i suppa. Og så fekk vi alkoholfri sake på eit lite fat. Elles var det ingenting å drikke før vi fekk servert tradisjonell macha-te etterpå.


Dette var desserten, ei søt kake før den litt bitre grøne teen. Japanarane meiner dei "ser" ein hare når dei ser på fullmånen. Difor pyntar dei ofte med hare.


Nokre av bollane skulle ikkje etast, men vart sette fram som "offer" til månen. Eg var litt skeptisk då eg vart sett til å lage desse bollane, men eg veit ikkje kor mykje religiøst dei legg i dette. Det er nok mest tradisjon. Men likevel skulle eg ønskje eg fekk ein sjanse til å seie noko om at vi kristne ikkje tilber skaparverket, men vi tilber Han som har skapt både månen og sola og heile universet.

Til slutt delte dei bollane mellom oss. Så eg steikte mine til lunsj dagen etter. 

"Når eg ser din himmel..."

I kyrkja skal vi ikkje setje fram offer til månen. I staden skal publikum få med seg nokre ord frå Salme 8 i powerpointen eg har laga til musikken.


Herre, vår herre,

kor herleg ditt namn er over heile jorda,

du som har breidd ut din glans på himmelen!

Salme 8,2



Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,

månen og stjernene som du har sett der,

kva er då eit menneske – at du hugsar på det,

eit menneskebarn – at du tek deg av det?

Salme 8, 4-5

Så mitt ønske er at dei som kjem på konserten, sit igjen med spørsmålet: Kva er då eit menneske, at du hugsar på det, eit menneskebarn - at du tek deg av det? Og at dei får lyst til å bli kjende med Skaparen sin. Og ser dei på begge sider av skjermen, heng der to andre bibelvers som viser korleis vi kan bli kjende med Gud.



Til venstre ser vi Joh. 14,6: "Eg er vegen, sanninga og livet"

og til høgre er Joh. 3,16: "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."


Vil du vite korleis det gjekk på konserten og elles kva Ioana får vere med på medan ho er her, må du gjerne følgje med på Facebook. 
7. oktober skal ho vere med på engelsk bibelklasse i Nima. Og du skal sjå ho får liv i trøorgelet i kyrkja der, sjølv om det ikkje er det ho spelar på til vanleg.








Sunday, September 7, 2025

Det er blitt september

 


Det er fleire dagar sidan eg bladde om kalendaren til september, men her er det framleis sommar. Litt kjøligare morgon og kveld, men likevel er det lite som tyder på at det er blitt haust. Bortsett frå tyfonane som kjem i tur og orden og til tider gir altfor mykje regn andre plassar i landet. I følgje vêrmeldinga skal det bli maks 32 og minimum 26 grader neste døgnet, så det går an å sove utan aircondition.

Etter ein lang ettermiddag i kyrkja var det godt med ein liten tur i nabolaget. Slik himmelen speglar seg i vatnet, skulle Guds kjærleik spegle seg i livet mitt, slik at menneska rundt meg kunne få kjenne hans kjærleik. Men det er nok dessverre ikkje alltid slik.

Kva slags spor set eg i andre sine liv? Det vart ein tankevekkjar ein morgon eg gjekk tur og såg dette sporet. Spor i sanden er lett å viske ut, men spor i størkna sement vil vere der for alltid, iallfall ei god stund framover. 

Gjennom babysong får eg setje spor i både borna og mødrene. Det var kjekt å få feire 1-årsdagen til denne guten og 3-årsdagen til ei storesøster.


Eg har fått lov av mødrene å dele desse bileta. Denne guten og mora var på babysong for andre gong, etter å ha blitt invitert av mora på det første biletet. Storesøstra på 3 år er også med og synest visst også det er kjekt.



September er framleis ferietid for universitetet, men nokre studentar er her. Sist fredag hadde eg berre to, men det vart likevel ein innhaldsrik kveld.
Den afrikanske studenten dramatiserer den blindfødde som fekk opna augene, og i bakgrunnen den japanske studenten som spela Jesus. Vi fekk ein god samtale om kven Jesus er, som lyset i verda.


Zini frå Zambia blir snart ferdig med mastergraden og reiser tilbake til landet sitt i slutten av september. Neste søndag skal han delta med vitnemål på den internasjonale gudstenesta. Fleire ikkje-kristne har sagt dei vil komme. Ver gjerne med og be for gudstenesta.

Den japanske studenten i bakgrunnen vil spele ukulele til songane. Det vil også ein eldre mann som kjem på torsdagsbibelklassa mi. Dersom du hugsar eg skreiv om då eg var solist med ein Beatles-låt, er det samme mannen som no vil vere med og spele i kyrkja. Spennande! 


Samme dag på ettermiddag startar vi også med øving for felleskoret til julekonserten, så heretter blir søndagane ganske innhaldsrike. I år er det min tur til å dirigere igjen. Det er både kjekt og utfordrande.

Elles er det mykje anna som skal skje framover. I starten av oktober får eg besøk frå Norge av Ioana, som er profesjonell organist og pianist. Ho skal ha pianokonsert i Arashima kyrkje 5. oktober. Vi håper at folk frå nabolaget vil komme innom på ein time med pianomusikk og ein kopp te.
18. oktober skal eg starte English Café i kyrkja. Det er eg også spent på. 

Og så er det enkeltpersonar som eg prøver å halde kontakt med. - Dette har eg ikkje fått snakka om på 20 år, var det ei som sa til meg i dag. Kanskje godt at eg stilte det eine spørsmålet?

Takk til deg som følgjer med i bøn! 



Monday, August 4, 2025

Nye utfordringar



 23. juli kom eg tilbake til Matsue, eller heimatt, kan eg vel seie. Takk for sist til alle eg rakk å treffe i løpet av dei vekene eg var i Norge!

Etter ein varmeperiode på Sunnmøre var det ikkje så altfor stor overgang til varmen her, men det merkast godt når det er rundt 35 grader og høg fuktigheit. Så eg held meg for det meste under kjøling inne hos meg sjølv, i kyrkja eller i bilen. Men ein tur til stranda måtte eg. I år fekk eg også bada i Norge, men temperaturen i sjøen her er noko heilt anna.



Noko av det første eg var med på etter at eg kom tilbake, var frukost kl 06 i ein park. Før ferien var eg innom på ei gruppe som lærer te-seremoni i nabolaget, og dei inviterte meg med på frukost, som dei har ein gong i året. 



Det var idyllisk ved vatnet inne i skogen. Og maten var ikkje så verst, den, heller. 


Etter frukost var det også te-seremoni.

I frå september blir eg med som elev i gruppa, som samlast to gonger i månaden på laurdag føremiddag.

Eg er spent på om eg har tolmod nok til å lære og følgje alle detaljerte rørsler og reglar, men det er iallfall ein måte å bli kjent med japansk kultur på, og ikkje minst å bli kjent med "vanlege" folk.

Ei av damene sa at ho kjende ei som kunne brodere hardangersaum. Det viste seg at ho kjende kona til den forrige presten i Matsue kyrkje. Prestekona hadde lært hardangersaum av ein norsk misjonær, som etter det eg hugsar, truleg var Herborg Jåtun. Eg måtte berre innrømme at eg kan ikkje brodere...


På fredag ettermiddag fekk eg ein kjempestor halv vannmelon på døra. Den største eg nokon gong har sett. Det er sjeldan eg tek fram badevekta, men no måtte eg sjekke vekta på melonen. 7,5 kg! Heldigvis har eg folk som kan hjelpe meg å ete. Dei som kom på Bible club, fekk ete så mykje dei ville, både som dessert etter middagen, og som snacks etter bibelstudiet. 


Det er blitt sommarferie for skulane no, også for universitetet, men nokre av studentane er framleis i byen. Og Carmella og Scott får også med seg nye studentar til Bible Club.

I går kveld hadde eg besøk av ei jente som ikkje kunne komme på fredag. Ho har byrja å lese i Bibelen på eiga hand. Ho hjelpte meg også med å ete vannmelon.

Og i dag på babysong var det også mange som likte melon. Å blåse bobler er også kjekt.


I dag var det to nye mødre og tre barn som kom for første gong. Mor og barn til høgre på biletet er næraste naboane mine, vegg i vegg. Vi har møttest ute fleire gonger, men det er første gong dei er innom. Før den unge mora skulle gå, spurde ho om ho kunne få bla i den japanske salmeboka mi. Ho hugsar frå studietida at ho lærte "Hvilken venn vi har i Jesus". Ho hugsa til og med nummeret i den gamle salmeboka!

Dette blir ei roleg veke, men eg har mange prosjekt å jobbe med. Ei utfordring er å vite kva ende eg skal starte i. Preika til kommande søndag må eg vel bruke mest tid på, men også planlegging framover. 

21. september skal eg til Tottori kyrkje - den første plassen eg var i arbeid for 30 år sidan. Der skal eg tale både på gudstenesta og på kvinnemøte på ettermiddag, og dei vil ha tekst og salmeønske allereie midt i august.

Så vil vi prøve å få til ei internasjonal gudsteneste igjen i starten av september, og vi startar korøving med felleskoret. 

Sommarfestivalen for barn som var planlagt no i august, må vi visst utsetje til hausten når det er blitt litt kjølegare. I oktober håper eg å få starte English Café i Arashima kyrkje, der eg vil invitere vaksne barn av kyrkjemedlemmer. Du som ber, må gjerne be ekstra for det. I det heile tatt at vi kan få nå ut til fleire av dei som har foreldre og besteforeldre som er kristne, og også gjennom dei nå ut til andre i området.

Elles bruker eg ein god del tid på å følgje opp enkeltpersonar. Der føler eg også at eg kjem til kort.

Så her er nok av oppgåver. Preike, ha bibelstudie og dirigere kor er store oppgåver, men også det å vere eit medmenneske. Lytte, gi råd. Vise omsorg. Ha tid. Og kunne tole å bli både fornærma og såra, men likevel prøve å vise kjærleik.

I ein av søndagstekstane for i går ber Paulus for dei kristne i Filippi:

"Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig..." (Fil. 1,9-10a)

Dette kjenner eg at eg treng, også. Vil du vere med og be? Be om at kjærleiken min må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så eg kan skjøne og avgjere kva som er viktig. Både som enkeltperson, men også i samarbeid med kyrkjelyden.

For det er ikkje alt som er like viktig av det vi driv på med.


Det er også viktig å ta det med ro. Som for eksempel å setje seg ned og sjå på fuglane som tek livet heilt med ro.
























Wednesday, June 11, 2025

Misjon med musikk



Dette er eit blogginnlegg eg har skrive på NLM si heimeside. Japan er månedens misjonsland i juni, så då har vi ekstra fokus på arbeidet her. Klikk på lenkja og les heile teksten. Du finn også fleire bilete der.

Misjon med musikk - Norsk Luthersk Misjonssamband

No sit eg forresten og ventar på at det blir tid for ombordstigning på flyet som går til Bangkok. Deretter går reisa vidare til Oslo og Sunnmøre. Kanskje vi sjåast?