I går då eg var på veg ut døra for å køyre til Nima, oppdaga eg ein pose som hang på døra. Oppi var det eit eple og eit lite kort ifrå naboen.
For nokre dagar sidan hadde eg skrive nokre få ord på invitasjonen til julekonserten og lagt i postkassene til alle i blokka.
Eg har ikkje fått nokon reaksjon frå nokon før i går, men det var ein veldig positiv nabovarsel!
Ho takkar for invitasjonen og beklagar at ho ikkje kan kome på konserten fordi ho skal føde i desember. Ho skriv også at ho er veldig glad i kyrkjemusikk, og at ho i studietida var med og song både Bach-messe og Bach-kantate, så neste år vil ho gjerne vere med. (Eg har skjult namnet hennar med eit hjerte.)
Ei spennande kontakt med felles interesse! Eg tenkjer at etter babyen er født, blir det anledning til å bli betre kjend. Og i januar kan eg invitere til babysong! For det ser ut til å bli ganske fullt på det lille rommet den 16. desember. Veninna mi som var her med babyen sin (sjå blogginnlegget nedanfor), har invitert tre mødre som vil komme med barna sine!
Eg har ikkje vore på badmintontrening meir enn ein gong, for eg har prioritert å bruke onsdag føremiddag til å besøkje mi japanske mor på 101 og eit halvt år, eller ei kvinne på 89 år som eg besøkte på veg heim frå Nima i dag. Men eg kom på at eg kan spørje om damene på badminton vil komme på te-selskap hos meg før jul, slik som dei har gjort før. Eg foreslo nokre datoar, og i dag fekk eg svar. Dei vil komme den 18. desember etter treninga, og dei blir iallfall fem. Så då må eg finne tid til å bake litt. Men først må preika til kommande søndag i boks, og deretter andakt på kvinneforeininga sin julefest 10. desember. Då skal eg også spele piano ilag med Tamaki, og det må eg øve på! Det blir 4-hendig julemusikk, og så skal eg akkompagnere når ho spelar fløyte.
Ja, og så er det julekonserten for kyrkjene i Matsue komande laurdag. Vi prøver med Halleluja-koret igjen etter 5 års pause. Denne gongen ilag med eit profant kor i byen, med deira dirigent og pianist. Men vi har omtrent ikkje øvd i lag, så dette synest eg er litt for spennande. De kan gjerne be om at mange må komme og høyre om kvifor vi feirar jul, og gjerne at songen må klinge fint, også. Ein svensk cellist skal ha fleire mindre konsertar rundt om i kyrkjene i løpet av veka, og avsluttar med konserten laurdag.
Her er nokre glimt ifrå dagen i går. Det var nydeleg ettermiddagshimmel då eg køyrde vestover mot Nima rett før solnedgang.
Engelskklassa i Nima har fått to nye medlemmer denne hausten. Det er artig å sjå kor ivrige alle er. I går var temaet kjensler: Sint, redd, trist, sorgfull, glad, lukkeleg, sjalu og mange andre ord som uttrykkjer kjensler. Og så snakka vi om korleis Josef måtte ha kjent det då brørne kasta han i brunnen og etterpå selde han til Egypt, og korleis faren Jakob sørga då han trudde at Josef var død.