Det er siste kvelden før eg prøver å kome meg tilbake til eit meir normalt liv, med grupper, bibelstudie og førebuingar. Så no vil eg ta eit tilbakeblikk på ferien og prøve å sjå litt framover.
Dei første dagane av ferien hadde eg besøk av familien Tråsdahl frå Kobe. Det var kjekt å ha liv i huset. Vi var mellom anna i ein fuglepark, til stor glede både for liten og stor.Eg har vore der mange gonger, men det er første gong fuglane har vore så nærgåande. Og det sjølv om eg ikkje ga dei mat.
Her kan de sjå korleis familien Tråsdahl opplevde turen:
På tur til gode kollegaer i Matsue og Yonago
Etter at eg hadde rydda etter gjestane, var det min tur til å reise. Ikkje så langt, men godt å komme seg vekk heimanfrå og opp i litt kjøligare luft. Iallfall natta var kjøligare på Hiruzen.
På Hiruzen veks det til og med bjørk. Det er sjeldan å sjå her i landet.
Alle leirane er avlyste i sommar, så det var ganske stille og roleg på leirplassen. Altfor stille. For august er vanlegvis den travlaste månaden. Eg hadde eit rom på Bethlehem Lodge, med tilgang til både kjøkken, flygel og sykkel.
Stort sett heldt eg meg for meg sjølv, men ein dag kom Caroline og David opp frå Yonago og vart med på ein fjelltur. Ja, vi er 1010 m.o.h., men vi starta vel på omtrent 500 meter.
Rett etter vi tok bilete, kom det ein skikkeleg regnskur, som forsvann like fort som han kom. Men det vart ein flott regnboge etterpå.
Det er alltid kjekt å kome til Hiruzen Bible Camp og bli tatt imot av ekteparet Ohashi. Dei var glade det ville kome fleire gjestar seinare i veka.
Eg køyrde vidare mot Uradome i Tottori, men tok ein omveg over fjellet for å sjå korleis skiløypene mine ser ut om sommaren og for å køyre ein veg eg ikkje hadde prøvd ut før.
Her står eg oppe i slalombakken. Nede på marka til høgre, der graset er slått, er langrennsløypa.
Uradome kyrkje ligg nær ei fin, lang sandstrand. I denne kyrkja var eg ofte på gudsteneste, kvinnemøte, barnemøte og engelskklasse dei to åra eg budde i Tottori. Tidlegare budde det også misjonær i den lille leiligheita i andre etasje i kyrkja. Her hadde eg nokre dagar for meg sjølv. Eg hadde delvis avtale med to veninner frå den tida, men på grunn av koronasituasjonen traff eg dei ikkje. Men eg var innom på besøk til ei av naboane mine frå den tida.
Eg hadde gledd meg til å bade i sjøen, men då eg høyrde på nyheitene at ein person hadde blitt tatt av straumen og drukna nokre dagar tidlegare, vart eg skeptisk. Parkeringsplassane var korona-stengde, og over høgtalarane bad dei folk om å avstå frå å bade.
Berre måsane kunne gå fritt her. Ein morgon fann eg ut at det var fint å jogge her på sandstranda.
Ein sein ettermiddag var eg også innom sanddynene i Tottori, Japans "ørken".Idag las eg at ein mann i 40-50-åra hadde døydd av heteslag i sanddynene tre dagar etter at eg var der. Varmen er ikkje noko å spøke med. På vêrmeldinga snakkar dei om farleg varme når det kjem opp i 38 og 39 grader. Her i Matsue har det vore opp i 35 grader nokre dagar, og ned i 25-26 om natta.
Etter å ha vore borte i omtrent 10 dagar, var det eigentleg ikkje så verst å kome heimatt, heller. Men eg har prøvd å tenkje minst mogleg på jobb, og reist litt rundt i området. Ein dag var Shoko og eg ein tur for å kjøle oss ned. Og vi fann mange fine fossar.
Litt jobbrelatert har det blitt. Eg var med som støttespelar på studentleiren. Kvart år i august bruker Laget å ha leir for studentar, men i år vart det digital leir. Tre ettermiddagar og kveldar var eg med på Zoom, med gruppeleiarsamlingar, bibeltimar, seminar og gruppemøte.
Første kvelden var vi 34, men berre 25 får plass på skjermen i gongen. Til saman var det 40 deltakarar inkludert talarar. Studentane leia sjølve, støtta av to lagsarbeidarar. Tre av studentane "mine" her i Matsue var med (nr 2, 3 og 5 på siste rekkja).
Sidan eg ikkje fekk bade så mykje i Uradome, har eg tatt det igjen i Matsue. Det er berre 16 km til den badestranda som er open. Andre er visstnok stengde. Men her har eg ein fantastisk plass. Sjå første bilete ovanfor. Idag var eg der igjen, for å "feire" siste dag i ferien. Det var lite folk idag. Skulane har byrja på igjen idag. Dei har mista to veker av sommarferien for å kompensere for tapt undervisning då skulane vart stengde i april på grunn av korona.
I morgon byrjar vi opp igjen med engelsk bibelklasse i Nima, men eg blir heime og møter dei på Zoom. Det er ikkje mange månader igjen før eg må ta farvel, og det er mykje som skal ordnast før eg reiser, også. Eg får prøve å ta det litt i gongen, og håper at eg ikkje utset for lenge å starte med rydding og pakking. Og så har eg fått nokre ekstra forespørslar om å preike, også, og det bør eg vel ikkje seie nei til, eller?