Arbeidet blant studentane har ikkje stått stille medan eg har vore i Norge. Bible Club har hatt samling stort sett kvar fredag sommar som vinter, og fleire av ungdommane har gått i kyrkje på søndagane. Og i løpet av sommaren er to av jentene blitt døypte; den eine i innsjøen, og den andre i Japan-havet. Ingen av dei vart innlemma i vår lutherske kyrkje, men Guds rike er heldigvis større.
Narumi var ei av dei to jentene som har blitt døypt i sommar. 30. juli var ho endeleg klar. Då var det nesten gått to år sidan ho tok imot Jesus som frelsar, men foreldra ville at ho skulle vente til ho var ferdig med utdanninga før ho vart døypt. Først hadde dei sagt at dei ikkje ville kome til dåpen, men dei var der likevel!
Rett etter dåpen sende Narumi vitnemålet sitt på japansk til meg, og eg starta omsetjinga, men i all flyttinga og avskjedar vart det liggande. Her på flyplassen i Amsterdam har eg ikkje så mykje anna å gjere medan eg ventar på neste fly, så no er det endeleg klart.
Mange var samla på stranda denne søndagsmorgonen, - kristne frå forskjellige kyrkjer i byen, men også ikkje-kristne venner, som var nysgjerrige på kva dåp er for noko.
Her kan du til og med sjå og høyre stemninga på video:
https://www.youtube.com/watch?v=_BsjS7ebJwI&feature=youtu.be
Tilbake i kyrkja var det gudsteneste med påfølgjande fest, der Narumi delte vitnemålet sitt, som ho les opp frå mobilen sin.
Her er min norske versjon av vitnemålet til Narumi:
"For to år sidan, den 11. august 2015, kom eg
til tru på Jesus som Gud, og eg bestemte meg for at eg frå den dagen ville leve
etter det som står i Bibelen.
Det betyr ikkje at eg var ulukkeleg før den
dagen. Eg hadde eit godt forhold til familien, hadde venner, og gjorde det også
ganske bra på skulen. Likevel kjende eg kvar dag på ei slags uro. I
undervisninga var eg veldig redd for å svare feil, og eg var redd at vennene
ikkje likte meg. Eg hadde få venner som eg kunne vere meg sjølv ilag med. Som
ein reaksjon på det, tok eg det ut når eg kom heim, og utan å vite det, har eg
kanskje påført familien vonde kjensler og sår.
Dette var meg, men då eg kom inn på
universitetet, vart eg med på eit studieopphald i Florida, som vart arrangert
av Shimane universitet. Det var min første utanlandstur.
Dette var ein tur som
Scott, Carmella og fru Kataoka (lærarar ved universitetet) la til rette for, og
både dei, vertsfamiliane og studentane ved Florida universitet som vi møtte,
trudde alle på Jesus.
Særleg vart eg overraska over at studentar på
min eigen alder trudde at verda er skapt av Gud. I løpet av turen vart eg i
dårleg form og bilsjuk. Og eg tok til tårene fordi eg var nok den av dei
japanske studentane som var mest til bry. Men også i denne situasjonen var folk
rundt meg vennlege og sa: «Det går bra!» eller «Vi ber om at du skal bli frisk
igjen». «Korleis kan menneske bli så vennlege?», undrast eg. Under studieturen
var der også samlingar der vi kunne lese i Bibelen ilag, men eg deltok berre éin
gong. Dei andre studentane syntest det var vanskeleg å forstå, men eg hadde
nettopp fått forklart dei samme versa heime hos vertsfamilien min, så eg kunne
forstå det då eg las Bibelen ilag med dei andre. Då fekk eg lyst til å lære
meir frå Bibelen.
Då eg kom tilbake til Japan, vart eg med i
Bible Club, der vi lærte om Bibelen. I starten var eg veldig nervøs, og når eg
vart spurt, svarte eg halvvegs på intuisjon. Etter at bibelstudiet var slutt,
var det ein som sa overraska: «Og eg som trudde du hadde studert Bibelen!» Det
gjorde meg litt stolt. Sjølv om eg aldri hadde truffe dei fleste som var på
Bible Club før, var vi som ein familie, der eg kunne prate avslappa. På grunn
av den gode atmosfæren var eg med på Bible Club fleire gonger.
Ein dag sa ei veninne til meg: «Du har
forandra deg etter at du var i Florida. Du er blitt lettare til sinns.» Då
oppdaga eg det sjølv, også. Når eg tenkte tilbake, såg eg at den uroa eg kjende
på tidlegare, var blitt mindre, og eg la merke til at eg kunne le oftare enn
før.
Etter kvart vart det nesten vanskeleg å vente
til neste Bible Club, og eg byrja å tenkje på at kanskje det var bibelstudiet
som var grunnen til at eg hadde blitt forandra.
På den tida var eg
ein tur til det store shintotemplet i Izumo ilag med foreldra mine. Eg stod og
tilbad ilag med mor mi. Eg kasta inn pengar og slo saman hendene for å be til
de japanske guden, men denne gongen kjende eg noko eg aldri har opplevd før.
Det var som om noko stakk meg i hjarta, og eg tenkte tvilande: «Er det verkeleg
rett å be til denne guden?», så eg klarte ikkje å be frå hjarta.
Nokre dagar etter fekk eg tilsendt ei PDF-fil
ifrå Carmella, der det stod om kva dei kristne trur og korleis ein skal leve. Der
var fleire ting eg ikkje forstod, så eg stakk innom på kontoret hennar. Etter
at eg hadde fått svar på spørsmåla mine, tenkte eg: «Sjølv om eg ikkje tvilar
på det som står på dette arket, kvifor trur eg likevel ikkje?» Der og då trudde
eg at Jesus er Gud, at eg hittil hadde levd med ryggen mot Gud, men at Jesus
hadde gitt livet sitt på korset for ein slik som meg. Eg trudde også at dette
gjorde han for at eg skulle få leve ilag med Gud og for at eg skal kunne ha eit
personleg forhold til Jesus, og at han til og med vil tilgi om eg kjem til å
vende meg bort frå han heretter. Alt dette bekjente eg i bøn til Gud. Då kjende
eg som om hjartedøra vart opna. Det var ei glede som eg aldri hadde opplevd
før. «Det er Gud som har kome inn i hjarta ditt,» forklarte Carmella. Det var
ei heilag stund for meg, og tårene rann.
Nokre timar seinare møtte eg ei anna som trur
på Jesus. Til vanleg jobbar ho, men akkurat dette tok ho vidareutdanning ved
universitetet. Då eg fortalde henne at eg hadde tatt imot Jesus, vart ho veldig
glad. Og dagen etter starta vi å lese Bibelen ilag over internett. Dersom denne
personen hadde vore ute i jobb og ikkje vore student, hadde vi nok ikkje ha
starta bibelstudium ilag. Det har vore ei veldig stor hjelp å kunne lese
Bibelen ilag kvar dag på denne måten. Dette var verkeleg Guds gode «timing»!
Dagen etter at eg tok imot Jesus, måtte eg
reise heim, for bestemor mi var død. Det fekk eg vite før eg bestemte meg for
å tru på Jesus. Det skulle vere buddhistisk gravferd, og eg hadde endå ikkje
fått fortalt familien min at eg trudde på Jesus, så eg var uroleg og hadde
ikkje lyst til å delta i den buddhistiske seremonien. Eg var på rommet mitt og
bad og gret, for viss eg skjulte for familien min at eg var komen til tru, måtte
eg vere med på noko eg ikkje hadde lyst til, men eg var nervøs for å fortelje
dei at eg hadde tatt imot Jesus. Medan eg bad, svarte Gud: «No er den rette tid!»
Først tenkte eg: «Ja, men bestemor mi er nettopp død, og foreldra mine er trøytte
og sorgfulle.» Men etter nokre minutt bestemte eg meg. Eg var nervøs, men gjekk
til foreldra mine og fortalde at eg trudde på Jesus. Mor mi vart veldig
overraska, så eg tenkte at det hadde vore best om eg ikkje hadde fortalt det,
men far min sa: «Eg veit at kristendommen er inga dårleg lære, så det er vel
greitt at ho trur?» Då mor mi høyrde det, gjekk ho med på det. Eg takkar Gud
for at foreldra mine ikkje nekta meg å tru, og fordi Han viste meg den rette
tid.
Når eg tenkjer på det no, ser eg at det som såg ut som eit samanfall av
tilfeldige hendingar, førte til den eg er i dag. Dersom eg ikkje hadde reist heimatt.., dersom
eg ikkje hadde reist til Florida..., dersom eg ikkje hadde kome inn ved Shimane
universitet.... Alt kan sjå ut som tilfeldigheiter, men eg er sikker på at Gud
heile tida arbeidde i bakgrunnen for at eg skulle kome til tru på Jesus.
(dersom her er nokon som ikkje trur på Gud, så prøv å tenkje at alt dette kanskje
ikkje skjedde tilfeldig.) Likevel, det betyr ikkje at Gud har styrt meg som ein
robot og tvinga meg, for Gud elskar oss som sine barn. Han har gitt oss
fridom til å tru at Jesus er Gud, og til å velje å leve livet ilag med Jesus.
Eg har valdt å tru på Jesus og gå på hans veg. Kva vil du velje? Uansett kva
vil vel, elskar Gud oss veldig høgt. Eg ønskjer at de alle kan få ta imot Guds
store kjærleik."
Gratulerer, Narumi, og Gud velsigne deg!
Om fire dagar møter eg henne kanskje att. Sidan ho har fått seg jobb i Matsue, kan ho framleis komme på Bible Club når ho er ferdig på jobb!
(Alle foto og video: Scott Menking)