Det er tendensar til vår i Matsue, men på fjellet er det framleis vinter. 14.-16. februar hadde vi Snow Fun Camp. Leirsjef Johanna Tervonen og eg hadde det artig med å lage snølykter før deltakarane kom.
Nei, det er ikkje snøballar, men sjokolade til alle på Valentin-dagen.
Katsuhiro Igi talte om Jesu kjærleik, og kva Bibelen seier om kjærleik og ekteskap.
Her er heile gjengen, etter bibeltimen på laurdag føremiddag. Så var det tid for å fare i skibakken. Men Igi måtte tilbake til kyrkja si i Tamashima og førebu seg til søndagen.
Denne jenta var ivrig på langrenn. Tjukke sokkar og hue lånte ho av meg. Denne hua strikka eg forresten til meg sjølv då eg gjekk på ungdomsskulen, trur eg, så ho er nokre år gammal...
Denne karen kom frå Tottori. Elles kom deltakarane ifrå Kobe og Fukuyama. Dessverre fekk eg ikkje med meg nokon ifrå Shimane denne gongen.
Dei fleste valde slalomski
Eittåring David Thorsen kjøpte seg snøbrett på ein bruktbutikk i Matsue i romjula. Han er fornøgd med kjøpet.
Desse tre lånte seg langrennski på leirplassen. Slikt får ein dessverre ikkje leige på skisenteret.
Eg kan vel seie vi hadde nok snø på Hiruzen. Dette er inngangsdøra til Bethlehem Lodge.Heldigvis var der ingen under her då det rasa av taket utanfor matsalen....
Johanna er utdanna lærar og tek i bruk pedagogikken i bibelundervisninga. Alle fekk bidra med sine tankar om kva kjærleik er. Eg låner ideen til studentleiren neste veke, då eg skal ha seminar om kjærleik.
Søndag var det sol og mildt vêr. Her er Johanna og ein deltakar frå Kobe på veg til gudsteneste i Hiruzen kyrkje.
Kyrkjeorgelet i Hiruzen kyrkje. Dei har også piano, men når denne dama spelar, føretrekkjer ho orgelet.
Lea Lukka preika i kyrkja over teksten frå Matt. 5, 38-48. Det vart ei god avslutning på temaet vi hadde på leiren, om kva kjærleik er. "Elsk dykkar fiendar", seier Jesus.
Liv Bakke er klar til å ta med seg passasjerane sine tilbake til Kobe. Takk for laget!
Men kven er det som går ute i tøfler?!
Les meir om Snow Fun Camp og Valentindagen på nlm.no 1.mars. I heile mars blir det mykje Japanstoff der, så følg med!
Neste veke er det ny leir, frå 4.-7. mars. Då er det studentlaget (KGK) som arrangerer. Eg skal ha med meg ei jente herifrå Matsue og ein gut ifrå Izumo. Tirsdag morgon køyrer vi til Fukuyama i Hiroshima fylke. Eg har vore der fleire gonger med bil, men eg tullar alltid litt med å finne fram på slutten. Håper det går bra når eg har to japanske passasjerar.
På studentleiren skal eg ha eit seminar med tema "kjærleik", og det er prosjektet mitt denne veka, i tillegg til alt som skal skrivast til Utsyn, heimeside og LMF-bladet, og bibelstudie, Bible Class og Bible Club. Nei, arbeidslaus er eg ikkje.
Til deg som ber: Be for førebuinga til leiren, for alle studentane som kjem (ca 40 påmelde), for talaren, seminarhaldarar, og at det går bra på turen.