Først eit lite tilbakeblikk på sommaren i Norge:
Lange, lyse kveldar |
Fine fjellturar |
Gudsteneste på norsk i heimekyrkja |
Gjensyn med tidlegare eittåringar/halvåring |
Japansk mat med venner |
Møte med snåle dyr |
Bli henta av ei 50 år gammal boble i Oslo |
21.8: Farvel til Oslo og Norge for denne gongen... |
22.8: Slik ser skyene ut høgt over Osaka |
Sjølve Bible Club hadde vi istaden på laurdag ettermiddag. Brunosten eg hadde med i kofferten, vart gjort stas på!
Første søndag på jobb var i Izumo. Åkrane kvitnar mot hausten. No er det tid til å byggje Guds rike. Ingen må ledige stå. Medan eg gjekk tur rundt risåkrane ved kyrkja, dukka fleire strofer frå denne songen av Haldis Reigstad. Men det var eitt ord eg ikkje kom på, som eg måtte tygge på heilt til eg kom heim og fann teksten: "Berga for himlen den ____________ grøda". Finn du ordet som passar her?
Åkrane kvitnar mot hausten.
No er det tid til å gå.
No er det tid til å byggja Guds rike,
ingen må ledige stå.
No er det tid til å gå.
No er det tid til å gå.
No er det tid til å byggja Guds rike,
ingen må ledige stå.
No er det tid til å gå.
No er det tid til å hausta.
Gå på Guds åker i dag.
Berga for himlen den kostbare grøda.
Kallet frå Gud står ved lag:
Gå på Guds åker i dag.
Tindrande klårt talar Ordet:
Ber denne bodskapen ut
Enno står døra til himmelen open,
vend dykkar hjarto til Gud.
Ber denne bodskapen ut.
Åkrane kvitnar mot hausten.
Himmelens rike er nær.
Han som er sanninga, vegen og livet,
mønstrar med kjærleik sin hær.
Himmelens rike er nær.
(S 97 Nr. 112 Haldis Reigstad 1990)
"Berga for himlen den KOSTBARE grøda!" |