Wednesday, February 3, 2016

Gode samtalar i Nima

Det er alltid spennande å lese Bibelen ilag med ikkje-kristne. Dei kjem ofte med spørsmål eller refleksjonar som eg ikkje har tenkt over. I går var eg i Nima igjen på engelsk bibelklasse.
Ifrå nyttår har vi flytta klasserommet opp i andre etasje. Forrige veke då eg kom der, var det 2 grader i stova. I går skein sola, så det var faktisk 10 grader før eg slo på varmen.
På ettermiddagsklassa har eg to damer, og dei har så god engelsk at dei klarer seg godt utan japansk.

Igår var teksten om Jesus som reid inn i Jerusalem på eit esel. No nærmar vi oss klimaks, med skjærtorsdag, langfredag og påskedag, litt før kalendaren. Etter planen skal vi bli ferdige med boka i slutten av mai, med Kristi himmelfart.
Neste gong eg skal til Nima, er ikkje før 8. mars. Vanlegvis er eg der to gonger i månaden, men i februar er dei andre tirsdagane oppfylte med styremøte, arbeidarmøte og eit komitemøte.
I november prøvde vi ein gong med at evangelist Machiko Chigane hadde bibelstudie på japansk for dei, og 7 av 13 deltok. No prøver vi igjen den 16. februar med bibelstudie på japansk.
Her er kveldsklassa eg hadde i går. Fire av medlemmene var borte, men framleis er det ei stor gruppe. Machiko Chigane står heilt til venstre. Ho har vore misjonær i Indonesia, og vi arbeidde ilag i Kita-Osaka i to år. No er ho pensjonist og har flytta tilbake til barndomsheimen, og ho hjelper frivillig i Nima kyrkje, mellom anna med søndagspreike ein gong i månaden.

Eg spurde om å få omsetje til norsk av det ho skreiv etter bibelstudiet ho hadde med desse damene i november. Gjennom det ho skriv, kan du truleg forstå litt av dei utfordringar vi har her i dette landet. Her får ho ordet:

Vi starta på eit bibelstudium om kvinna som hadde fått mykje tilgitt, men vi kom ikkje lenger enn til spørsmål 7. Resten av tida brukte fru Matsumoto og eg til å svare på spørsmål frå dei ikkje-kristne. Klokka var blitt 21.30 då vi var ferdige. (Vanlegvis er klassa slutt kl 21).

Dei reagerte på at vi snakka om døden som dom, og dei syntest det verka skremmande. Kva skjer når vi døyr? Dersom det følgjer dom etter døden, betyr det at også at foreldra deira var blitt dømde?

Som husmødre høyrer dei alle med i familien sin religion, og ser det som viktig å ta vare på den. Oftast har dei både gudehylle for shintoismen, samtidig som dei har fedrealter og er også tilknytta buddhismen. Likevel kjenner dei ikkje så godt kva desse religionane lærer.

Dei ber i den lokale shintoheilagdomen, og på dødsdagen til forfedrane går dei i shintoheilagdommen eller buddhisttemplet og tilber. Dei tek også del i festivalar betaler pengar til templa. Nokre fortalde også at når dei kjem heim, vender dei seg i mange retningar og takkar for at dei har blitt passa på. Det verkar som om dei ber til forskjellige gudar utan å tenkje så veldig djupt.
Når borna i familien skal ha eksamen, går dei til shintoheilagdomen eller til buddhisttemplet for å be om at dei skal lukkast, og er nokon i familien sjuk, ber dei framfor gudehylla eller fedrealteret om at vedkomande må bli frisk. Når det går bra, blir dei fylt av takk til gudane eller Buddha. Dei ga uttrykk for at dei kan ikkje vende seg bort frå sin eigen religion.

Når det er snakk om kristendommen, verkar det som om dei er redde for at andre vil kalle dei trangsynte. Likevel ga dei uttrykk for at dei syntest det var godt å få sjansen til å stille spørsmål, og at det hadde vore kjekt. Det er ikkje ofte dei har høve til slike djupe samtalar om kristendommen. Dei seier dei har gått og lært engelsk i kyrkja i 15 år, og dei verkar veldig samansveisa. Dette er ein plass dei kan snakke om kva som helst.

Dei spurde meg korleis eg hadde kome til tru på Jesus, så eg vitna for dei. Eg fortalde også om korleis Jesus kan helbrede og om Guds kraft. Fru Matsumoto vitna også om korleis ho og seinare mora også var blitt kristne.

Eg vil halde fram med å be om at dei alle kan kome til tru og bli frelste, og eg er veldig takksam for misjonærane som har arbeidd med tolmod heilt fram til no, avsluttar Machiko Chigane.

 16. februar er altså neste sjanse. Ver med og be om opne hjarte og enno fleire gode samtalar!

Det er onsdag morgon, og eg er på veg heim igjen. Tøflene i hylla ventar på folk i Nima til å kome på gudsteneste og bibelklasse.


Halvvegs heime stoppa eg i Izumo og hadde bibelstudie og lunsj ilag med Grace. Henne har de vel sett og lese om før. Dersom du ikkje har fått det med deg, kan du klikke her.




No comments:

Post a Comment