Tuesday, November 5, 2024

Evangeliserande bibelgrupper

Denne bloggen er ei redigert utgåve av blogginnlegget på nlm.no, som eg skreiv i helga. Mot slutten har eg litt oppdatering frå eit institusjonsbesøk i dag. Biletet ovanfor er frå engelskklassa i Nima kyrkje 29. oktober. Engelskgrupper er ein god innfallsport til å nå japanarar med Bibelens bodskap. Med Bibelen som lærebok er det fleire som møter Guds ord for første gong. Det er fint å vere tilbake i Japan og kunne starte opp igjen grupper som eg hadde før eg reiste til Norge for snart fire år sidan.

Engelskgruppene både i Matsue og Nima har hatt velkomstparty for meg tidlegare, og i slutten av oktober var vi i gong med undervisning igjen. 

Matsue Bible Class 
I Matsue kom det tre nye på første samlinga. Ei av dei som har vore med i mange år, hadde invitert med seg to venner, og ei anna hadde invitert med seg ei veninne. For alle tre som var der for første gong, var det også første gong å lese ei forteljing frå Bibelen. (Foto: Mayumi)
Vi starta eit enkelt bibelstudie om Josef og brørne hans, der første tema var familierelasjonar. Før vi såg på Josef sitt familietre, fekk alle i oppgåve å teikne sitt eige familietre. På den måten blir vi også litt meir kjende med kvarandre. Norske vafler var populært, og det gjekk hardt ut over brunosten, så no har eg bestilt meir ost frå ei av ungdommane som kjem på besøk midt i november. To elevar frå Kongshaug Musikkgymnas og to frå Tryggheim Forus kjem for å lære meir om prosjekta som dei samlar inn til. 

I fiskelandsbyen Nima 
I Nima starta vi også på same studiet om Josef. Ei av medlemmene er ivrig og studerer heime i mellomtida, og så deler ho med dei andre i gruppa på Line, som er det sosiale mediet som blir brukt mest her i Japan. Fleire morgonar i seks-sju-tida har ho delt noko nytt. Det er artig å sjå kor ivrig både ho og dei andre er.
I september hadde damene i Nima velkomstparty for meg. Det var Kari Opperud som starta denne engelskklassa i Nima. Då lærte dei også om Josef, og denne dama som er så ivrig og har Bibelen som hobby, har funne fram papira som ho fekk utdelt den gongen. Ho hugsar enno kor rørt ho vart over forteljinga om då Josef fortalde brørne sine kven han var og dei bad han om tilgjeving. Dei aller fleste i desse klassene er ikkje kristne, men dei vil gjerne lære engelsk og treffe kvarandre. Så får vi halde fram med å be om at Guds ord får trenge inn og forandre tankar og sinn, slik at dei forstår at der er ein Gud som elskar dei, og at dei har bruk for Jesus som Frelsar. 

Bible Club 
Desse to gruppene var det lett å starte opp att, men studentklubben Bible Club treng meir tid for å bli aktiv igjen. Studentar kjem, blir her i 4 år, og så reiser dei, så dei som var med i klubben før eg reiste til Norge, er no spreidde overalt, både i Japan og andre land. Så det er å starte igjen heilt frå botnen av. Heldigvis er det amerikanske ekteparet Carmella og Scott framleis ved universitetet her, og dei prøver å få med seg studentar. 



På første samlinga kom det éi jente. Ho såg ut til å like seg, men ho er opptatt kvar fredag i november. Sist fredag var det ei anna jente som var interessert, men ho vil heller vente ei veke, så ho får med seg ei veninne. Sidan ingen melde seg på, vart Bible Club avlyst denne kvelden. Be om at det desse to jentene og enno fleire kjem den 8. november, og at det kan bli ei god samling når ungdommane frå Kongshaug og Tryggheim Forus er her 15. november. 

Mi japanske mor på 101 og eit halvt
Eg får også lese Bibelen på japansk utan å gå vegen om engelsk. I fleire år lærte eg å spele koto (japansk harpe) med ei kristen kvinne som er medlem i Arashima kyrkje. Ilag med mor hennar hadde vi først ein time kotoøving og samspel, og deretter hadde vi ein times tid der vi las i Bibelen i lag, før vi avslutta med å drikke te, og då var det både alvorsprat og latter. Eg kunne dele både sorger og gleder med desse to. Dei var som ei storesøster og ei mor for meg.

På 100-årsdagen til mi japanske mor var eg i Norge, men fekk snakke med henne på nettet. No bur ho ikkje heime lenger, men har einerom på ein aldersheim. Ho er oppegåande og ganske klar i hovudet, men det er tillatt å vere litt gløymsk i den alderen.

Første gongen eg var på besøk, hadde eg ikkje med Bibelen, men dottera hadde spurt meg om eg kunne ta med Bibelen og lese eit ord og be i dag. Vi fekk ein fin samtale rundt Joh.8,12, om Jesus som er lyset vårt, og at vi ikkje treng å gå i mørket. Men gamle mor synest det er vanskeleg. Ho har vakse opp i ein shintofamilie og har lært å be til Amaterasu, og det er vanskeleg for henne å skifte tru. - Det må i tilfelle skje naturleg, sa ho. Så då får vi be om det, då, at det blir naturleg for henne. Ho har vore i kontakt med kristne dei siste omlag 70 (!) åra, men å skifte tru er ikkje enkelt.

Amaterasu er ei av mange guddommar i shintoismen. Ho blir også kalla Solgudinna.

Wikipedia forklarer det slik:
Amaterasu (天照), Amaterasu-ō-mi-kami (天照大神 eller 天照大御神) eller Ōhiru-menomuchi-no-kami (大日孁貴神) er solgudinnen (og samtidig selve solen[1][2]) i japansk mytologi, og kanskje Shintos viktigste kami (guddom). Hun ble født ut av det venstre øyet til Izanagi, og ble også regnet som stammor til den japanske keiserfamilien.[3] Hennes fulle navn er Amaterasu-no-mikoto som betyr «storgudinnen som lyser opp himmelen». Amaterasu er datter av urguden Izanagi og søster til måneguden Tsukuyomi og stormens gud Susanoo.

Amaterasu – Wikipedia

La oss be om at Jesus må få lyse inn i hjertet til gamle mor, så ho ser at det ikkje er Amaterasu, men Jesus som er det sanne Lyset for verda, også for henne.

Les meir om arbeidet i Japan her:  Japan - Norsk Luthersk Misjonssamband


Monday, November 4, 2024

Første fjelltur

Endeleg har eg kome meg litt ut på tur. Laurdag var det regn heile dagen, og godt innevêr til å pakke ut resten av kassene og henge opp litt bilete på veggane. I går kveld hadde eg mine første gjestar som ikkje var her for å lære noko, men berre for å drikke te og prate. Eg inviterte to damer som ikkje hadde sett kvarandre på omtrent 10 år! 

Eg har prøvd fleire gonger å finne nokon til å gå på fjelltur ilag med, men i dag bestemte eg meg for å gå åleine. Sidan det er offentleg fridag, rekna eg med der ville vere mange andre, også, og det stemde. Det er lenge sidan eg har sagt "konnichiwa" (goddag) til så mange ukjende japanarar.
Vêret var upåklageleg, med 22 grader og vind, og eg gjekk stort sett i skuggen av trea som enno ikkje har mist lauvet. Men fargerike lauv på stien var det også mykje av. Elles var eg veldig glad for at eg hadde med stavane frå Norge. Sjølv etter ein heil dag med sol i går, var det framleis sleipt og glatt etter alt regnet på laurdag.
Undervegs var det utsikt vestover over Matsue og Shinji-innsjøen.

 

 På veg oppover høyrde eg merkelege lydar frå skogen. Det viste seg at det var vinden som spela på bambustrea. Når dei innehola bambusstammene slår mot kvarandre, høyrest det ut som ein xylofon som spelar!

Bak meg skulle det ha vore utsikt til Daisen-fjellet i bakgrunnen, men det var for mykje skodde til det.
Men utsikta austover til innlandssjøen Nakaumi med byane Sakaiminato og Yonago i bakgrunnen var betre. Eg sende dette biletet til ei som bur Daikonshima, øya nedanfor, og fekk med ein gong spørsmål tilbake: Er du på Mt Dake?
Desse kirsebærtrea er spinkle no, men det er nydeleg her om våren når dei blomstrar. Denne turen kan eg eigentleg ta oftare. Det tok meg berre bortimot 3 timar frå eg køyrde heimanfrå, og då hadde eg ein god lunsjpause på toppen. Neste gong får eg forhåpentlegvis med turfølgje, også. 

I går var det kulturdagen i Japan, som er 3. november. Men sidan det fall på ein søndag, fekk vi ein ekstra fridag i dag. Og det var også min vanlege fridag. Og då skriv eg ikkje om arbeidet. I løpet av dagen eller tidleg i veka kjem det eit blogginnlegg frå meg på nlm.no si Japanside, så de får følgje med der. Og så kjem det eit intervju på Radio Sunnmøre truleg mot slutten av veka. Så følg med. 

Japan er månedens misjonsland i november, så går du i ei forsamling der du får misjonsinfo, får du nok høyre meir frå Japan. Du kan også sjølv gå inn på nlm.no og lese meir. Ein fin video ligg der, også. https://www.nlm.no/bidra-i-arbeidet/innsamlinger/manedens-misjonsfelt/