Sunday, October 27, 2024
No er eg i gong
No har eg kome meg såpass i orden i leiligheita i Matsue at eg tek meg tid til litt turar i området, også. I omtrent 10 minutts gangavstand har eg den over 400 år gamle borga, Matsue Castle, med ein fin park og båtar som går på kanalen rundt borga.
Forrige helg hadde vi misjonærsamling på Hiruzen i bortimot norsk hausttemperatur. Første dagen med regn og vind, men neste dag med blå himmel og strålande sol.
Sjå på denne gjengen som var samla på Hiruzen! Misjonærflokken er med på å halde oppe talet på fødslar i Japan, som elles i landet er synkande. Kan seie det var livleg og høgt lydnivå til tider, men kjekt at vi har så mange unge familiar her!
På samlinga var vi misjonærar både frå Norge, Finland, Island, Australia og Japan.
(Foto: David Thorsen)
Det er ganske stille i området her sjølv om blokka ligg ganske nær vegen. Men på framsida går det ein kanal, og der er det vanlegvis lite trafikk. Ein dag eg sat og førebudde preike, høyrde eg kvekk og flaksing frå nokre ender. Då eg såg ut, gleid det ein båt stille forbi. Så litt underhaldning har eg sjølv om eg ikkje har TV. Men no når eg endeleg har fått installert og kopla meg på internett i leiligheita, har eg tre skjermar eg kan sjå på (mobil, nettbrett og datamaskin), så det skal halde.
Etter at i dag hadde halde mi første japanske preike på 4 år, tok eg med lunsjen til parken, der eg skulle møte ei veninne. Men før vi fann kvarandre, møtte eg på denne karen. Eg fortalde han at eg har bilete av oss også for fleire år sidan.
Her oppe var det misjonærane ilag med nokre japanske kristne for nærare 75 år sidan stod og såg utover byen og bad til Gud ilag. Resultatet var at dei starta opp arbeid i Matsue. Etter nokre år utvida dei til Arashima. I dag vart eg fortalt at det er 70 år sidan misjonærane starta husmøte i Arashima, og 60 år sidan kyrkja vart bygd. Så Arashima kyrkje og eg er jamgamle. Eg spurde dei kven som ser gamlast ut. Eg fekk ikkje svar, men eg reknar med dei synest at kyrkja ser gamlare ut enn meg!
Fredag hadde vi første Bible Club på nærare fire år, og eg hadde mine første gjestar her. Det tek litt tid å bygge opp igjen ei ny gruppe studentar, for dei eg kjende og som kjende meg, er ferdige ved universitetet og har flytta. Men gjennom Carmella og Scott får eg nye kontakter. Dei hadde invitert over 20 studentar, men denne gongen var det berre ei som kunne komme. Det såg ut som ho likte seg ilag med så mange utlendingar. David Thorsen er misjonær i nabonabobyen Yonago. Eittåring Jan David Selstø har vore med familien Thorsen og sett på arbeidet i Yonago desse dagane etter vi var på Hiruzen. Det var fint å ha dei med her på fredagskvelden.
Dei neste dagane blir det også fleire bibelgrupper. Måndag er vanlegvis fridag for oss som jobbar i kyrkje og misjon, men sidan eg har tilgang til parkeringsplass på måndagar, prøver eg å ha bibelklasse måndag føremiddag og heller ta ein halv dag fri seinare i veka. To som har vore med før i denne engelske bibelklassa, har invitert med seg nokre veninner, så i morgon reknar eg med at det kjem tre nye. Spennande!
Og på tirsdag skal eg til Nima og starte opp att engelsk bibelklasse der, også. I begge gruppene skal vi starte eit opplegg om Josef og brørne hans.
Du som ber, kan gjerne hugse på desse gruppene, at vi får kontakt med fleire studentar, og at dei nye som kjem, får lyst til å fortsetje.
Sunday, October 6, 2024
Innsetjingsseremoni med besøk av sjefen
No er eg endeleg godkjent som misjonær for Arashima kyrkje. Det har tatt si tid å få det til å passe for presten, som har ansvar for to kyrkjer og som er i Arashima fysisk berre ein søndag for månaden. Og så passa det også for stedlig representant Ole Bjarne å komme i dag for å vere med på ettermiddagsgudstenesta og det påfølgjande menighetsrådsmøtet, der vi gjekk gjennom kontrakta mellom kyrkja og misjonen og vart einige om kva slags arbeidsoppgåver eg skal ha. Det ser ut til å bli nok. Men fint også å merke omsorga for meg, at eg må ta vare på meg sjølv og helsa mi.
Og det gjorde eg litt med i dag, med å starte dagen med å vere med på den årlege helsetrimmen i nabolaget.
(Grunnen til at vi har munnbind i kyrkja, er at det i Arashima framleis er frykt for å smitte andre. Eg vart fortalt etterpå i dag at vi ikkje er nødt til å bruke munnbind anna enn når vi syng. Men det er når eg syng at brillene doggar mest...)
Kl. 8.30 var det registrering, og så ein opningsseremoni kl 9, med helsing frå fleire viktige personar, m.a. ordføraren.
Og så var det bøy og tøy-oppvarming til musikk, før vi fordelte oss på tre ruter: 3 km, 4 km eller 7 km. Eg hadde valt den kortaste for å vere sikker på at eg rakk å dusje og gjere meg klar til gudstenesta.
Det var mange barnefamiliar på denne turen. Eg hadde håpa å komme i prat med nokre, men dei fekk iallfall sjå meg, og så kan det vere muligheit for å treffe dei ute seinare. Men då må eg legge opp til å gå litt tur rundt omkring her også etter at eg har flytta til Matsue.
Det var god norsk sommartemperatur på rundt 25 grader i dag, men det er kanskje ikkje vanleg å sjå sommarfugl i oktober?
Under gudstenesta var det ei forbønshandling for meg, der eg måtte svare at eg ved Guds hjelp lover å utføre tenesta til Herrens ære.
Og så fekk eg eit tenestebevis underskrive av kyrkjepresidenten. Godt å sjå at eg klarte å bukke djupt nok.
Velkomstgåve frå kyrkjelyden fekk eg også. To nydelege danske kaktusar som skal lyse opp i leiligheita eg skal flytte inn i. Og det passar bra at dei ikkje treng så mykje vatn, for eg er ikkje kjend for å vere så flink til å stelle planter...(Foto: Minako Ishikura)
Og så må vi sjølvsagt ta fellesbilete når noko skal markerast. Flankert av stedlig representant og presten.
(Foto: Midori Naito. Andre foto frå kyrkja i dag er tatt av Ole Bjarne Tråsdahl)
Etter gudstenesta var det møte med menighetsrådet.Så no er eg i gong på rett. Eg har tatt på meg fleire preikeoppdrag framover mot jul, og vi skal prøve å starte opp igjen bønnemøta og kvinneforeininga som har vore i dvale nokre år. Og eg går framleis med planar om å starte babysong, og det har eg ikkje lyst til å vente altfor lenge med.
I går hadde vi forresten ei veldig kjekk samling med nokre jenter som er blitt ungdommar sidan sist eg var her. Desse vil eg prøve å gjere meir for. I går brukte vi opp tida til å lage mat og ete, men etter kvart vil eg prøve å få til noko bibelstudium for dei.
Når eg har kome meg i orden i leiligheita, skal eg invitere dei på ferske vafler.
I morgon kjem flyttelasset mitt frå lageret på Hiruzen til leilegheita i Matsue. Det blir spennande å opne kasser og sjå kva eg eigentleg har. Og så er eg veldig spent på korleis sengkleda luktar...
Subscribe to:
Posts (Atom)