Saturday, March 12, 2011

Dagen derpå

Det er blitt laurdag kveld i Japan. I dag har brukt mange timar framfor PCen, til å sjå nyheiter på internett og ta imot/gi meldingar til venner i Norge. Samtidig har eg radioen på og høyrer nyheiter på japansk. Eg har nettopp vore inne på Vårt Land si side og sett nokre biletseriar om tilstanden etter jordskjelvet og flodbølgjene i går. Det som gjorde sterkast inntrykk, var biletet ifrå ein skule som var gjort om til eit likhus... Og på eit tak var det skrive "SOS! Vi kjem oss ikkje ut!" Der er folk som lever og som treng hjelp.

Over bileta, øverst på Vårt Land si side, står dagens Bibelvers:
"Mine kjære, la oss elske, ikke med tomme ord, men i gjerning og sannhet." 1 Joh 3, 18

Og her sit eg. Kva kan eg gjere? Be, ja. Og oppfordre andre til å be.
Situasjonen for to atomkraftverk i Fukushima er usikker. Mange er evakuerte, og området for dei som må evakuere, er blitt utvida frå 3 km til 10 km, og no til 20 km frå det eine atomkraftverket og 10 km frå det andre.

Fleire har lurt på kor langt unna eg bur. På kartet nedanfor kan du sjå litt av avstanden. Eg bur omtrent midt i Shimane fylke (oransje felt ved Japanhavet, nr 37), så det er langt til Tokyo. Klikk på kartet for å få rett storleik. 1 cm tilsvarer 20 mil.



No talar statsministeren på pressekonferanse overført på radio. Han oppfordrar til at flest mogleg menneskeliv må bli redda. Dessutan er det stort behov for mat, vatn og ullteppe mm.

Det vart ein litt spesiell Bible Club i går på grunn av dei sjokkerande nyheitene. Men her går likevel livet omtrent som normalt. Ein av dei koreanske gutane var litt nedfor fordi kjærasten hadde avlyst turen frå Korea, og ei jente uttrykte at ho var redd for å bli åleine om kvelden.

Det var avskjed for Ryoko i går. Ho hadde bestilt norsk middag, og det fekk ho, som takk for alle gongene ho har laga mat for Bible Club. Berre det å renske poteter var spennande for dei.




Medan ungdommane gjorde seg ferdig med middagen, rakk eg å sjekke mail og Facebook og sende nokre meldingar heim til Norge og fortelje at alt var bra.
Så hadde vi bibelstudium utifrå Jes. 53. Det var ikkje så lett for dei å forstå ein GT-profeti, men dei var samde om at den lidande personen måtte peike på Jesus:

"Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom. Vi fór alle vilt som sauer, vi vende oss kvar til sin veg. Men Herren lét råka han det vi alle var skuld i." Jes. 53, 5-6
Neste veke går vi inn i evangelietekstane for å sjå kva som eigentleg skjedde.


Endeleg hadde Erika også tid til å vere ilag med oss. Ho er snart ferdig med 2. året på vidaregåande, men har hatt det veldig travelt med lekser og prøver. No ser ho fram til vårferie.
Å få risen servert med krem og jordbær, var nytt for alle. Nokre litt skeptiske, andre likte det betre.

Eg visste iallfall at Ryoko er glad i jordbær.


Ryoko takkar for seg. På Bible Club har ho fått mange venner, og ho har lært mykje ifrå Bibelen, seier ho. No skal ho til Osaka for å studere meir.


Dei som var samla i går. Ryoko reiser på ei vekes tur til Taiwan, men seier ho vil prøve å kome innom når ho kjem tilbake på neste fredag kveld. Så det blir kanskje ein sjanse til å ta farvel med henne.

- Før de legg dykk, må de passe på at ingenting kan falle over dykk, sa eg formanande før ungdommane gjekk heim til hybelen.
- Og så må de be til Gud! la eg til.

Det håper eg iallfall dei har lært på Bible Club, at det går an å be.

3 comments:

  1. Godt å høyre frå deg på denne måten. SO lurte på kvar du var, om du var i Japan akkurat no.
    Det er rystande å lese om alt som skjer der nede. Uverkeleg!
    Gud vere deg og alle der nede!
    klem

    ReplyDelete
  2. Ja, jordskjelv er bokstaveleg talt RYSTANDE! Godt å vere i Guds hender uansett kva som skjer. Det tragiske i det tragiske er at dei aller fleste omkomne ikkje kjende Jesus...

    ReplyDelete
  3. Godt å lese bloggen fra bibelgruppa. Du har i alle fall sådd i disse sine hjerter og så får vi be om at det du har sådd får vokse. Ja, det tragiske er at det er mange som omkom uten å kjenne Jesus. Det tenner oss til fortsatt å være med.. Takk Inger for det du gir oss her hjemme gjennom bloggen din. Masse informasjon på nyhetene i dag, mange drepte, men godt å se at noen i det ramma området der store bølger tok hus etc. står på taket og vinker. Godt å høre at faren er over i kjernekraftverket!
    I dag har det sludda og det er 2 grader her i Furmyra. Traff Svein Lars Ringstad og kona på butikken i dag. Alt vel der. Marie

    ReplyDelete