Humøret svingar visst like mykje som temperaturane for tida. For å pynte på eit litt negativt innhald, puttar eg nokre fine haustblomster innimellom :)
Eg kom att frå Nima idag, ganske optimistisk. No skulle eg endeleg få gjere klart programmet for leiren eg har skrive om tidlegare, og få sendt ut til kyrkjene. Eg har allereie stressa med dette ei stund, så det skulle bli godt å få alt ferdig. Det einaste, og eigentleg viktigaste, eg ikkje hadde fått heilt på plass, var talar til leiren. Han som på laurdag hadde sagt "det går sikkert bra", melde idag at det går ikkje så bra, og at han i tilfelle kunne vere med berre laurdag kveld. Så kva skal eg gjere, då? Ta alle andaktene åleine? Eg starta for seint med planleggjinga, det var éin ting. Og så måtte vi av ulike årsaker flytte ei helg, så han som i utgangspunktet skulle vere der ilag med meg, kunne ikkje likevel.
Den helga vi landa på, 1.-2. november, klaffa også godt med besøk frå Norge. To elevar frå Vestborg vgs og to frå Lundeneset vgs kjem akkurat rundt den tida for å sjå på barne-og ungdomsarbeid og mediearbeid, og då hadde det vore fint om dei fekk vere med på ein leir. Så det er éin grunn til at eg har halde på desse dagane.
Men no trengde eg nokon å rådføre meg med. Prest og rådgjevar Ishimaru i Arashima svarte ganske fort på e-post, og det samme gjorde Gunnar Urstad på NLM-kontoret. Omtrent annankvar gong skreiv eg tilbake på japansk og norsk, og fekk råd ifrå begge at det ser ut som om det er best å avlyse for denne gong, og heller satse betre på planlegging ein annan gong. Og i staden kan vi lage eit opplegg med elevane frå Norge og studentane her i Matsue den helga. Då kan vi kanskje få samle fleire enn dei tre som har sagt dei ville vere med på leiren.
Sjølvsagt vart eg skuffa, og opplevde det som eit personleg nederlag at eg ikkje klarte å gjennomføre det eg hadde planlagt, men det er ikkje alt som går etter planen. Men når eg endeleg kom til det punktet at dette må leggast på hylla, var det eigentleg frigjerande. Så kan eg iallfall slutte å stresse med dette, og heller konsentrere meg om andre ting. Og eg trur det kan bli ei kjekk helg i Matsue. Men eg er spent på kva slags elevar eg får her. Uansett blir det kjekt å få besøk frå skulen "min", Vestborg. Så bra at russen har valt prosjekt for Japan! Så eg ville no gjerne vise dei litt av kva vi "får til" her. Men det er kanskje også viktig at dei får sjå kva vi strevar med å få til, som t.d. leirarbeid for ungdom.
No har eg utfordra dei tre jentene herifrå som skulle vere med på leir, til å tenkje på eit opplegg for "heimeleiren". Kanskje det ikkje er så dumt å gi dei litt ansvar?
Det er mykje som ikkje går slik som eg håper og tenkjer. Og det er ikkje alltid så lett å tenkje nytt. Men det er vel noko i dette: "Når Gud stengjer ei dør, opnar han eit vindauge."
Desse kosmosblomstrane ser eg kvar gong eg tek meg ein joggetur. Det er godt med litt som lyser opp i kvardagen.
Kommentarar og tilbakemelding på blogg er også oppmuntringar i ein på mange måtar einsam kvardag. Takk til deg som ber, også, og som har bedt for denne leiren. Det ser ut som om svaret blir annleis enn det vi hadde tenkt, men ikkje dermed mislukka. Kanskje tvert imot?
Til slutt nokre glimt ifrå kvelden i går, med åtte ivrige damer på engelsk bibelklasse i Nima.
Dei gjekk inn med liv og lyst og dramatiserte forteljinga om dei fire mennene som bar den lamme vennen sin til Jesus. I mangel på madrass brukte dei ein stol, og dei gjekk inn døra istaden for å bryte hol i taket. "Son, syndene dine er tilgjevne," seier Jesus til den lamme.
Dei skriftlærde likte ikkje det Jesus sa.
Dei tenkte i hjartet: "Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin - det er Gud?"
Men Jesus seier:
"Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder, så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!"
Eg håper at dei som var med i går, kan hugse desse orda når dei får bruk for dei. Vi snakka litt om skilnaden på "sin" og "crime", og "sinner" og "criminal". På japansk er ordet for synd ofte oppfatta som kriminalitet. Men dei verka samde i at vi alle er syndarar sjølv om vi ikkje er kriminelle.
No comments:
Post a Comment