Biletet ovanfor viser korleis det ser ut langs hovudgata nedover her. Som vi ser, er det haustfargane som har kome. Men eg høyrer ifrå Norge at rodudendroen (uff, for eit vanskeleg ord!) blomstrar for andre gong i år, og idag kom eg også over eit merkeleg fenomen her. Er det blitt vår igjen?
Desse trea blomstrar vanlegvis i februar-mars. Likevel, tyfonane som kjem på rekkje og rad, fortel at det er haust. Super-tyfon Vongfong er på veg oppover Okinawa-øyane, og vil nok etterkvart gå nordover i landet. Her vest ved Japanhavet er vi ikkje mest utsett, men det er meldt regn på måndag og sterk vind natt til tirsdag.
Måndag 13. oktober er offentleg fridag. I Kobe har Aobaen barnehage planlagt sportsdag. Men sjølv om det skal vere innandørs, er det fare for at den må avlysast dersom tyfonen kjem den dagen. Då blir folk advart mot å gå ut i det heile tatt.
I Arashima kyrkje er det planlagt basar samme dag. Det er tradisjon. Men no fryktar dei at regnet kjem og gjer det vanskeleg å gjennomføre. Når det er mykje folk, er det ikkje plass inne, så dei har brukt å ha kafé ute. No er dei spente på korleis det går denne dagen. Dette er den dagen i året at det er kø utanfor kyrkja før dei opnar. Dei heimelaga kakene er veldig populære og forsvinn ganske fort!
Tidlegare var det 10. oktober som var den offentlege sportsdagen, til minne om det første sommar-OL i Tokyo for nøyaktig 50 år sidan. Men japanarane liker å ha samanhengande fri, så denne dagen er dei seinare åra blitt lagt til andre måndag i oktober. Også fleire offentlege fridagar er flytta på samme måte. Dermed fell dei fleste raude fridagar saman med min fridag som allereie er på måndag...
Både i går og i dag har eg hatt lunsj på verandaen, i sol og 24-26 grader. Må nyte sommaren så lenge han varer...
I gårkveld var vi 13 personar på Bible Club. Det vart nok middag, men ingen restar, bortsett frå ein klatt med ris.
Her ser du flokken litt nærare:Ein av gutane skreiv etterpå i loggboka: "Idag forstod eg skilnaden på Gud og religion." Eg er spent på å høyre nærare kva han meiner. Sidan vi deler opp i grupper når vi er så mange, får eg ikkje med meg alt som blir sagt.
I går var teksten om Paulus som møtte kallet frå Makedonia, og vart kasta i fengsel i Filippi, men som fekk vise fangevaktaren og familien hans vegen til frelse. På gruppa mi fortalde eg at grunnen til at NLM starta arbeid i Japan, også handla om eit "Makedonia-kall". Gabriel Eikli hadde møtt ein japanar i Manshuria, pastor Yada, som kom frå nabobyen til Matsue. Etter at familien Eikli var komne tilbake til Norge, etter krigen, fekk Eikli brev ifrå pastor Yada: "Kom over til Japan og hjelp oss!"
Slik starta det, og Eikli var villig, sjølv om NLM ikkje hadde noko vedtak på å starte opp. Eikli tok vegen om USA og fekk støtte av nokre misjonsvenner der.
I morgon skal eg vere i Izumo kyrkje klokka 9, og må køyre heimanfrå klokka 8 for å rekke søndagsskulen. Så det er kanskje ikkje så dumt å avslutte kvelden litt tidleg.
Då vil eg ønskje alle ei god helg, med samlingar om Guds ord både i kyrkje og bedehus.
Takk at din kirke aldri sover!
Mens jorden ruller uten stans,
ditt folk i vekselsang deg lover
for nattens ro og dagens glans.
Se, over land og hav og øyer
en dag går fram i ubrutt ring,
og folkene på rad seg bøyer
i takk for alltid nye ting.
NoS 818, v. 2 og 3
Berre innom med ein nattaklem :-)
ReplyDeletemen kanskje det er dag hjå deg ? ;-)
Fint å lese om både gleder og om utfordringar.
Alt godt frå Sigrid
Det var iallfall blitt dag då eg opna mail og las helsinga. Kjekt uansett når på døgnet eg får det.
DeleteDet blir ei spennande helg, med Bible Club i kveld, bibelstudie og gospeløving i morgon, preike på japansk på føremiddag søndag og på engelsk på kveldsgudstenesta. Be om at mange studentar kjem sjølv om Carmella og Scott ikkje er her eit par veker. Dei er i Vietnam på research.