Sunday, October 27, 2024
No er eg i gong
No har eg kome meg såpass i orden i leiligheita i Matsue at eg tek meg tid til litt turar i området, også. I omtrent 10 minutts gangavstand har eg den over 400 år gamle borga, Matsue Castle, med ein fin park og båtar som går på kanalen rundt borga.
Forrige helg hadde vi misjonærsamling på Hiruzen i bortimot norsk hausttemperatur. Første dagen med regn og vind, men neste dag med blå himmel og strålande sol.
Sjå på denne gjengen som var samla på Hiruzen! Misjonærflokken er med på å halde oppe talet på fødslar i Japan, som elles i landet er synkande. Kan seie det var livleg og høgt lydnivå til tider, men kjekt at vi har så mange unge familiar her!
På samlinga var vi misjonærar både frå Norge, Finland, Island, Australia og Japan.
(Foto: David Thorsen)
Det er ganske stille i området her sjølv om blokka ligg ganske nær vegen. Men på framsida går det ein kanal, og der er det vanlegvis lite trafikk. Ein dag eg sat og førebudde preike, høyrde eg kvekk og flaksing frå nokre ender. Då eg såg ut, gleid det ein båt stille forbi. Så litt underhaldning har eg sjølv om eg ikkje har TV. Men no når eg endeleg har fått installert og kopla meg på internett i leiligheita, har eg tre skjermar eg kan sjå på (mobil, nettbrett og datamaskin), så det skal halde.
Etter at i dag hadde halde mi første japanske preike på 4 år, tok eg med lunsjen til parken, der eg skulle møte ei veninne. Men før vi fann kvarandre, møtte eg på denne karen. Eg fortalde han at eg har bilete av oss også for fleire år sidan.
Her oppe var det misjonærane ilag med nokre japanske kristne for nærare 75 år sidan stod og såg utover byen og bad til Gud ilag. Resultatet var at dei starta opp arbeid i Matsue. Etter nokre år utvida dei til Arashima. I dag vart eg fortalt at det er 70 år sidan misjonærane starta husmøte i Arashima, og 60 år sidan kyrkja vart bygd. Så Arashima kyrkje og eg er jamgamle. Eg spurde dei kven som ser gamlast ut. Eg fekk ikkje svar, men eg reknar med dei synest at kyrkja ser gamlare ut enn meg!
Fredag hadde vi første Bible Club på nærare fire år, og eg hadde mine første gjestar her. Det tek litt tid å bygge opp igjen ei ny gruppe studentar, for dei eg kjende og som kjende meg, er ferdige ved universitetet og har flytta. Men gjennom Carmella og Scott får eg nye kontakter. Dei hadde invitert over 20 studentar, men denne gongen var det berre ei som kunne komme. Det såg ut som ho likte seg ilag med så mange utlendingar. David Thorsen er misjonær i nabonabobyen Yonago. Eittåring Jan David Selstø har vore med familien Thorsen og sett på arbeidet i Yonago desse dagane etter vi var på Hiruzen. Det var fint å ha dei med her på fredagskvelden.
Dei neste dagane blir det også fleire bibelgrupper. Måndag er vanlegvis fridag for oss som jobbar i kyrkje og misjon, men sidan eg har tilgang til parkeringsplass på måndagar, prøver eg å ha bibelklasse måndag føremiddag og heller ta ein halv dag fri seinare i veka. To som har vore med før i denne engelske bibelklassa, har invitert med seg nokre veninner, så i morgon reknar eg med at det kjem tre nye. Spennande!
Og på tirsdag skal eg til Nima og starte opp att engelsk bibelklasse der, også. I begge gruppene skal vi starte eit opplegg om Josef og brørne hans.
Du som ber, kan gjerne hugse på desse gruppene, at vi får kontakt med fleire studentar, og at dei nye som kjem, får lyst til å fortsetje.
Flott å lese om arbeidet dit. Du har jo allerede mange kontakter fra før, og nye kommer nok etter hvert. Japan og Shimane kommer så nær.
ReplyDeleteTakk for tilbakemelding! No er bloggen oppdatert med bilete av heile flokken som var på misjonærsamlinga.
DeleteDet hadde forresten vore kjekt å vite kven som gøymer seg bak den anonyme kommentaren. Send gjerne nokre ord til ingervalbo@yahoo.no