Monday, June 4, 2018

Engasjerte ungdommar


Halleluja!
          Lovsyng Gud i hans heilagdom!
          Lov han i hans mektige himmelkvelv.

         
   
 2 Lov han for hans storverk.
          Lov han for hans store velde.
         
   
 3 Lov han med gjallande horn.
          Lov han med harpe og lyre.
         
   
 4 Lov han med trommer og dans.
          Lov han med strengespel og fløyte.
         
   
 5 Lov han til tonande symbalar.
          Lov han med ljomande symbalar!
         
   
 6 Alt som har ande, skal lova Herren.
          Halleluja!

     (Salme 150)

 Eg har fått med mange medhjelparar til dei internasjonale gudstenestene. Framtil i vår har eg for det meste bestemt alt sjølv, og så funne folk til å gjennomføre "mitt" program, men det er dårleg leiartrening. Så i starten av mai inviterte eg nokre kristne ungdommar, både japanarar og utlendingar, til ein planleggingskomite. Biletet ovanfor viser dei som kom på første planleggingsmøtet.

Foto: Scott Menking
 Denne studenten frå Sør-Afrika leia gudstenesta for første gong. Ungdommane fekk også ansvar for songane, og to nye vart med i lovsongsgruppa, ei på gitar og ein på trombone. Og ei jente som har spela trompet, ville spørje mora om å sende henne instrumentet. Så dette ballar på seg. Eg håper vi klarer å organisere det slik at dei som vil, får vere med, og samtidig at vi får øve nok på samspel.
 
Foto: Scott Menking


Foto: Scott Menking
Det var fleire nye som kom på gudstenesta den 27. mai, både kristne og ikkje-kristne. I går kveld hadde vi komitemøte igjen, med evaluering og planlegging av neste gudsteneste den 17. juni.
Mi utfordring er å våge å gi ansvar, og så samle trådane. Det er fint å ha mange som vil vere med å spele instrument, men ei utfordring er framleis å ha nokon som kan vere gode forsongarar, og så hadde det vore kjekt om det dukka opp ein pianist, også.

Også på Bible Club har vi engasjerte ungdommar. Sist fredag hadde vi om den samaritanske kvinna som møtte Jesus og som forstod at Jesus var Messias. Det sette fart i henne, og ho sette igjen vasskrukka og sprang inn i byen og sa:

«Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?»  
Då gjekk dei ut av byen og kom til han. 
Joh. 4, 29-30

På videoen nedanfor kan de sjå og høyre mange samtalar mellom kvinna og Jesus:


Engasjerte ungdommar som møter opp veke etter veke for å lære meir om Bibelen og Jesus!

 I juni er Japan månedens misjonsfelt, og derfor blir det ekstra mykje Japanstoff på nlm.no og i Utsyn i løpet av juni. Det er allereie lagt ut artiklar og ein video, og denne torsdagen kjem truleg eit intervju eg har gjort med ungdommar på Bible Club. Så følg med!


 

1 comment:

  1. Du store - ditte begynne jo å se ut som et lovsangskorps!! Det har e aldri vært borte i før.

    ReplyDelete