Reisa starta i går (onsdag) føremiddag. Tre veninner møtte opp på busstasjonen for å ta avskjed.
Ha det bra, Matsue! (Foto: Ikuko Takeda)
Eit siste glimt av Matsue
Frå bussvindauget var det mykje grønt å sjå.
I Kobe var eg innom på NLM-kontoret for å ordne nokre papir og ta farvel med dei som var der.
Eg rakk også å sjekke inn med KLM og skrive ut ombordstigingskort.
Leifur Sigurdsson, som tok biletet, syntest visst eg såg litt stressa ut.
Leifur Sigurdsson og Ingebjørg Hildre vinkar meg ut av kontoret, på vegen vidare på besøk til japanske venner i Kobe og Osaka.
Siste dagane har det vore mange avskjedar. Her er nokre av dei som har sendt av garde:
Bible Club 17.6
Matsue kyrkje 19.6
Studentar i felleskyrkjekoret
Gode "naboar" i Yonago
Her viser kartet korleis eg har reist idag. Eg har faktisk vore nærare heime tidlegare i dag enn eg er no. Eg må prøve å halde meg vaken nokre timar til, sjølv om det er godt over midnatt japansk tid.
I dag startar Lærernes Misjonsforbund sitt sommarmøte på Molde. Eg skal vere med frå laurdag til måndag. I morgon må eg vere heime og sove og førebu misjonsinnslag til søndagskvelden. Så håper eg å treffe mange av dykk i løpet av sommaren og utover hausten!
Velkomen heim!
ReplyDeleteSende deg ein sms, men veit ikkje om du har same tlf.nr som sist du var i Noreg?
Hei!
ReplyDeleteEg tenkte akkurat på deg i kveld då eg gjekk tur. Eg har samme nummer som sist eg var heime, men har ikkje fått sms?
90404124