Wednesday, November 10, 2010
Frå Fjellhaug til seminaret i Kobe
- Å vere tilbake i Japan er som ein draum, seier Kari Helene og Dagfinn Solheim. Han er utsendt frå Fjellhaug for å undervise ved det teologiske seminaret (KLTS) i seks veker.
Familien Solheim kom til Japan første gong i 1972 og var tre periodar på til saman 12 år. Første periode arbeidde dei i Tamashima, andre periode i Himeji med ansvar også i Kakogawa, og tredje periode underviste Solheim på seminaret i Kobe, samtidig som han hadde ansvar i Shodoshima kyrkje. Etter at familien reiste heim i 1987, har Dagfinn vore på kortare opphald i Japan i samband med Asia-turar i Lausanne-samanheng, men det er første gong han er på lengre oppdrag her.
NLM har inngått ein avtale med Fjellhaug Misjonshøgskule der Fjellhauglærarar blir frigjorte for å undervise på misjonsfelta i ein kortare periode. Fjellhaug har mellom anna sendt lærarar til Kenya, Etiopia og Peru, men Solheim er den første som er i Japan på undervisningsoppdrag.
(Helsing i Matsue kyrkje. Foto: Makino)
Misjon og kultur
Solheim sitt spesialfelt er missiologi. Det er seminaret her i Japan som har lagt opplegget. Han underviser to av klassene på det vanlege 3-årskurset (Master of Divinity). I tillegg har han undervist på eit etterutdanningskurs der 15-16 pastorar, eldstar og andre kyrkjelydsmedlemmer var med.
Solheim fortel at han har lagt hovudvekta på strategi. Missiologien skal munne ut i korleis vi skal evangelisere i Japan – og i verdsmisjon. Solheim har også tatt opp tema han ser på som viktig:
- Eg har tatt opp det med relasjonar og om å nå ungdomskulturen. Relasjonar og forhold til konflikter ser ut til å vere viktig i japansk samanheng, så vi har brukt tid på det. Det synest også som om det å nå ungdommane ikkje har vore eit så stort tema i mange kyrkjer.
Aktuelle problemstillingar
Solheim legg også vekt på at studentane skal få kome med sine spørsmål frå den kvardagen dei lever i.
Døme på problemstillingar dei sjølve har tatt fram, er situasjonen for kristne familiar med born som er med på aktivitetar, tilpasning til japanske skikkar, forhold til alkohol, kor japanske ein skal vere, og kva ein skal ta avstand frå i kulturen. Eit anna tema er korleis ein skal stille seg til karismatisk forkynning.
- Eg har lært dei metoden kritisk kontekstualisering, som går ut på at alle kulturar har det gode i skaparverket, og samtidig har alle synd. Der er ting vi må seie nei til i alle kulturar. Det som kanskje er vanskeleg i Japan, er at kristendommen av mange blir sett på som ein framand religion, så det er viktig å nærme seg kulturen i mange ytre former og vere stolt av sin eigen kultur. Men samtidig er det alltid noko ein må vere kritisk til. Vi prøver å finne tekstar i Bibelen som kan gi svar på spørsmåla, seier Solheim.
- Kva kan ein misjonær bidra med i denne samanhengen?
- Paul Hiebert, ein amerikansk kjent missiolog, snakkar om ”the third culture”, den tredje kulturen. Det er her misjonæren kjem inn. Når misjonæren over tid er saman med japanarar, blir det tid til refleksjon der misjonæren kan bidra med innspel både historisk og teologisk, men samtidig gi rom for at det er japanarane sjølve som må løyse problema og finne vegen dei skal gå, understrekar Solheim.
Gjensidig utbytte
- Eg underviser på engelsk, men eg har gode tolkar som kan faget. Dei får sagt det mykje betre enn om eg skulle finne fram uttrykkja sjølv, seier Solheim. Mykje av samtalen går likevel på japansk.
Solheim sjølv opplever at også undervisninga på Fjellhaug dreg nytte av denne utvekslinga.
- Eg føler eg kjem mykje nærare problemstillingane i missiologi. Eg får heilt konkrete problemstillingar som dei har her ute, så eg kan gjere det levande for studentane som kanskje skal ut, seier han.
Som ein draum
Å vere tilbake i Japan er som ein draum! seier Kari Helene og Dagfinn. I helgane nyttar dei sjansen til å reise rundt til fleire av kyrkjene på feltet.
- Det er kjekt å kome tilbake der vi har vore før, og spennande å kome til plassar vi ikkje har vore før. Vi kjenner mange godt. Når vi treff igjen dei som vi hadde mykje kontakt med, er det som om vi snakka med dei i går, seier dei. Kontakten er der med ein gong, sjølv etter alle desse åra.
(Foto: Makino, Matsue kyrkje)
Livssyn ikkje tabu
Kari Helene seier ho har bore på gode minne frå fellesskapet i kyrkja frå den tida dei var ute.
- Eg minnest spesielt fellesskapet etter gudstenestene. Både kristne, dei som kalla seg søkjande og dei som kanskje var inne for første gong, snakka så ope om sitt eige forhold til kristendommen. Det samme opplever eg no 23 år etterpå.
Japanarane er så opne om det som har med tru å gjere. I Norge steilar folk litt, dei har så mange motførestellingar, meiner Kari Helene.
-Ja, japanarane kan snakke ope om livssynet sitt, det er ikkje tabu, legg Dagfinn til.
Dataalderen
Sjølv om dei begge opplever det å kome tilbake til Japan som å kome til noko kjent, merkar dei også forandringar:
-Dataalderen har gjort det vanskeleg for oss. Alt er digitalisert og med japanske teikn. Både på vaskemaskina og kjøleskapet må vi trykkje på knappar og finne ut korleis det fungerer. Og så har vi ikkje lese japansk desse åra. Vi har berre snakka og høyrt. Difor kjenner vi ikkje igjen teikna. Trykkjer du feil, fungerer det ikkje. Ting var enklare før. No er det meste digitalisert, sukkar dei.
Men dei har også nytte av den nye teknologien. Barnebarna vinkar til dei frå dataskjermen, og Dagfinn er flink til å oppdatere Facebooksida si med bilete og rapportar.
Japansk mat og varme kjelder
- Vi kosar oss med den japanske maten, smiler Kari Helene.
- Vi et nesten berre japansk mat!
- Og så fekk ein ny sommar her, tilføyer Dagfinn. - Vi som trudde vi kom til ein kjølig haust. Det var fantastisk å få ein månad med sol og sommarvarme etter at vinteren var komen i Norge!
No gler dei seg til å ”koke” seg i varme kjelder før dei reiser heim til kalde Norge i slutten av november.
No comments:
Post a Comment